YMIST

Årsmelding for Vestmannalaget 1998-1999

Stjorni
På årsmøtet den 16 april vart Leidulv Hundvin attvald til formann. Ingen i stjorni hadde bede seg fri, so alle vart attvalde, og samansetnaden ser slik ut: Lars Bjarne Marøy, nestformann, Bjarne Storheim, kassastyrar, Finn Vabø og Bjørn Tormod Ringdal stjornarmenn utan umbod. Tørris Sørheim, som hev vore kassastyrar dei siste fem åri, styrde dette umbodet til ut på hausten -98.
Varamenn. Sissel-Anny Hjelmtveit, Olav Bakken og Trygve Lande

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi: Ludvig Jerdal, Finn Vabø og Lars Bjarne Marøy. Varamenn: Bjørn Tormod Ringdal og Gunnar Gilberg. Det Norrøne Grønlandslaget: Arne Holm. Ludv. Jerdal og Leidulv Hundvin. Kyrkjenemndi: Ellen Vabø. Varamann Ingebjørg Gilberg. Ettersynsmenn: John Arthur Marhaug og Torolv Hustad. Ettersynsmann for Vestmannen: John Arthur Marhaug. Fanevaktar: Jon Askeland og Halldor Slettebø. Bladstjornn for Tuftekallen: Eigil Lehmann, Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones, Nils Aksel Mjøs og Leidulv Hundvin.

Møte og samkomor
Me årsmøtet i 1998 hev laget havt sju samkomor og ei utferd. At det ikkje vart fleire, kom seg av at årsmtøet ifjor vart halde i april månad, og det førde til ei samkoma mindre denne arbeidsbolken.eks av sakomone hev vore på Bryggens Museum, medan jolemøtet som vanleg var i gildestova til Kreditkassen. Utferdi var til Emigrantkyrkja på Sletta og til Radøytunet, der det var bordseta.

Stjorni hev berre halde tri møte, alle i Kreditkassen sine lokale.

Møteverksemdi:

Torsdag 16. april årsmøte med vanleg årsmøtesaker. Dessutan tala språkkonsulent Sissel- Anny Hjelmtveit um Arbeid med nynorskklassar i Bergen.

Torsdag 14. mai utferd til Emigrantkyrkja på Sletta, og til Radøytunet.

Torsdag 24. september: Journalist Olav Garvik tala um politikaren Wollert Konow frå Fana.

Torsdag 15. oktober: Radiokåsøren Jimmi Øvredal kåserte um Kunst og las frå boki si Sogor frå Gråsteinlandet.

Torsdag 12. november: Historikar og stipendiat Nils Rune Langeland tala um Kva er lærdomen frå det tjugande hundradåret?

Torsdag 10. desember: Jolesamkoma i Kreditkassen si gildestova. Sokneprest Ådne Skiftun gav ei tankerik vurdering av Tidi, Nils Haukås hadde skrive eit vakkert fyremæle og Gunnar Gilberg hadde ein god Tuftekall, Askild Horneland las utvalde dikt, og under bordseta ( som denne gongen var pinnekjøt) fortalde Ludv. Jerdal eit par lune småsogor, og formannen i Kyrkjenemndi, Skjalg Halmøy, takka for maten med gode poeng og morosame sogor.

Fyrste møtet i 199 var torsdag 21. januar: Då tala sekretær i Noregs Raude kross um Bosnia og Balkan.

Torsdag 18. februar: Formannen , Leidulv Hundvin, tala um Arne Garborg.

Eiga
Laget hev luter i Det Norske Teatret og i Norsk Bokreidingslag. Me stjornar òg Henrik Krohn og Hustrus Legar, og sameleis Fritz Monrad Walles fond. Det siste kann verdsetjast til umlag kr. 600 000,. Kreditkassen vaveitlar midlane til Henrik Krohn og Hustrus Legat.

Gåvor og ytingar
Frå Fritz Monrad Walles fond hev laget teke imot kr. 20 000,- , og frå Halldor O. Opedals fond dei lovfesta kr. 5000,-. Dr. Kari Øpstads Nynorskfond hadde ingi utetling, og heller ikkje Hotell Hordaheimen.

Sjølv hev me vore varsame med ytingane. Me hev venta på nyutgjevingi av professor Gustav Indrebø si bok, Norsk Målsoga, der me hev gjeve ei fyrehandsløyving på kr. 35 000, - Me hev teke det atterhald at boki må liggja fyre innan utgangen av neste år, elles vil løyvingi verta dregi attende. Sameleis med ei løyving på kr. 10 000,- til Bragr si Ordbok. Denne summen vart løyvd i 1997, og me hev vedteke at dersom boki ikkje kjem ut i 1999, vil ogso denne løyvingi verta dregi attende.

I arbeidsåret hev me elles gjeve tilsegn um kr. 5000,- til journalist Reidar Storaas si bok um Mons Breidvik, og kr. 10 000,- til nye utgjeving av Henrik Krohn si bok " Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjærland og Geirstad- Trond", utgjevi fyrste gongen i 1868.

Ingen av desse summane er utbetalte i arbeidsåret.

Derimot hev me havt den gleda å få gjeva Snorre sine kongesogor på nynorsk og i prydband til klassane på Krohnengen og Møhlenpris, som båe er nynorskklassar. Det hev gledd oss mykje.

Bladet "Vestmannen"
Bladet Vestmannen hev ogso i 1998 kome med 10 nummer. Bladet vert betre og betre, og me vil vona at tingartalet må auka. Me takkar Hjartelege bladstyraren Jostein Krokvik, for arbeidet han legg ned. Bladet stend for fell med honom.

Lagsfolk og møteverksemdi
I dette arbeidsåtret hev med registrert at minst fire av lagsfolki våre hev falle frå. Det er heiderslagsmann Ivar Kleiva, museumsstyrar Johannes Revheim, kontorsjef Bjørn Evjenth og journalist Finn Bjørn Larsen. Dei var alle trufaste lagsfolk, og gjekk på møti våre so lenge helsa heldt. I takksemd lyser me fred og siging yver minni etter deim.

Men nokre nye lagsfolk hev ogso dette året kome til, so medlemsflokken er framleis 125. Etter at Ivar Kleiva fall frå, hev me no sju heiderslagsmenn. Det er Eigil Lehmann, Ludv. Jerdal, Alv Askeland, Jostein Krokvik, Ellen Jensen, Honoria Jerdal og Nils Haukås.

Møteverksemdi hev gjenge i same leid som fyrr. Me hev havt gode fyredrag eller kåseri på kvart møte, og me merkar at mange som ikkje er lagsfolk ogso finn vegen til møti, og hyggjer seg saman med oss. Det er me glade og takksame for. Men endå gildare vilde det vore um fleire melde seg inn i laget.

Me takkar kvar einskild medlem for trufast frammøte, og gjev ei sers takk til Tørris Sørheim som hev ført rekneskapen dei siste fem-seks åri til han slutta av seinhaustes, og til Nils Haukås, som hev gledd oss med velskrivne fyremæle til tilstellingane.

Stjorni i Vestmannalaget
Leidulv Hundvin


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag