Halldor O. Opedals fond peika nyleg ut fire personar til å
få heidersprisen frå fondet. Prisen er på 25 000 kronor, og hev vorte yverrekt
prisvinnarane på høgtideleg vis.
Prisvinnarane
hev alle gjort ein stor innsats for norsk målreising kvar på sitt hald. Det er
difor grunn til å draga deim fram kvar
for seg.
Hallvard
Bergwitz hadde fleire av dei kvalifikasjonane som skulde til for å få målpris.
Bergwitz hev millom anna arbeidt med bladarbeid gjenom å gjeva ut bladet Noreg.
Han hev skipa mållag og arbeidt med bokreidsla i yrkjet som skrivar i Norsk
Måldyrkingslag. Bergwitz skriv ein mynstergod nynorsk.
Johan
Anthon Schulze hev ein lang karriere attum seg som målgranskar på
Målførearkivet ved Universitet i Oslo. Han hev gjort sers mykje verdfullt
arbeid med innsamling og kartleggjing av norske målføre. Schulze hev skrive
godt norskt mål og arbeidt trottugt for Aasen-målet. Han hev òg havt
tillitsyrkje i Studentmållaget i Oslo og i Norsk Måldyrkingslag.
Aslaug
Høydal hev vore lærar, men ho er best kjend gjenom ein umfemnande forfattarskap
med millom 40 og 50 bøker. Høydal skriv framifrå godt mål. Ho nyttar i-mål og
er purist. Bøkene hennar er merkte av godt språkleg handverk. Høydal hev òg
skrive mykje i lokalpressa.
Einfrid
Perstølen hev arbeidt som granskar innanfor barnepsykatri. Ho hev i årevis stridt for landsnamnet Noreg på pengesetlar og
frimerke. Perstølen hev òg markera seg gjenom mykje anna godt målarbeid. Ho er
dessutan måldyrkar.
På grunn av
ulike umstende vart det uråd å få skift ut prisane til alle prisvinnarane
samstundes. Hovudsamkoma var i Bergen 12. juni. I samband med denne samkoma
vart det halde eit seminar (sjå nedanfor) og ein festmiddag. Seinare i juni
vart det halde ei samkoma på Bondeheimen i Oslo.