YMIST

Vestmannen er stogga - brev til tingarane

Dette brevet vart sendt åt Vestmannen-tingarane 11. februar 2002:

Kongsvinger, 11. februar 2002

Gode tingar av Vestmannen

Stjorni i Vestmannalaget, som òg er bladstyre for Vestmannen, hev no stogga drifti av bladet. Eg vil i dette brevet freista å gjera greida for det eg meiner er bakgrunnen for dette og leggja fram den prosessen stjorni hev nytta til å segja meg upp.

Vestmannen hev i dei 17 åri bladet hev vore til, vore so godt som det einaste talerøyret for høgnorsk målreising og Vestmannasynet. Ivar Aasen-sambandet, Vestlandske Mållag og lokallagi under desse hev ikkje havt nokon annan kanal enn denne. Bladet hev synt seg å femna vidare enn til berre høgnorsk målreising; det hev vore eit blad med vid synskrins. Likevel hev det berande for bladet vore å vera ein talsmann for i-målet.

Dei siste tvo-tri åri hev det stade fram tvo flokkar i Vestmannalaget: Den eine flokken er knytt til fleirtalet i den sitjande stjorni (3 av 5 stjornarmenner). Dette fleirtalet ynskjer ikkje arbeidsprogram eller budsjett for Vestmannalaget, og dei hev ikkje ynskt å segja frå um kva dei vil gjera for laget. Likevel må ein kunna segja at dei hev stade upp imot folk i laget som legg grunnleggjande vekt på målreising, ordskifte og utetterretta målarbeid. Desse målreisarane er den andre flokken som hev stade fram.

Jamvel um fleirtalet i stjorni ikkje hev sagt klårt ifrå um kva dei vil, er det openbert at dei ynskjer å setja ymse kulturspursmål framfyre offensivt målarbeid. Dei vil stydja tiltak som ikkje er beinveges knytte til målsak med pengehjelp og andre ressursar. Stjorni let jamvel til å nedprioritera målsaki. Det hev millom anna ført til at stjorni i år for fyrste gong ikkje hev løyvt pengar til Vestmannen gjenom Fritz Monrad Walles fond.

Når det gjeld syn på striden for Vestmannasynet og i-målet hev Sissel Anny Hjelmtveit uttala seg soleides i Dag og Tid 8. juni 2000 (i eit lesarbrev):

”Det kan vera at nokon reagerer på at eg ikkje bruker 1917-rettskrivinga når eg er så fri å stilla som formannskandidat i Vestmannalaget. Til det vil eg seia at eg har all respekt for dei som vel å nytta ei anna rettskriving enn læreboknormalen, men eg oppfattar denne normalen som den rette for meg personleg. Skulle eg skriva på vegner av Vestmannalaget, ville eg nok brukt ein del andre former, former som mange oppfattar som sjølve identiteten til laget.”

Hjelmtveit er den sentrale aktøren i fleirtalsflokken, og ho er no næstformann i laget.

Eg vil segja meg leid for at eg er nøydd til å senda dette brevet. Men eg meiner de som tingar bladet hev krav på å få vita kva som hender. Slik stoda er, hev dei målpolitiske motsetnadene utvikla seg til ein strid um formalitetar kring tilhøvet millom meg som redaktør og stjorni. Eg meiner at eg hev gjort greida for alle dei tilhøvi som stjorni hev spurt etter. Eg legg ved eit notat der eg gjeng inn på dei handfaste sidone ved saki.

Med venleg helsing

Lars Bjarne Marøy
bladstyrar i Vestmannen


Lars Bjarne Marøy, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag