YMIST

Striden i høgnorskrørsla - eit umriss

Dei siste åri hev sume byrja å tala um striden i høgnorskrørsla. Kva var striden um? Og kva er utfallet av striden? Det er spursmål som dei historikarane som ev. skal vurdera kjem til å ha vanskar med å verta vis på. Hjå Fylkesmannen i Hordaland ligg det ei rad brev som kann dokumentera mykje, men langt frå alt. Kvar desse brevi er um hundrad år, er òg uvisst. Det kann soleis vera grunn til å taka upp nokre hovudlinor i det som hev gjenge fyre seg i høgnorsk-samskipnadene dei seinaste åri.

Usemja i Vestmannalaget tok til med at det vart halde umframt årsmøte i 2000. I samband med det møtet stod det fram tvo flokkar i laget. Det som vert umtala som Marøy-fraksjonen, vann det umframme årsmøtet. Marøy-fraksjonen hadde eit klårt uttala mål um å driva målreising på breidt grunnlag.

I 2001 tapte Marøy-fraksjonen valet i Vestmannalaget med minst mogeleg margin, ei røysts yvervekt avgjorde styrefleirtalet. Etter dette årsmøtet hev ein tala um Askeland-fraksjonen etter di Jon Askeland vart formann. Askeland-fraksjonen hadde fåe uttala mål. Det viktugaste som hende millom årsmøti i 2001 og 2002, og som kjem til å verta hugsa, er vel at Askeland-fraksjonen nytta styrefleirtalet til å segja upp Lars Bjarne Marøy som bladstyrar for Vestmannen. Bladet slutta å koma ut med ti nummer i året, trass i at økonomien åt bladet var solid.

På årsmøtet i Vestmannalaget i 2002 stelte Askeland-fraksjonen ultimatum på at fraksjonen skulde ha «eit reint styre». Det danar bakteppet for dei mest interessante hendingane i høgnorskrørsla i tidi etter. Askeland-fraksjonen var openbert misnøgd med at dei nære bandi fraksjonen hadde til Halldor O. Opedals fond vart brotne i 2000 då det kom nye folk inn i fondsstyret. Denne misnøgja fekk fritt utlaup etter årsmøtet i 2002. Kritikken av pengeløyvingane som fondet gjorde og formalitetar i tilknyting til fondsstyringi var krass, men vart tilbakevist av fondet, og Askeland-fraksjonen hadde ikkje noko høve til å få gjenomslag for synspunkti sine.

Askeland-fraksjonen må difor ha kome fram til at det var naudsynt å tryggja seg kontroll yver Opedalsfondet gjenom å kontrollera dei lagi som peikar ut styresmenn til fondet. Fyrste framstøyten vart gjord i høve til Vestlandske Mållag, men framstøytane enda med stillingskrig og stoda var fastlæst. Ivar Aasen-sambandet var lokalisert i Oslo, og det vart ikkje gjort nokon framstøytar mot laget. Derimot vart det dana ein allianse millom Askeland-fraksjonen og formannen i Norsk Måldyrkingslag, Arne Gjeraker. Gjeraker fungerte dessutan som advokat for Askeland-fraksjonen i den rettslege prosessen med styret i Vestlandske Mållag.

Leidande målsmenn for Marøy-fraksjonen konstaterte at det yverordna for Askeland-fraksjonen ikkje var å driva målreising og grunnlagsdiskusjonar kring målsaki. Dei kvassaste kritikarane tala um koseklubb og mimring, heller enn målreising.

Leidande målsmenn for «Marøy-fraksjonen» såg fyre seg at Askeland-fraksjonen truleg vilde koma til kort når det galdt Vestlandske Mållag og Ivar Aasen-sambandet. Dei ynskte difor å demma upp for Askeland-fraksjonen og i beste fall hindra at denne fraksjonen fekk fleirtal i fondet. Det kunde gjerast gjenom å røysta inn tvo nye lag i fondet. Med siger for Marøy-fraksjonen i rettsaki kring Vestlandske Mållag vilde det tryggja eit fleirtal mot Askeland-fraksjonen.

I spissen for denne løysingi stod Klaus Johan Myrvoll og Olav Torheim. Men dei var avhengige av studnad frå resten av høgnorskmiljøet i hovudstaden. På årsmøtet i Høgnorskringen i desember 2003 vart det klårt at denne studnaden ikkje lenger var til stades. Målreisingslina til Myrvoll og Torheim skulde ikkje hjelpast fram. I staden for frie ordskifte skulde ein halda seg til den politisk korrekte dagsetelen til Norsk Målungdom og til trongsynt og innetterskodande arbeid for høgnorsken, og ikkje ei meir heilskapleg og allsidig målreising.

Det vart då klårt for eit fleirtal av styresmennene i fondsstyret at løysingi med tvo nye lag i fondsstyret ikkje kunde  verta nokor varande eller gagnleg løysing. Den indre striden millom tvo eller tri fraksjonar vilde føra til fleire motsetnader og usemjor. I ei slik stoda vart det òg so godt som fåfengt å vinna rettssaki um Vestlandske Mållag av di striden vilde halda fram der med.

I den stoda valde styret i Vestlandske Mållag å gjeva laget yver til Askeland-fraksjonen, og Marøy og stydjespelarane hans neitta upptaking av nye lag i Opedalsfondet. Dei lagi som studde det lovlege styret i Vestlandske Mållag, valde å melda seg ut or samskipnaden, og styret kalla inn til eit årsmøte der styresmennene på fyrehand hadde sagt frå seg røysteretten. Askeland-fraksjonen gav soleis upp kravet um å vera det røynlege Vestlandske Mållag, men fekk i staden yvertaka laget.

Sume vil kann henda spyrja seg um det var verdt bryet å halda denne striden gangande, og um kva det var Marøy-fraksjonen ynskte. Då fraksjonen arbeidde for arbeidsprogram i Vestmannalaget, vart dette tydelegvis ikkje teke ålvorleg. Det som best kann illustrera kva leidande folk i denne fraksjonen stend for, er det dei hev gjort. Nokre stikkord: Høgnorskdagar fire år på rad, 20 nummer av Vestmannen og 8 nummer av Målmannen, fire målstemnor i perioden 2001-2004 med meir.

Målmannen vil koma med sume uppsummeringar av hendingane i høgnorskrørsla i den mun me meiner det er høvelegt og turvande. No gjeld det derimot å sjå frametter. Me som stend attum bladet ynskjer no som fyrr å retta fokus mot det praktiske og planmerkte målarbeidet. Vonleg vil bladet få levelege vilkår i tidi som kjem.


Olav Torheim, 20041001

Fleire netleidarar

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag