YMIST

Vitring um stoda i Ivar Aasen-sambandet

Denne utgreidingi var vedlagt innkallingi til årsmøtet i Ivar Aasen-sambandet 17. april 2004.

Stjorni i Vestmannalaget hev sendt ut eit brev dagsett 2. mars 2004 der laget kjem med fleire påstand um stoda i Ivar Aasen-sambandet. Einskildpersonen Sergej Alexander Munkvold hev fylgt upp med ei rad skuldingar og personåtak på ei e-postlista (“Høgnorsklista”) som han sjølv redigerer. Munkvold er formann i Nidaros høgnorsklag, eit lag som aldri hev vorte uppteke som medlemslag i Ivar Aasen-sambandet. Laget kann difor ikkje gjeva seg ut for å vera lag i Ivar Aasen-sambandet eller å retta krav, slik som eit medlemslag kann, mot styret i Ivar Aasen-sambandet. Munkvold hevdar elles at han hev meldt formannen til politiet for disponeringar som eit fleirtal i styret i Ivar Aasen-sambandet stend attum. Munkvold hev vidare stemna formannen i Ivar Aasen-sambandet for byfuten med krav um at han ikkje skal hava kontofullmakt til kontoane åt laget, men at kontoane skal sperrast.

Desse påstandi og handlingane byggjer millom anna på ryktespreiding frå eit mindretal i styret i Ivar Aasen-sambandet og på mistenkjeleggjering av einskilde styresmenner, og tek òg upp att striden kring Vestlandske Mållag som no hev vorte forlikt.

Etter at saki kring Vestlandske Mållag vart forlikt, hev fleirtalet i styret ynskt å koma fram til fredelege løysingar på konfliktane i høgnorskrørsla. Formannen i Ivar Aasen-sambandet hev skrive til styresmennene Aasen og Tangen og gjort det klårt at det skulde kallast inn til styremøte i mars og landsmøte snarast råd etterpå. Varaformannen hev vore i møte med formannen i Vestmannalaget og gjorde der kjent at det var ynskjelegt å få til landsmøte snarast råd. Like vel vert det sagt at fleirtalet i styret hev vore mot landsmøte. Dette er medviten propaganda.

Me er leide for at Vestmannalaget og tvo av styresmennene i Ivar Aasen-sambandet ikkje hev freista å vera konstruktive og få til fredelege løysingar. I staden reiser dei ny strid i samskipnaden. Me ser oss nøydde til å svara heilt konkret på nokre av dei påstandi som hev kome fram i brevet frå Vestmannalaget.

Til punkti i brevet frå Vestmannalaget

I brevet frå Vestmannalaget dagsett 2.3.2004 listar formann Jon Askeland upp i tri punkt “grunnlaget for kravet” um at formannen Klaus Johan Myrvoll, varaformannen Olav Torheim og styresmannen Trond Urestad “utan meir utdrygjing segjer frå seg styreumbodi sine og yverlet til styresmennene Håvard Tangen og Kjetil Aasen å kalla inn til årsmøte”. Me skal i det som fylgjer ganga nærare inn på punkti åt Askeland, og ettervisa at dei ikkje gjev noko grunnlag for å krevja at det lovleg valde styret i Ivar Aasen-sambandet skal draga seg attende.

1. Vantande landsmøte i 2003. Påstand um at berre Tangen og Aasen er rette styresmenner i Ivar Aasen-sambandet

Gjenom heile 2003 hev stoda i Ivar Aasen-sambandet vore merkt av at det hev vore strid i det einaste fylkeslaget som er tilknytt samskipnaden, Vestlandske Mållag. I ei slik stoda hev det vore ynskjelegt å hindra at det skulde brjota ut endå ein strid kring ei landsmøteinnkalling i Ivar Aasen-sambandet, og difor hev formannen og styrefleirtalet vurdert stoda slik at det fyrst måtte koma til ein minneleg skipnad i Vestlandske Mållag. Det hev ikkje kome motlegg til dette, og det var ingi lag eller styresmenner som kravde landsmøte i 2003.

Vestmannalaget hevdar at av di det ikkje vart halde landsmøte i 2003, kann ikkje tri av styresmennene halda fram i styret inntil det vert halde nytt landsmøte, av di berre tvo av styresmennene vart valde for tvo år på landsmøtet i 2002. Dei tri andre skal fylgjeleg måtta segja frå seg umbodi sine. [1]

Dette stemmer korkje med rettspraksis eller sedvane i samskipnader, ikkje ein gong med sedvanen i Ivar Aasen-sambandet sjølv. Til dømes vart landsmøtet i 2001 kalla inn av det styret som vart valt i 1999 (det var ikkje noko landsmøte i 2000). Dersom funksjonstidi åt Tangen og Aasen varar etter lengdi på år, var deira periode utgjengen i 2001. Like vel vart dei standande eit år til, dei var “ikkje på val”, heiter det i uppritet frå landsmøtet 24.2.2001. Det tyder at dei hadde sete i til saman tri år då dei vart valde på landsmøtet i 2002, endå dei etter eigi tolking berre var valde for tvo (jf. brev frå Tangen og Aasen dagsett 9.3.2004). Skal ein tolka fyresegnene slik som Vestmannalaget legg upp til, må landsmøtevedtaki i 2001 og 2002 ha vore gjort på urett grunnlag.

Å gjera framlegg um å fjerna eit styre utan fyrst å kontakta styret og konfrontera deim med grunnlaget for at ein vil fjerna deim, er i seg sjølv uheiderleg. Når eit lag i ein samskipnad di meir vil fjerna eit fleirtal i eit styre i ein samskipnad og setja eit mindretal til å kalla inn til landsmøte, bryt det heilt klårt med demokratiske prinsipp. Den vidare grunngjevingi verkar helder ikkje serleg god.

2. Samskipnaden fær uord på seg på grunn av at einskilde tillitspersonar er med i det offentlege ordskiftet

Vestmannalaget hevdar at “dei fremste av våre tillitsfolk driv berre med å så mistillit til andre og nyttar alle høve i det offentlege ordskiftet til å mistenkjeleggjera andre målfolk.” Her vert det ikkje vist til noko serskilt, og det er soleis ei tilvising til rykte og kjenslor som det er uråd å forsvara seg mot. At einskilde styresmenner i Ivar Aasen-sambandet skal avsetjast med grunnlag i generelle påstand frå eit einskildlag, held ikkje på nokon måte mål, og gjer Ivar Aasen-sambandet til ein useriøs organisasjon. Styret vil på det sterkaste setja seg imot dette synet.

Det er kjent at Olav Torheim og Klaus Johan Myrvoll avslørde umfemnande medlemspengejuks i Norsk Målungdom. Dei tok òg på seg å vitna mot Norsk Målungdom i denne saki. Det hev ført med seg noko mediemerksemd. Torheim og Myrvoll hev lagt fram dokumentasjon som ingen på noko punkt hev greidt å tilbakevisa. Domen mot Norsk Målungdom førde med seg at organisasjonen vart dømd til å betala attende nærare tri millionar kronor av midlar dei på urett grunnlag hadde fenge frå staten og at fleire leidande tillitsvalde vart dømde til fengsel (straffeutmælingi er anka). Dette talar for seg sjølv. Å forsvara lovbrot fremjar ikkje målsaki, men veikjer målrørsla.

Dersom Vestmannalaget og andre i Ivar Aasen-sambandet ynskjer å fjerna styresmenner i Ivar Aasen-sambandet av di dei hev avslørt lovbrot og peika på kva desse lovbroti fører med seg, so bør dei hava mot nok til å segja frå um det, for det er det dei legg upp til. Ei slik framferd er med på å auka konfliktnivået i målrørsla og gjer Ivar Aasen-sambandet til ein useriøs samskipnad.

Ein samskipnad som vil standa fram med truverde, kann ikkje ganga aktivt inn for å leggja lòk yver kriminell verksemd, og helder ikkje leggja vinn på å sverta tillitsvalde som avslører slik verksemd, slik fleire personar i miljøet kring Høgnorskringen legg upp til gjenom innlegg på “Høgnorsklista” åt Sergej Alexander Munkvold.

3. Skulding um vantande heimel for yverføring av pengar

Det høyrer til det sjølvmotsegjande i brevet frå Vestmannalaget at det vert gjort eit stort nummer av at Torheim og Myrvoll sår mistillit til folk i målrørsla gjenom millom anna å berrleggja medlemspengejuks, samstundes som det vert fortalt at Klaus Johan Myrvoll er meld til politiet. Mindretalet i styret i Ivar Aasen-sambandet hev systematisk og medvite spreidt upplysningar um kva som hev hendt i styret, og kva dei meiner styret kann gjera og kann ha gjort. Desse upplysningane skal so dana grunnlag for å melda formannen til politiet.

Den einfelde sanningi her er at Ivar Aasen-sambandet gjorde eit prinsippvedtak på styremøtet 25.10.2002 um å stydja det lovleg valde styret i Vestlandske Mållag i ein rettsleg prosess. Formannen hev havt ein klår heimel i styrevedtaket av 25. oktober. Vestmannalaget hev sjølv vore med på å forlika denne saki. At Vestmannalaget no ynskjer å taka uppatt ein polemikk kring desse spursmåli, syner at Vestmannalaget ikkje ynskjer forlik og fredeleg samarbeid i samskipnaden eller høgnorskrørsla, men aktivt gjeng inn for å få striden til å loga uppatt.

Det vert dessutan hevda at Ivar Aasen-sambandet hev studt eitt av dei tevlande styri i Vestlandske Mållag. Dette ber mest preg av ordkløyving, for her hev Vestmannalaget vore like eintydig på den motsette sida. Å taka uppatt denne polemikken er lite konstruktivt, og me held oss til dette eine punktet.

Kompromissløysingar

Varaformannen og andre i samskipnaden hev møtt formannen i Vestmannalaget for å freista å få til ein skipnad som kann skapa fred i samskipnaden. Det er leidt at formannen og stjorni i Vestmannalaget tek upp att ein strid som burde vera attendelagt. Styresmennene som sit i det fungerande styret hev vore viljuge til å dryfta kompromissløysingar som kunde berga Ivar Aasen-sambandet frå den vanstoda som laget no hev hamna i. Di verre ynskjer ikkje formannen eller stjorni i Vestmannalaget slike løysingar. Det er både ei uklok og skadeleg haldning.

Uppmoding um å stydja samskipnaden på lovleg måte

Me vil uppmoda lag og einskildmedlemer um å slutta upp um det lovleg valde styret frå 2002, og det landsmøtet som dette styret no kallar inn til. Det vil vera det einaste som kann skapa fred og seriøsitet kring samskipnaden. Å stydja upp um kriminelle element i målrørsla, vil berre veikja Ivar Aasen-sambandet. Styrefleirtalet hev gjort det klårt at det ikkje ynskjer å halda fram etter eit landsmøte. Det er soleis meiningslaust og berre reine ressursøydingar å innleida ei rad rettslege og polemiske prosessar mot deim som i dag utgjer fleirtalet i styret i Ivar Aasen-sambandet. Me vil beda lagi um å tenkja yver um det verkeleg er verdt bryet og fremjar målsaki å bruka meir ressursar på uturvande kiv. Det er enno høve til å koma fram til fredelege og sømelege løysingar.

Styret vil segja seg leid for at me ikkje hev greidt å imøtegå/svara på utspeli frå Vestmannalaget på eit tidlegare tidspunkt, men me kann di verre ikkje hindra einskildlag i å senda ut brev til lag og einskildpersonar i samskipnaden.

For styret i Ivar Aasen-sambandet

Klaus Johan Myrvoll
formann

[1] Det siste høyrer ogso med til det sjølvmotsegjande i brevet med di Vestmannalaget implisitt godtek at styrefleirtalet framleis representerer organisasjonen når Askeland set fram krav um at Myrvoll, Torheim og Urestad må draga seg attende. Um Vestmannalaget hadde meint at styrefleirtalet ikkje lenger representerer organisasjonen, måtte kravet sendast til Tangen og Aasen, og ikkje til samskipnaden ved formannen. Den same inkonsekvensen merkar ein når Askeland talar um at styrefleirtalet må “yverlata” myndet til å kalla inn til landsmøte til Tangen og Aasen; eit styre som ikkje hev kompetanse til å kalla inn til landsmøte, kann vel helder ikkje yverlata (delegera) denne kompetansen til andre.


sambandet.no, 20060123

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag