Bakgrunnen for Vestmannen
Vestmannalaget hev teke på seg å vera utgjevar av eit nytt månadsblad, "Vestmannen". Det skal koma med fyrste nummeret no i mars. Me reknar dette for ei sers gledeleg hending. Bladet skal vera talsmann for Vestmannasynet på målreising og måldyrking. Det skal skrivast på klassisk nynorsk, men det skal sjølvsagt gjeva rom for meiningsbrytingar.
Publisert: 20060118 sambandet.no
Vestmannen - litt bladsoga for leselystne
Vestmannen hev no gjenge i 15 år, og det kann høva å sjå seg attende. Dette tilbakeblikket er ikkje meint å vera nokon autoritativ gjenomgang. Men det kann vera ein høveleg introduksjon til bladsoga.
Publisert: 20060118 Lars Bjarne Marøy
Bladstyrarskifte - Jostein Krokvik gjeng av
Av helsegrunnar av Jostein Krokvik vorte nøydd til å trekkja seg attende frå bladstyrarkrakken. Bladstyret i Vestmannen hev dryft stoda, og me ynskjer at bladet held fram. Det er i skrivande stund ikkje fastlagd kva fylgjor eit bladstyrarskifte vil få. Mangt ved bladdrifti må vurderast på nytt.
Publisert: 20060118 Lars Bjarne Marøy
Årsmelding for Vestmannalaget 1991-1992
På årsmøtet 14. mars 1991 sa Ludvig Jerdal frå seg formannsumbodet etter 40-års formannstid i laget. Varaformannen, Leidulv Hundvin, vart vald til ny formann, og i stjorni elles vart deosse attvalde: Ingerd Hirth, Arne Holm og Sveinung Ones. Gunnar Gilberg, som hadde vore fyrste varamann, vart vald til ny medlem i stjorni.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding for Vestmannalaget 1993-1994
På årsmøtet 18. mars 1993 vart Leidulv Hundvin attvald til formann. Ingerd Hirth og Arne Holm hadde båe bede seg fri for attval, og stjorni er no slik: Gunnar Gilberg, varaformann, Lars Bjarne Marøy (ny), skrivar, Sveinung Ones og Finn Vabø (ny).
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding for Vestmannalaget 1994-1995
På årsmøtet den 17. mars 1994 vart Leidulv Hundvin attvald til formann, og det same vart ogso dei andre medlemene i stjorni. Gunnar Gilberg er varaformann, Lars Bjarne Marøy skrivar, Sveinung Ones og Finn Vabø stjornarmenn.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding for Vestmannalaget 1995-1996
På årsmøtet den 16. mars vart Leidulv Hundvin attvald til formann. I stjorni hadde Sveinung Ones bede seg fri og Bjarne Storheim vart vald i hans stad.Alle dei andre vart attvalde, og Gunnar Gilberg er nestformann, Lars Bjarne Marøy, skrivar, Finn Vabø og Bjarne Storheim stjornarmenn. Kassastyrar er som tidlegare Tørris Sørheim.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding 1996-1997
På årsmøtet den 14. mars vart Leidulv Hundvin attvald til formann. I stjorni hadde ingen bede seg fri. samansetnaden ser slik ut: Gunnar Gilberg nestformann, Lars Bjarne Marøy, skrivar, Finn Vabø og Bjarne Storheim stjornarmenn. Kassastyrar er som tidlegare Tørris Sørheim.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding for Vestmannalaget 1997-1998
På årsmøtet den 13 mars vart Leidulv Hundvin attvald til formann. Gunnar Gilberg hadde bede seg fri, og Bjørn Tormod Ringdal kom inn i hans stad, og samansetnaden ser slik ut: Bjarne Storheim nestformann, Lars Bjarne Marøy, skrivar, Finn Vabø og Bjørn Tormod Ringdal stjornarmenn utan umbod. Kassastyrar hev ogso for dette året vore Tørris Sørheim.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding for Vestmannalaget 1998-1999
På årsmøtet den 16 april vart Leidulv Hundvin attvald til formann. Ingen i stjorni hadde bede seg fri, so alle vart attvalde, og samansetnaden ser slik ut: Lars Bjarne Marøy, nestformann, Bjarne Storheim, kassastyrar, Finn Vabø og Bjørn Tormod Ringdal stjornarmenn utan umbod. Tørris Sørheim, som hev vore kassastyrar dei siste fem åri, styrde dette umbodet til ut på hausten -98.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Årsmelding for Vestmannalaget mars 1999 - februar 2000
I god tid fyrr årsmøtet i 1999 sa Leidulv Hundvin frå seg attvald til stjorni i Vestmannalaget. Hundvin hadde då vore formann i 8 år. På årsmøte den 18 mars 1999 vart Lars Bjarne Marøy vald til ny formann etter Hundvin. På det framhaldande årsmøtet i april fekk Hundvin blomar og ein neverlur frå stjorni fyrr han formelt gjekk av og yverlét umbodet til Marøy.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Notat som gjeld årsmelding for Vestmannalaget 2001-2002
Stjorni nekta å etterkoma
mitt ynske um å få protokollmerknad til årsmeldingi, difor ser eg meg nøydd til
å senda dette brevet. Vestmannen hev vore eit sers viktig blad for mange langt
ut yver Vestmannalaget. Eg hev dei siste tvo åri arbeidt med å redigera og
gjeva ut Vestmannen. Eg meiner at stjorni framsteller mi rolla i arbeidet med
Vestmannen på ein ufullkomen måte.
Publisert: 20060115 Lars Bjarne Marøy
Upprit frå årsmøtet i Vestmannalaget 28. april 2001
Formannen innleidde møtet med ei tala der
han greidde ut um tilstandet i laget og um arbeidet i stjorni i arbeidsbolken.
Han sagde at lagsfolket no måtte taka stoda til um laget skulde driva
målreising eller um laget skulde vera ein koseklubb.
Publisert: 20060115 sambandet.no
Skal Noregs eldste mållag arbeida for målreising?
Vestmannalaget er eitt av lokallagi i Ivar Aasen-sambandet, den landsfemnande samskipnaden som arbeider for hevdvunnen norsk. Etter vedtaki på årsmøtet 14. mars spyrst det um ikkje laget bør tenkja gjenom medlemsskapen sin.
Publisert: 20040720 Klaus Johan Myrvoll
Kva tenkjer Askeland og Bondevik?
Eg vil strika under at eg ikkje hev kome med nokor skulding mot Jon Askeland og Jo Gjerstad for det arbeidet dei hev gjort ”for norsk målsak og byggjande kulturarbeid”. Men eg hev peika på at det er uheldigt at folk sit på båe sidor av bordet.
Publisert: 20040720 Klaus Johan Myrvoll
Målsak meir enn tradisjonar
I Dag og Tid 6. april hev Jon Askeland eit innlegg der han forsvarar den lina som Vestmannalaget hev lagt seg på den seinste tidi. Askeland kjem med fåe svar på dei innvendingarne eg kom med i innlegget mitt 23. mars, men skriv mykje um tradisjonarne i Vestmannalaget.
Publisert: 20040720 Klaus Johan Myrvoll
Vestmannen er stogga - brev til tingarane
Dette brevet vart sendt åt Vestmannen-tingarane 11. februar 2002.
Publisert: 20040720 Lars Bjarne Marøy
Notat um Vestmannen
Dette notatet var vedlegg til brevet åt Vestmannen-tingarane 11. februar 2002.
Publisert: 20040720 Lars Bjarne Marøy Artikkelindeks
|