YMIST

Kva tenkjer Askeland og Bondevik?

I mjølkeku-metaforen Jon Askeland legg fram i Bergens Tidende 23. mai, lèt han til å tru at eg og andre med meg vil flytja Vestmannalaget yver til Austlandet. Det stemmer ikkje. Hadde Askeland late motflokken i laget få leggja fram arbeidsplan og budsjett, hadde han fenge syn for kva me vil med laget. Me hev so visst ikkje havt nokon grunn til å løyna det. Ivar Aasen-sambandet skipa jamvel til ei stor målstemna i Bjørgvin i fjord i samarbeid med Vestlandske Mållag. Her er det ikkje nokon motsetnad millom Austland og Vestland. Det motflokken ynskjer å gjera, er å driva målarbeid, reisa målordskifte og driva med kulturaktivitetar attåt, alt saman på Vestlandet. Når me hev lagt fram planar for dette, hev Askeland sett seg imot. Han hev ikkje vilja leggja fram eigne alternativ, og fer åt som um me skulde laga vanskar for honom, når me vil driva målreising. Då må ein hava lov til å spyrja seg kvifor.

Det stend inkje i fyresegnerne åt Fritz Monrad Walles fond um at midlarne i fondet ”i all hovudsak skal gå til bokutgjevingar på klassisk nynorsk grunn”, som Jon Askeland vil villeida lesararne til å tru; her hev Bokreidingslaget alt fenge godt grep um sugerøyri. Det stend derimot at midlarne skal nyttast soleides at dei ”fremjar norsk målreising på det grunnlaget som er lagd av Ivar Aasen”. Berre ”etter nærare vurdering i styret” kann det gjevast pengar til ”t.d. utgjeving av bøker, blad, skrifter og liknande på godt norskt mål og i pakt med Aasen-tradisjonen.” Med andre ord vert bøker einast verdsette når dei kann fremja målreisingi. Det er merkelegt at Askeland ikkje hev makta å setja seg betre inn i fyresegnerne til det fondet han skal styra.

Like merkeleg er framferdi åt Askeland når det gjeld Vestmannen. Utan nokor sakleg grunngjeving skaper han fyrst uvissa um framtidi åt bladet, so segjer han upp bladstyraren og vender seg til ein av hjelpesmennerne hans um han vil verta ny bladstyrar. Når denne mannen so takkar ja til tilbodet og legg fram planar for korso bladet kann drivast frametter, bryt Askeland alt samband og set ein til å styra bladet som gjer det klårt i brev og samrødor at den einaste grunnen til at han tek på seg arbeidet, er at bladet elles kann verta nedlagt. Denne gamle og helseveike bladstyraren greider ikkje å gjeva ut meir enn 6 nummer i året (etter eigne utsegner), men den fyrre greidde 10.

Askeland segjer at det aldri hev vore i hans tankar å leggja ned Vestmannen. Men då må ein spyrja seg um kva for nokre tankar formannen i Vestmannalaget gjer seg um vedtaket som vart gjort um Vestmannen på årsmøtet, som han var med å stydja. Der heiter det m.a.: ”Årsmøtet bed det nye styret vurdera um bladet må leggjast ned etter vanstyret, eller um det kann koma att med ny bladstyrar dersom det vert sanka lysingar og teikna nye tingarar.” Vil Askeland hevda at han aldri hev tenkt på at bladet kann verta nedlagt når vedtaket opnar for den utgangen?

24. mai skriv Jarle Bondevik at eg ”kolporterer dei same ukorrekte opplysningane om økonomien i Norsk Bokreidingslag som Lars Bjarne Marøy i fjor haust sette fram i bladet Vestmannen”. Han hev til gode å segja kva det er som er rangt. Det er rett at eg ikkje nemnde at Bokreidingslaget hadde eit yverskot i 2000, men det tek ikkje burt den kjensgjerningi at gjeldi er stor og lutmidelen tapt. Eg vil strika under at eg ikkje hev kome med nokor skulding mot Jon Askeland og Jo Gjerstad for det arbeidet dei hev gjort ”for norsk målsak og byggjande kulturarbeid”. Men eg hev peika på at det er uheldigt at folk sit på båe sidor av bordet.

Klaus Johan Myrvoll
formann i Ivar Aasen-sambandet


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag