YMIST

Årsmelding for Vestmannalaget mars 1999 - februar 2000

med inntekne merknader frå årsmøtet 2000, jmf. årsmøteuppritet..

Stjorni
I god tid fyrr årsmøtet i 1999 sa Leidulv Hundvin frå seg attvald til stjorni i Vestmannalaget. Hundvin hadde då vore formann i 8 år. På årsmøte den 18 mars 1999 vart Lars Bjarne Marøy vald til ny formann etter Hundvin. På det framhaldande årsmøtet i april fekk Hundvin blomar og ein neverlur frå stjorni fyrr han formelt gjekk av og yverlét umbodet til Marøy.
I stjorni vart det nokre skifte. Sissel Anny Hjelmtveit rykte upp frå 1 varamann til fast plass i stjorni. Rasmus Arnold Kjellevold vart fyrste varamann, Frøydis Lehmann vart andre varamann og Kjell Henry Knivsflå vart tridje varamann. Samansetnaden ser no slik ut : Lars Bjarne Marøy, formann, Sissel Anny Hjelmtveit nestformann og skrivar, Bjarne Storheim,kassastyrar, Bjørn Tormod Ringdal og Finn Vabø stjornarmenn. Rasmus Arnold Kjellevold fyrste varamann, Frøydis Lehmann vart andre varamann og Kjell Henry Knivsflå tridje varamann.

Andre tillitsumbod i laget

Ettersynsmenn for rekneskapen til Vestmannlaget:
John Arthur Marhaug og Torolv Hustad.

Rekneskapsstyrar for Fritz Monrad Walles fond:
Leiv Flesland

Fanevakt:
Jon Askeland og Haldor Slettebø.

Bladstjorn for Tuftekallen:
Eigil Lehmann, Arnulf Hjelmtveit, Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones, Nils Aksel Mjøs og Leidulv Hundvin.

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi:
Lars Bjarne Marøy, Ludvig Jerdal og Finn Vabø. Varamenn, Bjørn Tormod Ringdal og Sissel-Anny Hjelmtveit.

Det norrøne grønlandslaget:
Arne Holm, Ludvig Jerdal og Leidulv Hundvin.

Kyrkjenemndi:
Ellen Vabø og varamann Ingebjørg Gilberg.

Bladstyrar for Vestmannen hev vore:
Jostein Krokvik

Ettersynsmann for Vestmannen hev vore:
John Arthur Marhaug

Møte og samkomor
Vestmannalaget hev i arbeidsbolken havt 7 opne møte på Bryggens Museum, 1 festmøte og laget hev skipa til ei utflukt. Stjorni hev vore samla til 8 stjornarmøte. Frammøte på stjornarmøti hev jamt yver vore godt.

Torsdag 17. april
Reidar Storaas tala um målaren Mons Breidvik. Me fekk ei sers interessant innføring i livet til denne målaren. Breidvik hev gjenge i gløymeboki, men han var meister for mange store illustrasjonar. Storaas gav same året ut ei bok um Mons Breidvik.

Torsdag 13. mai
På dette møtet var me på utferd til Nordsjøfartmuseet i Telavåg. Her såg me film, og fekk ei munnleg innføring i tragedien i Telavåg då tyskarane sprengde og brende ned heile bygdi og sende innbyggjarane burt. Mennene vart sende i tysk fangenskap og kvinnone og borni vart internerte på Framnes folkehøgskule. Simon Øvretveit var med oss, og var kjentmann på ei umsyning i Telavåg. Leidulv Hundvin var reiseleidar for Vestmannalaget.

Torsdag 9. september
Arnljot Strømme Svendsen tala yver temaet :@ Er det kunstnere og deres kunst som kan sikre nynorsken i fremtiden.@ Strømme Svendsen hevda at det er ikkje viktigast med politikk, juss og økonomi for å fremja nynorsken. Det er derimot kunsten og kunstnarane som kann prega oss og andre menneske slik at det fremjar nynorsken.

Torsdag 14. oktober
Astrid Tveiten tala um : "Grendaskulane på Osterøy". Grendaskulane er hardt utsette for sentralisering. På Osterøy vart 5 skular nedlagde. Foreldri ved tvo av dei, Tysse og Mjøsdalen, gav seg ikkje. Dei vilde driva skule for borni sjølve. Tveiten var ein av foreldri som vilde driva skule for borni sine. Ho tala um arbeidet sitt. I ettertid hev foreldri vunne fram, og grendaskulane held fram som tidlegare.

Torsdag 11. november
Talar var Geir Atle Ersland. Ersland er fyrsteamanuensis ved Historisk institutt i Bergen. Han er serleg kunnig i bysoga. Tittelen på fyredraget hans var : A Under Hansaveldet,myta om ei svart tid i Vestlandssoga@. Bakgrunnen for fyredraget var eit hefte av journalist Karl Sjurseth,utgjeve like etter krigen. Ersland hadde mange gode poeng til forsvar for Hanseatane, som han meiner hev fenge ei for negativ umdøming.

Torsdag 2. desember
Olga Meyer tala yver emnet: "Dyri er klokare enn me trur". Meyer hev markert seg i nitimen med ein serie som hev teke fyre seg dyresogor frå heile landet. Meyer kom til Bergen tidleg um morgonen, og stjorni ved Hjelmtveit sytte for at ho fekk vitja nynorskklassane i Bergen. Meyer var dessutan gjest i Melvær Libris bokhandel.

Torsdag 20. januar 2000
Tidlegare brannsjef Einar K. Gjessing tala um Bergensbrannen i 1916. Han synte ljosbilete og kom med utgreidingar um den arkitektoniske utformingi av Bergen fyrr og etter Bergensbrannen.

Torsdag 17. februar
Asbjørn Tveiten tala um Erling Kristviks pedagogikk. Kristvik var ein framståande pedagog i millomkrigstidi og markerte seg med å skriva ruvande lærebøker for lærarstudentane i denne tidi. Kristvik er eit aktuelt namn etter at Rune Slagstad drog han framatt i boki si "De nasjonale strateger" i 1998. I 1999 kom det ei ny bok som m.a. tek fyre seg Kristviks pedagogikk og livsgang. Den nye boki heiter "De strategiske pedagoger". Forfattaren er pedagogen Erling Lars Dale. Dette dana ein spanande og svært aktuell bakgrunn for Asbjørn Tveitens fyredrag. Tveiten gav oss ei framifrå innføring i Kristvik. Tvo av studentane til Kristvik var til stades, og dei kunde sanna at Tveiten hadde peika på fleire karakteristiske drag ved Kristvik.

Elles må sume tiltak nemnast serskilt for seg
Laurdag 11. september var det seminar um organisasjonsbyggjing i regi av Bygdelagsnemndi der Vestmannalaget er medlem. Innleidarar var Per Selle og Per Øivind Jensen. Båe hev forska på kva som skal til for å nå ut med ideelle saker som t.d. målsaki i vår tid. Formannen og Ludvig Jerdal møtte for Vestmannalaget. Formannen hadde vore med i planleggjingsnemndi for seminaret.

Ludvig Jerdal tala i senioruniversitetet um Vestmannalaget i november. Møtet hadde stor tilsøknad. Formannen delte ut Vestmannen til sume av dei frammøtte. Det var diverre ikkje nok blad til alle som kom.

Formannen og Ringdal hev delt ut Vestmannen i byen. Hjelmtveit hev drive blåster for laget i Strilen, og stjorni hev elles freista å gjera seg kjend på andre måtar.Formannen og Olav Torheim hev lagt ut mykje lagsstoff på heimesidone til Vestmannalaget på Internett. Møteprogrammet er vorte uppdaterte jamleg. Og gudstenestone til kyrkjenemndi hev lege ute på heimesidone til Vestmannalaget på internett.

Vestmannalaget hev leigt tvo boklager i Torgegården, og laget hev gjort sitt til at Norsk Bokreidingslag i slutten av september kunde flytta inn i Torgegården. Leiga vert delt millom Vestmannalaget, Norsk Bokreidingslag og Nord og Midthordland Sogelag.

Eiga
Laget hev luter i Det norske teatret og i Norsk Bokreidingslag. Laget stjornar Henrik Krohn og Hustrus legat, og sameleis Fritz Monrad Walles fond for norsk målreising og måldyrking. Det siste kann verdsetjast til umlag kr. 600 000. Kreditkassen varveitslar midlane til Krohnlegatet. Målarstykkjet "Kong Olav kristnar i Gudbrandsdalen" (av Nils Bergslien) heng i resepsjonen hjå Hotell Hordaheimen.. Laget eig eit målarstykkje av Sigurd Wigdal, og nokre andre målarstykkje, bøker og gåveting er lagra hjå Ludvig Jerdal. Vestmannalaget eig dessutan ei bysta av Jon Sigurdson.

Økonomi
Stjorni hev ikkje løyvt ut pengar til noko utetterreta fyremål i rekneskapsbolken. Det er yverført 20 000 kr. frå Fritz Monrad Walles fond til Vestmannalaget. Frå Halldor O. Opedalsfond er det yverførd dei lovfeste 5000 kr.

Vestmannalaget hev vorte tilført 30 000 kronor frå Kari Øpstads nynorskfond. Øpstadfondet er no uppløyst. Pengane er sette inn på høgrentekonto.

Tvo ljosestakar som høyrde til buet etter Fritz Monrad Walle, er selde til Ludvig Jerdal for takstpris som for båe ljosestakane samla vart 20 000 kr. Pengane er tilførde Fritz Monrad Walles fond.

Vestmannalaget er med i desse samskipnadene
Ivar Aasen Sambandet; er landssamskipnaden for høgnorskbrukarane

Vestlandske Mållag; er fylkeslaget til Ivar Aasen- Sambandet i Hordaland

Bergen Sentrum Folkeakademi; er lokallag av Hordaland Folkeakademi og arbeider med å formidla studnad til møteverksemd i organisasjonar som Vestmannalaget.

Bygdelagsnemndi; vart skipa i 1939. Vestmannalaget hev vore med sidan då. Dei aktive bygdelagi og bondeungdomslagi er med i nemndi.

Håkonshallens Venner; med einskildmedlemer og lag til medlemer.

Kyrkjenemndi; skipar til nynorske gudstenestor tvo eller fleire gonger i året. Kyrkjenemndi er utgjevar av bladet Stille Stunder.

Ivar Aasen-tunet; er under uppføring i Ørsta/Hovdebygdi. Innskotskapitalen var 10 000 kronor som Vestmannalaget betalte inn for fleire år sidan. Det gjev laget rett til ein målsmann i samskipnaden. Svein E. Kvamsdal hev vore varamann for målsmannen Jostein Krokvik. Krokvik hev no sagt seg fri for dette tillitsumbodet og Kvamsdal yvertek.

Stjorni i Vestmannalaget
Lars Bjarne Marøy, Sissel Anny Hjelmtveit, Bjarne Storheim, Bjørn Tormod Ringdal, Finn Vabø, Rasmus Arnold Kjellevold d.e.


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag