YMIST

Notat som gjeld årsmelding for Vestmannalaget 2001-2002

  • Stjorni nekta å etterkoma mitt ynske um å få protokollmerknad til årsmeldingi, difor ser eg meg nøydd til å senda dette brevet. Vestmannen hev vore eit sers viktig blad for mange langt ut yver Vestmannalaget. Eg hev dei siste tvo åri arbeidt med å redigera og gjeva ut Vestmannen. Eg meiner at stjorni framsteller mi rolla i arbeidet med Vestmannen på ein ufullkomen måte.

  • Grunnlaget for mitt arbeid hev vore at Vestmannen hev vorte styrd i samsvar med instruksen i arbeidsavtale millom bladstyraren og stjorni av 4. september 2000,  vedtak frå 12. oktober 2000 der bladstyraren vart sett til å vera konstituert forretningsførar og frå desember 2000 med heimel i budsjett som vart vedteke av stjorni. Stjorni ved formann Jon Askeland i Vestmannalaget vende seg ikkje på noko tidspunkt frå april til 19. oktober 2001 til bladstyraren med spursmål um bladdrifti. Fyrst 15. november 2001 kom det ein formell fyrespurnad um drifti. Stjorni hev ikkje gjort noko tildriv til å få til handfaste dryftingar kring arbeidstilhøvet, og dei avgjerdene som stjorni i Vestmannalaget sjølv hadde sett upp. Stjorni hev ikkje ytra konkret kritikk mot den måten Vestmannen hev vorte driven på. Ho hev berre vist til kritikk som hev kome frå andre.
  • Ein må segja seg leid for at formann Jon Askeland ikkje var i stand til å leggja fram rekneskapen for Vestmannen på ein formelt korrekt måte på lagsmøtet i september og at rekneskapen for Vestmannen soleis måtte upp på eit nytt lagsmøte. Etter det eg skynar var det på nyo kluss med rekneskapen i oktober og formann Askeland la ikkje rekneskapen fram endeleg fyrr på lagsmøte 15. november stend det i årsmeldingi. Eg hev ikkje ført rekneskapen for Vestmannen og meiner at eg ikkje kann lastast for dei vandemål som hev ovra seg. Eg yvertok fyrst formelt rolla som forretningsførar i november 2000, fyrr det var det Jostein Krokvik som styrde med forretningsførsla.
  • I brev av 15. november bad stjorni um å få svar på eit notat frå Ludv. Jerdal og svar på spursmål um økonomien til Vestmannen. Bladstyraren kunde ikkje svara på dette av di økonomipapiri til bladet låg i heimen hans i Bergen, medan han sjølv då var busett på Kongsvinger. Då bladstyraren var heime i Bergen i slutten av desember svara han fyre årsskiftet på notatet frå Ludv. Jerdal som han fekk tilsendt i slutten av oktober 2001. Bladstyraren la òg fram svar på spursmåli um den økonomiske stoda for Vestmannen. Dette let formann Askeland vera å trekkja fram i årsmeldingi. Han tek heller ikkje upp at bladstyraren i tvo lange brev gjorde greide for korleis han såg på stoda for Vestmannen. Bladstyraren freista på denne måten å føra skriftlege dryftingar med formann Askeland um framtidi åt Vestmannen og bladstyraren si tilknyting til bladet, men formann Askeland nekta å diskutera innspeli frå bladstyraren. Då var det ikkje grunnlag for noko møte millom partane.
  •   3.desember gjorde stjorni Vestmannalaget vedtak um å løysa Lars Bjarne Marøy frå umbodet som bladstyrar for Vestmannen. Det er fullvisst at formannen i Vestmannalaget anten var klår yver eller skulde ha vore klår yver at det låg fyre arbeidskontrakt millom stjorni og bladstyraren og at denne kontrakten forplikta stjorni andsynes arbeidsmiljølovi.  Serleg av di det kjem klårt fram i brev frå Ludv. Jerdal til Jon Askeland av 12. oktober at det er tale um eit arbeidstilhøve millom stjorni og Marøy. Det same kjem fram i eit brev frå Jostein Krokvik til Jon Askeland av 5. oktober. Dette brevet hev inntil nyleg vore ukjent for bladstyraren. Formannen visste eller skulde soleis ha visst at vedtaket som stjorni gjorde 3. desember ikkje var juridisk dekkjande. Når formann Askeland fyrst i januar vil fylgja arbeidsmiljølovi, må ein spyrja seg um grunnane til dette umskiftet. Det er fyrst på stjornarmøte i Vestmannalaget 11. januar at han legg fram arbeidskontrakten med bladstyraren..Denne skulde ha vore framlagd 3. desember. Fyrst 24. januar gjekk stjorni til uppsegjing frå 1. februar. Uppsegjingi var utan grunngjeving. Grunngjevingi kom fyrst 15. februar.

I millomtidi hadde formann Askeland gjort utspel for:

  1. å setja Marøy inn i eit bladstyre der andre skulde gjera hans arbeid og der Jostein Krokvik skulde vera bladstyrar. Det vil segja å gjeva Marøy avskil og samstundes ha han med i  eit bladstyre.

  2. å skifta bladstyrar Marøy ut med Jostein Krokvik. Det vilde i praksis segja å gjeva Marøy avskil, utan grunngjeving eller korrekt framgangsmåte.

  3. å setja inn Olav Torheim til ny bladstyrar. Det vil òg segja å gjeva Marøy avskil utan grunngjeving eller korrekt framgangsmåte.

  4. å skipa eit bladstyre, utan bladstyraren.
  5.   å yvertaka kontofullmakter med heimel i stjornarvedtaket av 3. desember.
  6. å stogga avtale med posten um utsending av Vestmannen.
  7. å melda frå til prenteverket um prentestogg.
  8. å senda brev til Klaus Johan Myrvoll um at grunnen til bladstyraren var uppsagd var fleire tilhøve som ikkje på nokon måte kunde knytast upp til drifti av Vestmannen. Formann Askeland la fram dette brevet etter purringar. Formann Askeland hev nekta å leggja fram annan kontakt med tridjemann um Vestmannen.
  9. å setja upp bladpengane utan å upplysa bladstyraren.
  10. å skapa uvissa kring framtidi til Vestmannen, slik at det av uråd for bladstyraren å skaffa inntekter til bladet. Formann Askeland hadde alt i november signalisert at det var på tale med ei umleggjing av bladet. Bladstyraren vil fråskriva seg andsvaret for at stjorni med disposisjonane sine minska innkomone til Vestmannen, og på den måten skapar driftsunderskot og minke i eiga til bladet.  Det segjer seg sjølv at ei slik stoda ikkje er gunstig når ein skal driva økonomistyring. Det trongst nye retningslinor og klåre signal um framtidi til bladet. Men nye retningslinor kom ikkje.

Burtsett frå utspelet for å få bladstyraren inn i eit bladstyre vart alle andre utspel gjort heilt eller delvis bak bladstyrarens rygg og utan fyrevarsel. Meldingane hev kome i ettertid. I samsvar med stjornarvedtak av 3. desember skulde ein venta at stjorni vilde koma med nærare instruksar um Vestmannen og vidare drift i 2002. Det gjorde ikkje stjorni. Ein må soleis spyrja seg kva det andsvarlege bladstyret hev tenkt um framtidi til Vestmannen. Bladstyraren hadde fyre årskiftet halde fram arbeidet med Vestmannen, og Vestmannen nr. 1/2002 var prenteferdig kring 10. januar. Bladstyraren kontakta no stjorni ved formann Askeland endå ein gong for å få klårleik i kva stjorni vilde med bladet. Han gjorde det klårt at han under alle umstende rekna det for rimeleg at han hadde tri månaders uppsegjingstid etter den avtalen han hadde med stjorni.

Formann Askeland gjorde ingenting for å klåra upp i situasjonen andsynes bladstyraren. Han heldt derimot fram med si verksemd i løynd fram til i slutten av januar.

Bladstyraren vil få understreka at han i storparten av den tidi han mottok løn frå stjorni, var arbeidslaus og utan fast inntekt. Han vil dessutan få streka under at ein stor del av løni hev gjenge burt i skatt på grunn av tilhøve som stjorni burde ha rudt upp i. Stjorni kunde på kva tidspunkt som helst fyre uppsegjingi av 1. februar 2002 ha teke upp lønsspursmålet til vurdering. Det vart aldri gjort. Bladstyraren tilbaud seg jamvel i brev av 10. januar å arbeida gratis for Vestmannen, um stjorni vilde revurdera uppsegjingi.

Det er no uvisst kva framtid Vestmannen hev. Stjorni skriv i årsmeldingi at Jostein Krokvik skal redigera eit sernummer av bladet. Det vil i praksis segja at bladstyret gjev bladstyraren avskil. Det finst ikkje grunnlag for slik avskil. Bladstyret syner her at dei er viljugt til å trekkja bladet inn i ein prosedyre og ei sak mot den sitjande bladstyraren i uppsegjingstidi. Bladstyraren hev ikkje på noko tidspunkt nytta Vestmannen til å prosedera si eigi sak og vil segja seg leid for at stjorni no vil draga striden um bladet inn i sjølve bladet. Bladstyraren vil få minna um at Vestmannen er lovtilplikta til å fylgja redaktørplakaten og dei prinsippi som ligg til grunn her. Då kann ikkje Vestmannen gjerast um til noko propagandeorgan for den eine parten i ein strid.

Det er ikkje no eit spursmål um Vestmannalaget skal øyda burt kapitalen til bladet eller ikkje. Det stjorni må segja frå um: er korleis bladet skal styrast, slik at inntektssida kann tryggjast. Alt anna vil berre skapa uvissa um framtidi til bladet og skada bladet.

Ny bladstyrar i løynd

Eg hev i ettertid vorte vis med at formann Askeland vende seg tidleg til Jostein Krokvik for samrådingar um blad-drifti. Det gjeng fram i brev av 5. oktober. Dei let då til å vera samde um at Vestmannen er i ein vanskeleg situasjon. Krokvik nyttar uttrykk som ”køyra Vestmannen i grøfti”, ”um bladet kjem levande frå vanstoda” og ”eg skynar at bladet hev vanskar no”. Kva vanskar det er tale um kjem ikkje fram.

Det er tydeleg at dei prinsipielle sidone ved at eg fekk løn hev vorte umtala millom Krokvik og Askeland, for Krokvik legg stor vekt på å dryfta denne saki og markerar tvo setningar um dette i brevet. Krokvik meiner at ein slik skipnad prinsipielt sett og reelt vil køyra Vestmannen i grøfti. Det vil segja at Askeland og Krokvik var misnøgde med at eg fekk løn for arbeidet med Vestmannen. Det hev fenge dei til å nytta uttrykk som at bladet var i ei vanstoda. Lønsspursmålet vart aldri teke upp med meg, ikkje ein gong fyre det endelege uppsegjingsbrevet av 24. januar. Når dette spursmålet vart dryft so utførleg av Krokvik, må ein rekna det for naturleg at Askeland var fullt klår yver at det låg fyre ein arbeidskontrakt som sa kva løni skulde vera.

Krokvik ser òg tydelegvis fyre seg at det kann koma upp ein kritisk situasjon for bladet. Det gjer at ein endå ein gong må spyrja seg kva planar Askeland og Krokvik lagde for framtidi. Her fylgjer utklypp frå slutten av brevet:

Skulde stoda for Vestmannen verta reint kritisk, undrast eg på um det ikkje er ein tanke å setja ned eit interimstyre (millombils arbeidsstyre) for bladstyringi. Personnamn skal eg ikkje nemna her, frårekna dei som hev vore nemnde i telefonen. Samstundes meiner eg bladtalet, vonleg fyrebils, må skjerast ned til 6 nummer i året, dvs. utgjeving annankvar månad - både av økonomiske umsyn, og fordi det lettar arbeidet med bladstyringi (ein siste utveg er å skjera ned til kvartalsblad med 4 årlege nummer, og dessutan let det seg gjera å skjera ned sidetalet).

Um gale fyrst gjeng, hev eg skyna det so at det kanskje kann trengast ny rekneskapsførar; avløysar finst vel i tilfelle. Eg lova at, dersom bladet kjem i skorfesta, eg kunde  taka på meg å føra gåvelista, som er viktug av meir enn ein grunn; men då måtte utskriftene frå girokontoret med kopi av blankettane fyrst sendast um meg (som sender dei til rekneskapsføraren etter bruk). Saki um forretningsførar med andsvar for bankkontoar, utbetalingar o.l. og andsvarleg bladstyrar, fær me tenkja på so lenge til me ser kvar det ber av.

Det kann verka sannsynleg at Jostein Krokvik var uhuga på å yvertaka bladstyrargjerningi og at framlegget til nedgang og nedskjering i bladutgjevingi hang saman med kva han sjølv kunde makta. Jostein Krokvik gjorde kring årsskiftet framlegg um Olav Torheim til ny bladstyrar for Vestmannen. Torheim fekk formell fyrespurnad frå stjorni ved formann Askeland. Denne fyrespurnaden svara Torheim positivt på 21. januar.

Jostein Krokvik hadde tydelegvis planar for korleis Torheim skulde driva bladet. Krokvik sender brev til Torheim datert 17.01.2002 (stempla 21.01.2002). I lag med dette brevet kjem ni ferduge artiklar åt Vestmannen, pluss ferdugskriven leidar, dikt, Ordtøkjet, Telefonen og eigenlysing um bladpengar. Etter leidaren å døma, underskriven Vestmannen, hev Krokvik dette synet på bakgrunnen for bladstyrarskiftet:

I august 2001 vart Lars Bjarne Marøy tilsett i lektorpost i Kongsvinger, og dette hev ført med seg stort arbeidspress. Dei fremste medhjelparane bur spreidt ikring i landet, og i denne stoda hev stjorni funne det tenleg med ei redaksjonell umleggjing.

Um framtidi for bladet kann han vidare fortelja at:

Vestmannen kjem i tidi frametter i same faret som til no, men bladet lyt diverre leggja på bladpengane. Det er lenge sidan sist. Prisen vert no kr 200 for vanlege tingarar, kr 150 for elevar og studentar. Med fyrre nummeret fylgde eit girokort, og me bed dei som skuldar bladpengar um å nytta kortet snarast råd er, gjerne med ei liti eller stor gåva attåt, um nokon hev høve til det.

Det kjem fram at Krokvik hev samla upp tilfang yver lenger tid og at han planlegg å nytta dette stoffet i komande nummer som Torheim skal redigera. Krokvik skriv:

Eg kom til at det ikkje hasta med tilfanget frå meg, sidan det måtte koma i nr. 2 eller seinare, men eg legg ved ein slump her. Eg reknar med du kanskje hev fenge/fær tilfang annan stad ifrå, og kanskje er det sumt du vil skifta ut her og der. No vil ikkje eg leggja meg burt i redigeringi, men sidan eg ikkje var heilt framand for redigering sjølv, hadde eg for ssume av stykki tenkt meg eventuell plassering i bladet. Dette hev eg skrive på utskriftene med blyant i nokre høve (på den tidi var det uklårt kven som vart bladstyrar).

So kjem Krokvik med detaljerte instruksjonar som syner at Krokvik hadde tiltenkt seg sjølv ei sentral rolla i arbeidet med Vestmannen.

Til s. 3. spissartikkel, hev eg laga eit utkast underskrive "Vestmannen" +  eit herme av Ivar Eskeland som eg meiner høver her. Eg freistar nedtona alt som hev med bladstyrarskifte å gjera. Du fær sjå på dette.

[...]
Eg kjem til å få utskriftene frå tingar-innbetalingar (Postbanken) hit, og eg hev lova stjorni å skriva gåvelista; men eg veit ikkje um umleggjingi kjem i gjenge til upplegget av nr. 2.
[...]
Returtilskrift (siste sida) no bør vera 6143 Fiskåbygd. Bladi kjem då til meg, og sidan både eg og prenteverket held til i Fiskåbygd, vert det lett å retta i registeret.

 Eg hev venta med å senda dette til eg fekk melding frå stjorni (Jon Askeland) um at alt var reide for deg på bladstyrarstolen. Ei slik melding hev eg i skrivande stund ikkje fenge, men eg sender det i veg likevel so det ikkje skal verta tidsvanskar med nr. 2. Lukka til!

Dette skriv Jostein Krokvik i brev til Olav Torheim 21. januar. Dagen etter hev han endra uppfatning. I brev frå Krokvik til Torheim dagsett 22. januar hev Krokvik vore i samtale med Jon Askeland. Planen til Askeland og Krokvik var visst openbert at det ikkje skulde koma noko Vestmannen nr. 1. Dei ottast visst for at blad-drifti innanfor den sitjande bladstyrarens funksjonstid kunde halda fram. Det vilde ikkje Krokvik vita av. Krokvik vil ikkje segja at han hev tala med Askeland. Men det verkar klårt nok at konklusjonen var klår alt på dette tidspunktet. Torheim var ikkje høvande som bladstyrar. :

Sidan det utanum all plan kom eit Vestmannen nr. 1-2002 dagsett 10. januar, venta eg ei tid med brevet dagsett 17.01. d.å., som eg sende no nyleg saman med ein del tilfang i utskrift og på diskett til eit tenkjeleg nr. 2-2002 av Vestmannen. Millom dette var eigenlysing um bladpengar og sumt anna som hev med Vestmannen å gjera.

Etter det som meir og mindre lausleg hev flote meg for øyra no sidan, er visst framtidi for Vestmannen kanskje ikkje so fullviss som eg tenkte meg. Det er difor tryggast å ikkje setja i gang arbeidet med nr. 2 utan etter
samråding med formannen i bladstyret, Jon Askeland. Det som er sagt um bladpengar og framtidi for bladet, kann syna seg å verta gale.&

Det er underleg at stjorni ikkje hadde dryft saki. Torheim etterlyste svar frå formann Askeland, men trass i at det var stjornarmøte både 21. januar og 24. januar vart det ikkje teke nokor avgjerd. Då Torheim purra fekk han vita at saki skulde upp til avgjerd på stjornarmøte 7. februar. Saki var uppe på dette stjornarmøtet. Torheim vart fyre stjornarmøtet lova at han skulde få svar på fyrespurnaden sin etter stjornarmøtet. Det hev han til denne dag ikkje fenge, trass i fleire purringar til stjorni ved formann Askeland.

På det stjornarmøtet 7. februar som Jon Askeland ikkje vil informera Olav Torheim um vart det sagt fleire interessante ting frå fleirtalet i bladstyret. Formann Askeland segjer at han hadde lova Olav Torheim svar på um han skulde verta bladstyrar. Formann Askeland hevda at han hadde sendt kopi av Torheims brev vidare til Jostein Krokvik og Ludv. Jerdal.

Askeland hadde havt ordskifte med Krokvik etterpå og oppsummerte dette. Krokvik var no atterhalden til at ein troika på Austlandet (Torheim, Myrvoll og Aasen),langt burte frå hovudsetet til Vestmannalaget skulde stella med bladdrifti. Det var heller ikkje bra med den store geografiske fråstanden  til prenteverket. Krokvik var òg atterhalden til at so unge personar, i   alderen 20-30 år, skulle hava andsvaret med drifti. Her er det tydeleg at Krokvik og soleis Askeland argumenterar med vikarierande motiv. Krokvik gjorde sjølv framlegg um Torheim til bladstyrar og kjende til alle dei tingi som Krokvik seinare nyttar mot å ha Torheim til bladstyrar. Den røynlege grunnen må vera noko anna.

Stjornaruppritet held fram å fastslå:

Hjelmtveit delte ogso denne otten til Krokvik. Ho synte til artiklar som  kritiserte Noregs Mållag og Norsk Språkråd og meinte at dette var usaklege og urimelege artiklar både av bladstyraren og av Klaus Johan Myrvoll. Ho tykte Myrvolls artikkel um Thor Heyerdal og siste boki hans var nedlatande mot Heyerdal både i form og innhald. Ho var soleis skeptisk til løysingi til Torheim der Myrvoll skulle vera ein sentral person som forretningsførar.

Askeland var kritisk til siste nummeret av Vestmannen og meinte dette tala mot framlegget til bladdrifti med dei hjelpesmennene Torheim hadde nemnt i brevet av 21. januar.  Askeland var m.a. òg misnøgd med at Krokvik i brevet av 21. januar ikkje var nemnd i annan samanheng enn ein skribent som bladstyraren vil ha serskild kontakt med.

Det vart hevda at dersom ein ikkje tinga vidare med Torheim, kunne ein risikera at ein stod heilt utan reelle kandidatar som kunne stå for bladdrifti i framtidi. Dessutan vart det vist til alt arbeidet bladdrifti kravde at ein framfor å bryta av tingingane med Torheim måtte prøva å vinna fram med ei konstruktiv løysing der begge partane kunne gje og ta. Askeland meinte ein ikkje var heilt utan alternativ og nemnde Sveinung Ones og Johannes Gjerdåker som kandidatar til bladdrifti.

På stjornarmøtet vart det vidare synt til siste nummeret av Vestmannen der det fylgde girotalong med, pålydande kr. 200 som er ein auke på kr. 50 frå fyrre året. På spursmål orientera formannen Askeland at ein auke av bladpengane vart forkasta av stjorni i november 2001, og der det vidare vart presisert at det er stjorni i Vestmannalaget som bladstyre skal fastsetja bladpengane. Då Askeland vart konfrontert med saki, hevda han at det var Myrvoll/Torheim gjennom sitt samkvem med prenteverket som stod bak denne auken i bladpengane. Det Askeland ikkje visste var at  prenteverket i Fiskåbygd tvo dagar fyre styremøtet hadde gjeve skriftleg stadfesting på at det var Askeland og Krokvik som sette upp bladpengane.

Pr. i dag er det upplagt at stjorni ynskjer å kvitta seg med sitjande bladstyrar. Stjorni greidde ikkje innan den lovfeste fresten å halda tingingar med bladstyraren. Bladstyraren vil møta stjorni til tingingar so snøgt som råd. Det er uklårt kva tankar stjorni no hev um vidare blad-drift. Stjorni ynskjer å gjeva ut eit sernummer av Vestmannen som skal fungera som propagandaskrift i konflikten med bladstyraren. Bladstyraren vil til slutt på det sterkaste få slå fast at når bladet i 2001 fær ei stort underskot heng det saman med den prosessen og uvissa kring bladet som bladstyret hev skapa. Eg vonar eg fær høve til å vera til stades på årsmøtet og klåra upp i mykje av den uvissa som hev vore kring bladet. Skal Vestmannen bergast trengst det handling so snøgt som mogleg.


Lars Bjarne Marøy, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag