YMIST

Upprit frå årsmøtet i Vestmannalaget 28. april 2001

Stad: Gimle, Bjørgvin

Møtestart um lag klukka 11.30

Formannen innleidde møtet med ei tala der han greidde ut um tilstandet i laget og um arbeidet i stjorni i arbeidsbolken. Han sagde at lagsfolket no måtte taka stoda til um laget skulde driva målreising eller um laget skulde vera ein koseklubb.

Sak 1  Godkjenning av innkalling og saklista

Innkallingi vart godkjend med 15 røyster mot 3. 1 var fråhaldande.

Klaus Johan Myrvoll vart vald til møteskrivar. Inga Ovidia Gjerstad og Olav Torheim vart valde til å skriva under møteboki. Desse vali vart gjorde samrøystes.

Det kom upp spursmål um kven i møtelyden som hadde røysterett. Etter mykje ordskifte låg det fyre tri framlegg:

1.      Alle som var til stadar.

2.      Alle som hadde svara årspengar i 2000 elder 2001.

3.      Alle som hadde svara årspengar i 2000.

Framlegg 2 vart vedteke med stort fleirtal.

Under sak 4 (arbeidsprogrammet) kom det upp spursmål um dei som var komne inn i salen etter møtet hadde byrja, skulde få røysterett. Det vart vedteke med stort fleirtal.

Formannen hadde sett upp denne saklista, som var utsend til lagslemerne fyre møtet:

1        Godkjenning av innkalling og saklista

2        Årsmelding

3        Rekneskap

4        Arbeidsprogram for Vestmannalaget

5        Budsjett for Vestmannalaget

6        Fritz Monrad Walles fond

7        Krohn og Hustrus legat

8        Årsmelding for Vestmannen

9        Rekneskap for Vestmannen

10    Arbeidsplan for Vestmannen

11    Budsjett for Vestmannen

12    Logbrigde for Vestmannen

13    Logbrigde for Vestmannalaget

14    Fråsegner

15    Val

Nokre av sakerne laut ganga ut av di stjorni ikkje hadde havt høve til å fyrebu deim. Dette galdt sak 9, 11 og 12. 

Jon Askeland gjorde framlegg um å strjuka punktet um logbrigde for Vestmannalaget. Han meinte at framlegget som var sett upp frå stjorni var låkt både når det galdt innhald og mål. Lagslemerne laut dessutan koma med innspel i ein slik prosess, meinte han. Ludvig Jerdal meinte at årsmøtet kunde dryfta punktet, men han var i tvil um det kunde vera tilrådeleg å gjera logbrigde. Jon Askeland drog attende framlegget sitt, og meinte at ein kunde dryfta punktet.

Anders Hallanger gjorde framlegg um å flytja valet til sak 4, etter rekneskapen. Eit anna framlegg gjekk ut på å flytja valet til sak 10, fyre logbrigde. Fyrst vart det røysta um møtelyden ynskte å flytja valpunktet. Dette vart vedteke med 9 røyster mot 8. Dinæst vart det røysta um saki skulde flytjast fram til sak 4 elder 10. Det vart vedteke å flytja punktet til sak 10 med 18 røyster mot 5.

Etter desse brigdi vart saklista soleides:

1 – 8  Like eins som fyrr (sjå ovanfyre)

9        Arbeidsplan for Vestmannen

10    Val

11    Logbrigde for Vestmannalaget

12    Fråsegner

Saklista vart vedteki samrøystes.

Sak 2  Årsmelding

Varaformann Harald Linga las upp årsmeldingi frå stjorni.

Bjarne Storheim mælte imot måten den sitjande formannen hadde gjenge fram fyre det umframe årsmøtet 13. april 2000. Han hadde samrådt seg med berre tvo av stjornarmennerne, og Storheim meinte at dette var beint fram ærekrenkjande mot dei tvo hine. Difor hadde han drege seg ut or stjorni. Det som hadde hendt var so vidt drjugt at det ikkje var verdugt Vestmannalaget.

Kjell Kjerland hadde eit par merknader til målet i årsmeldingi. Der det stod ”undersøkt” burde det ha stade ”røkt etter”, og i staden for ”utan resultat” (tvo stader) kunde ein skriva ”utan å lukkast”. Desse mistaki var so grove at dei burde rettast upp, meinte Kjerland.

Ludvig Jerdal spurde um kor mange lagsfolk Vestmannalaget hadde i 2000. Han sakna fråsegn um boklageret laget hev hjå Bokreidingslaget. Dessutan ynskte han å få greida på korleides det hadde gjenge med festekontraktarne på dei eigedomarne Vestmannalaget eig. Det var meldt frå um at dei skulde verdsetjast å nyo, og at festeprisarne skulde setjast upp i samhøve med det. På spursmål frå Jerdal for nokre år sidan hadde Leiv Flesland sagt at han sat med festekontraktarne, og Jerdal undrast på kvifor Flesland ikkje kunde svara for kvar dei fanst no. – Kva hev han bygt på?, spurde Jerdal. Jerdal vilde hava svar på kvifor kassastyraren i Vestmannalaget hadde vorte sett til å føra rekneskapen for Fritz Monrad Walles fond. Endeleg sakna han noko um det som hende på årsmøtet i Bygdelagsnemndi. Dei vilde setja um logi til gjeldande rettskriving, men då Vestmannalaget truga med å melda seg ut um so vart gjort, vart rettskrivingi som fyrr (1917).

Formannen svara på spursmåli frå Jerdal. Han hadde røkt etter fleire stader for å finna festekontraktarne, jf. årsmeldingi. Han hadde millom anna vore i Hirth-heimen, men dei var ikkje der. Han trudde at festekontraktarne hadde gjenge tapt, og at det laut skrivast ut nye frå byskrivaren. Det kostar 120 krunor for kvar kontrakt, og det er mange kontraktar (minst 60-70). Når det galdt boklageret fortalde han at Vestmannalaget hadde leigt kontorrom hjå Nei til EU i C. Sundtsgate 28. Det var ikkje rom til noko boklager der, men stjorni hadde valt å nytta seg av det tilbodet likevel. Formannen sagde at det var 97 lagsmenner i Vestmannalaget som hadde svara lagspengar i 2000 (det er til saman 144 lagsmenner). Når Leiv Flesland, som hadde vore forretningsførar for Fritz Monrad Walles fond, hadde vorte uppsagd, kom det av økonomiske grunnar. Det var billegare å nytta Sigbjørn John Huun, som sat i stjorni.

Sissel-Anny Hjelmtveit totte at årsmeldingi var greid nog, men ho hadde nokre merknader som kunde få mykje å segja for deim som skulde skriva lagssoga. Det burde ha kome fram kven det var som skreiv brevet frå dei 13 lagslemerne som vart sendt til formannen. Dinæst burde det ha stade at éin av desse 13 hevda at han ikkje hadde gjeve løyve til å nytta namnet hans til dette fyremålet. Hjelmtevit mælte òg imot at formannen skulde hava innkallingsrett til umframt årsmøte. Det hev ikkje vore vanleg praksis i laget, og det finst helder ikkje studnad for det i logi, hevda Hjelmtveit. Ho spurde òg kvifor det ikkje vart nokon sumartur, og vilde at det skulde ha stade noko i årsmeldingi um at det var fåe som møtte på jolarmøtet og at det jamt yver hev vore mindre frammøte på lagskveldar. Samstundes hev Vestmannalaget fenge fleire midlar frå Fritz Monrad Walles fond enn tidlegare, og Hjelmtveit undrast på kva pengarne hadde gjenge til.

Formannen svara på spursmåli frå Hjelmtveit. Han lagde vekt på at det hadde vore uråd å få til noko godt samarbeid i stjorni etter at Hjelmtveit på eigi hand kalla inn stjorni til møte for pengeinnsamling til Vestnorsk utvandrarsenter. Formannen meinte at ein laut koma fram til ting i fellesskap, og slike soloutspel som Hjelmtveit hadde kome med kunde ikkje nyttast i stjornararbeidet.

Til spursmålet um innkallingskompetanse til umframt årsmøte, hevda formannen at han hadde slik kompetanse. Sumarturen hadde for fåe påmelde til at det var tilrådeleg å gjenomføra honom (5 stykke). Det låge talet på påmelde syner nog at laget var inne i ei vanskeleg stoda i mai og juni. Det var 33 stykke med på jolarmiddagen. Det er millom 5 til 8 mindre enn det hev bruka å vera. Frammøtet på lagsmøti hev vore ymsande. Innimillom hev det vore godt, slo formannen fast. Det skil seg lite frå åri fyre. For jolarmøtet hadde han ikkje høyrt anna enn godord frå dei som hadde vore til stadar. Pengarne som hadde gjenge frå Fritz Monrad Walles fond hadde millom anna trygt laget eit godt yverskot. Formannen viste elles til rekneskapen som kunde gjeva meir noggranne svar på spursmålet åt Hjelmtveit.

Hjelmtveit tok replikk og heldt fram at dette var Marøys framstelling. Marøy tok motreplikk og spurde kva som var hennar framstelling. Hjelmtveit svara at ho hadde inkje å leggja til.

Bjarne Storheim vilde vera so brysam at han kom med merknad til møteboki, som han sjølv ordlagde seg. Han meinte at stjorni hev vore sers dugande, men einsidug. – Det segjest at det er sigerherrarne som skriv soga. Ånd og innhald i årsmeldingi talar for kven som treng rettferduggjering, sagde Storheim. Han skyna ikkje kva som var so uheiderleg med framferdi åt varaformannen som vilde verta formann. – Eg heldt meg undan valstriden, og freista helder å mekla millom partarne, hevda han vidare. Storheim kunde ikkje godtaka innkallingi til det umframe årsmøtet, og meinte at det var ulovlegt. Difor sette han plassen sin til stjorni ledug. No når det var den stjorni som vart vald på dette umframe årsmøtet som hadde kalla inn til dette møtet, kunde det ikkje vera gyldig det helder. – Kvifor forlèt me ikkje møtet?, spurde Storheim. Etter denne utleggjingi lagde han fram merknaden han vilde hava til møteboki:

Etter munnleg grunngjeving hadde Bjarne Storheim slik tilføying/merknad til Årsmeldingi: Bjarne Storheim gjekk ut or stjorni i protest mot at det vart halde ekstraordinært årsmøte, og dermed umval. I ordskiftet kring møteinnkallingi hadde Storheim gjeve varsel um dette.

Robert Willanger sagde at han aldri hadde upplivt noko so ufyseleg som at medlemer av eit styre ikkje kunde ordna upp seg imillom, og at det skulde standa i ei årsmelding at samarbeidsvanskarne var so store at eit fleirtal av stjorni kalla inn til umframt årsmøte, totte han var skræmande.

Formannen tok ordet. Han hadde allveg arbeidt idugt for å gjera Vestmannalaget til eit drivande mållag. Millom anna hadde han vilja taka upp arbeidsprogram på 2-3 stjornarmøte, men fenge til svar at ”det kann me ikkje taka upp”. Dinæst kallar Sissel-Anny Hjelmtveit inn stjorni for å løyva pengar til Vestnorsk utvandrarsenter. Dette soloutspelet øydelagde mykje for arbeidsklimaet i stjorni, og gjorde det vanskeleg å halda fram lagsarbeidet.

Formannen vart avbroten av eit krav frå møtelyden um at det vart valt ny møteleidar. Etter framlegg frå formannen vart Harald Trefall vald samrøystes. Han tok yver ordet og stod på at det var årsmeldingi møtelyden skulde halda seg til. Samstundes uppmoda han Sissel-Anny Hjelmtveit um å få merknaderne hennar med rette tal.

So fekk Leiv Flesland ordet. Han hadde vore rekneskapsførar for Fritz Monrad Walles fond, og undra seg yver kvifor han ikkje fekk gjera ferdug rekneskapen fyre han vart uppsagd. Kontofullmakterne til fondet hadde vorte tekne frå honom i juli 2000 utan at han vart spurd.         – Anten er dette ærekjenkjande, elder so må eg ha gjort noko riv ruskande gale, sagde han. Han hadde helder ikkje fenge nokor uppgjerd for rekneskapsføringi dei seinste tvo åri. Endelegt hevda han at han aldri hev sét ein einaste festekontrakt: – Den einaste som kann svara for dette, må vera Ludvig Jerdal, avslutta Flesland.

Ordstyraren (Trefall) spurde um Flesland vilde hava nokon merknad til møteboki um dette, men fekk ikkje noko svar.

Trefall hadde no teikna seg sjølv og heldt fram at Sissel-Anny Hjelmtveit hadde vorte vald på eit lovlegt årsmøte. Ein burde ikkje ha kalla inn til umframt årsmøte, men helder halde fram det vanlege årsmøtet på eit lagsmøte. Når det var sagt, laut ein ganga ved at òg Lars Bjarne Marøy var lovleg vald. Det umframe årsmøtet var gjort kjent for alle lagslemerne, og dei hadde fenge høve til å taka stoda til samansetjingi i stjorni. Dessutan hev mindretalet godteke valet som vart gjort på det umframe årsmøtet fram til no, lagde Trefall til. Den sitjande stjorni hadde havt sers mykje å gjera. Då kunde ein lett tapa seg burt i formalitetar. Men det hadde ikkje vorte teke upp meir av formalitetar enn det som hadde vore naudsynt, og Trefall drog fram det store arbeidet stjorni hadde havt med å laga framlegg til nye loger for laget.

Næste talar var Otto Dyrkolbotn. Han sagde at det som var gjort, var gjort. No laut laget sjå frametter. Han meinte at Vestmannalaget var alt for lite uppteke av dagnære samfundsspursmål. Det var for lite driv, og ein putla for mykje med soga og med i-mål. Målreisingi er eit middel til samfundsengasjement og politikk, hevda Dyrkolbotn. Han peika millom anna på at det var mangt dagnært politisk stoff å henta i millomkrigssoga.

Ludvig Jerdal sagde frå um ei rad ufjelge røynslor han og andre hadde gjort i samband med striden i Vestmannalaget. Folk hadde sendt ufyselege brev, uppsøkt folk og skjelt deim ut. Det var lite trivelegt. I ordskiftet i Bergens Tidende hadde han som gjorde framlegg um Sissel-Anny Hjelmtveit til formann sagt beint fram at han ikkje var målmann. – Tilhengjararne åt Hjelmtveit hev flytt frå laget, sagde Jerdal. Dei hev ikkje vore på møte og fylgt upp lagsarbeidet.

Jerdal las so upp eit brev han hadde fenge frå Frøydis Lehmann. I brevet skreiv Lehmann m.a.: ”Eg reknar deg ikkje for å ha injurierande kraft. Sjølv um det ser ut til at du gjer det du kann for å æreskjella folk.” Lars Bjarne Marøy kalla ho ”hustrælen til Jerdal”. Attåt skreiv ho at Jerdal hadde påført laget so stor skade at han burde ekskluderast, og ho peika på  korleides Jerdal skulde ha trakkasera medlemer i Vestmannalaget. Einkvan må setja munnkorg på Jerdal, heitte det. I same brevet hevda Lehmann at Hjelmtveit ikkje visste noko um søknaden frå Vestnosk utvandrarsenter då han vart send til Vestmannalaget. Ho kom òg med hogg mot Harald Trefall ”og det han stend for”. Til slutt i brevet uppmoda ho Jerdal um å halda seg til nekrologarne, der kunde han i alle fall ikkje gjera nemnande skade.

Leidulv Hundvin meinte at dette brevet ikkje høyrde med under årsmeldingi, og kom med nokre merknader sjølv. Han totte det skulde ha stade at jolarmøtet var eit festmøte, og at det var med ein gild munnspelar på lagsmøtet 25. januar. Han undrast elles på kvifor det hadde vorte yverført pengar til Vestmannen. Bladet hadde då rikeleg med pengar. Han kom òg inn på rolla åt Leiv Flesland i Fritz Monrad Walles fond. Det var Hundvin som i si tid tok kontakt med Flesland og bad honom um å føra rekneskapen for fondet. Hundvin totte han hadde gjort godt arbeid, og hadde elles inkje vondt å segja um Leiv Flesland. – Han hev ikkje gjort noko gale, og uppdraget hans for fondet skulde ikkje vore uppsagd, hevda Hundvin.

Hundvin heldt fram med å mæla imot det formann Marøy hadde sagt um at han vilde gjera Vestmannalaget til eit drivande mållag. – Vestmannalaget hev vore eit drivande mållag!, hevda Hundvin og fortalde um lagsarbeidet i tidi då han var formann.

Harald Trefall tok replikk til innlegget åt Hundvin og sagde at det ikkje stend noko i årsmeldingi um at Flesland hadde gjort ein dårleg jobb.  Harald Trefall kom òg med ein stutt merknad um at formannen knapt hadde meint at laget ikkje hadde vore drivande fyrr. – Marøy vil berre halda fram det gode arbeidet so laget kann segjast å vera drivande i dag òg, sagde Trefall.

Etter dette fekk formannen ordet. Han sagde at han hadde vona på eit anna årsmøte. – Kor som er hev eg plikt til å gjera greida for arbeidet mitt, slo han fast. Han viste til brevet Jerdal hadde lese upp og sagde at han hadde fenge liknande brev der både han, ættingarne og huslyden hans hadde vorte dregne inn i striden i Vestmannalaget. – Ættingarne mine og huslyden min hev inkje med dette å gjera, slo formannen fast. Ordi um at han ynskte å gjera Vestmannalaget til eit drivande mållag, var ingen duld kritikk av tidlegare formenner i laget, men vyar for framtidi. Han sagde at det var naudsynt for Vestmannen å få tilført meir pengar av di bladet hadde fenge auka lønsutlogor det seinste året. Midelen kunde verta nedtærd snøgt um det ikkje vart tilført meir pengar.

Til å tyda ut kvifor Flesland hadde vorte uppsagd, tok Marøy upp fleire tilhøve som han kunde dokumentera. Hovudgrunngjevingi var at laget kom til å spara pengar på å segja honom upp. Flesland hadde nett sendt rekning på 17 000 kr, og det berre for halvanna år. Men det var fleire tilhøve som skunda på eit umskifte òg. Han viste til eit brev frå Kredittilsynet som synte at Flesland hadde korkje autorisasjon elder registrering til å vera rekneskapsstyrar for andre i næring. Likevel hadde Leiv Flesland eit firma som dreiv med rekneskapsføring i næring, som hadde vore nytta i rekneskapsføringi. Denne framgangsmåten var lite sætande, slo formannen fast. Attåt viste formannen til at Flesland hadde neitta å gjeva frå seg rekneskapsvedlegg når han vende seg til honom for Halldor O. Opedals fond. Flesland hadde vist til advokat. Det hadde ført med seg ein rettsleg prosess. Med slike tilhøve millom formannen og Flesland var samarbeidsvilkåri vanskelege. Dessutan hev det synt seg i ettertid at Flesland hadde mishalde og vore ugild i samband med eit lån frå Opedalsfondet. Tilhøvi i Halldor O. Opedals fond hadde synt til fullnads at Flesland ikkje var til å lita på.

Hundvin braut av formannen og hevda at dette hadde inkje å gjera med Fritz Monrad Walles fond. Leiv Flesland braut inn og hevda at heile lånet frå Opedalsfondet var svara attende med rentor.

Marøy heldt fram og sagde at saki med Opedalsfondet hadde tvinga både Opedalsfondet og Vestmannalaget til å gjera uppdragi åt Flesland til rettslege spursmål. Det kunde ikkje halda fram soleides. Det var til stor skade for målsaki og målarbeidet.

John Marhaug gjorde greida for arbeidet med festekontraktarne. Han kunde ikkje skyna kvifor stjorni hadde skipa seg med ny kassastyrar og yverteke kontofullmakterne åt Bjarne Storheim, utan at dei hadde varsla Storheim. Han uppmoda stjorni til å setja seg godt inn i festetilhøvi. – Stjorni må te seg skikkeleg i høve til festekontraktarne, slutta han av.

Etter innlegget åt Marhaug tok møtelyden ei kvild på 20 minutt.

Etter kvildi vitra Harald Trefall um nokre merknader som hadde kome inn til årsmeldingi. Den eine merknaden frå Bjarne Storheim er attgjeven ovanfyre. Denne merknaden hadde kome inn frå Sissel-Anny Hjelmtveit:

1        For det fyrste burde det ha kome fram av  årsmeldinga kven som organiserte og skreiv dette kravet for dei 13,

2        og for det andre burde det stått at ein av desse 13 på det omframme årsmøtet tydeleg sa ifrå om at han ikkje hadde gjeve dei løyve til å bruka namnet sitt i eit slikt skriv, og at denne lagslemen gjekk frå møtet før valet.

3        Det er heller ikkje nemnt i årsmeldinga at formannen ikkje retta seg etter kravet frå dei 13 som ba styret kalla inn til omval. For han samrådde seg ikkje med styret om innkallinga. Det burde han ha gjort. Det hadde vore formelt rett og mykje klokare.

Ludvig Jerdal fekk ordet og sagde at det var fyrste gongen han hadde høyrt umtala i Vestmannalaget at Halldor O. Opedals fond hadde ytt eit lån til stiftingi Regionsoga Nord- og Midhordland som gjev ut bokverket Strilesoga. Det var uppgjeve at lånet til stiftingi var på 150 000 kr. Jerdal vilde gjerne høyra meir um det.

Ordstyraren uppmoda um at ein no gjekk til næste sak på saklista.

Vedtak: Årsmeldingi vart godkjend samrøystes, med dei merknaderne som hadde kome inn.

Sak 3  Rekneskapen

Harald Trefall vitra um rekneskapen.

Ludvig Jerdal spurde um bakgrunnen for eit utlegg på 750 krunor, som han meinte Sissel-Anny Hjelmtveit hadde nytta til å senda ut eit skriv til lagsfolki i Vestmannalaget og nokre til.

Kassastyraren, Sigbjørn John Huun, svara at denne summen vart svara åt Sissel-Anny Hjelmtveit 7. april 2000. I rekneskapsboki stend det at det var til porto.

Jerdal spurde so um kven det var som svara ut desse pengarne. Det kunde ikkje Huun svara på, av di han ikkje var kassastyrar i Vestmannalaget den gongen. Jerdal vilde òg vita um desse pengarne hadde gjenge til det brevet Sissel-Anny Hjelmtveit hadde sendt til lagsfolki i mai i 2000.

Sissel-Anny Hjelmtveit sagde at pengarne til det brevet Jerdal viste til ikkje hadde gjenge ut or lagskassa. Hjelmtveit hadde gjeve dei frimerki det var tala um til den gamle kassastyraren, som skulde gjeva deim vidare til den nye kassastyraren.

Torleiv Konglevoll sagde at dei var mange som hadde lagt ut pengar til porto. Me var saman um det.

Leidulv Hundvin undrast på um Vestmannalaget hadde fenge pengar frå Folkeakademiet i Hordaland. Dessutan meinte han at bilætet som heng på Hordaheimen burde trygdast mot tjuveri.

Formannen svara at det var søkt, men pengarne for 2000 var ikkje komne enno. Det var kome inn 720 kronor for 1999. Me fær berre for tri møte for året, sagde han. Formannen upplyste um at Hordaheimen hev lova å trygda målarstykket, men hadde ikkje havt tid eller høve til å røkja etter um det var gjort.

Vedtak: Rekneskapen for Vestmannalaget for 2000 vart samrøystes godkjend.

Sak 4  Arbeidsprogram for Vestmannalaget

Harald Trefall las upp framlegget til arbeidsprogram frå stjorni.

Det var fleire i møtelyden som vilde utsetja saki um arbeidsprogram. Eitt framlegg var å taka det upp på eit lagsmøte. Formannen meinte at arbeidsprogrammet laut vedtakast fyre stjornarvalet. – Næste årsmøte lyt vurdera um stjorni hev gjort arbeidet sitt, sagde han.

Otto Dyrkolbotn meinte at dette arbeidsprogrammet var i samsvar med det han vilde laget skulde arbeida med.

Sissel-Anny Hjelmtveit meinte at årsmøtet ikkje kunde taka ved at stjorni skal fylgja arbeidsprogrammet. Ein kann koma med ei uppmoding, men ikkje noko pålegg. Tiltaki i framlegget som låg fyre var gode og viktuge, men vél ambisiøse. Her er det sett upp tiltak som ikkje ein gong Noregs Mållag greider å få gjort noko med.  – Resultatet til næste år kann verta lite, runda ho av. 

Leidulv Hundvin var samd med fyrre talar. – Ein kann ikkje sjå og leggja planer for eit heilt år fram i tid, hevda han.

Håvard Tangen totte at Noregs Mållag var ein vesal mælestav. Vestmannalaget gjev ut Vestmannen ti gonger i året. Ingen i Noregs Mållag greider noko tilsvarande. Me må sjå ljost på vonerne til å lukkast i arbeidet vårt, slutta Tangen av.

Formannen kravde røysting yver arbeidsprogrammet. Eit årsmøtevald styre må i minsto kunna binda seg til eit arbeidsprogram. Elles er det ikkje mykje verdt elder mykje å lita på, hevda han. Framlegget um arbeidsprogram frå styret vart teke upp til røysting. 16 røysta for arbeidsprogrammet, medan 18 røysta mot.

Vedtak:  Framlegget til arbeidsprogram vart teke til vitende. Medlemer som hev noko på hjartat, sender brev til stjorni.

Sak 5  Budsjett for Vestmannalaget

Sigbjørn John Huun lagde fram budsjettet.

Formannen gjorde greida for postarne. Bjarne Storheim hevda at det var uturvande å føra yver 50 000 krunor frå Fritz Monrad Walles fond til Vestmannalaget. Eiga til laget var no so god etter seinste arbeidsåret at ein kunde skjera ned på denne yverføringi.

Formannen gjorde framlegg um at posten gjekk ned med 10 000 kronor til 40 000 kronor. Bjarne Storheim gjekk med på det.

Leidulv Hundvin tala varmt for at lysingsposten måtte nyttast fullt ut. Grunnen var at han vilde hava større lysingar i Bergens Tidende. Det seinste året hadde lysingarne skrumpa inn, so det mest ikkje var råd å leggja merke til dei, hevda han. Hundvin meinte at budsjettet ikkje var meir å tala um. – Me kann ikkje bruka meir tid på å tenkja framyver, lagde han til.

Vedtak: Budsjettet vart vedteke med stort fleirtal. 3 var fråhaldande.

Sak 6  Fritz Monrad Walles fond

Formannen vitra um bakgrunnen for Fritz Monrad Walles fond. Leiv Flesland, som hadde vore forretningsføraren åt laget for fondet, vart uppsagd av økonomiske grunnar. Det var billegare å nytta Sigbjørn John Huun, som sat i stjorni. Han fortalde at etter at Flesland vart uppsagd, hadde han gjeve frå seg rekneskapen for fondet til ettersynsmannen (John Marhaug). Avtala hadde vore at Flesland skulde gjeva rekneskapen til Huun, men det hadde han ikkje gjort. Huun hadde so ført og gjeve frå seg rekneskapen for andre halvåret til Marhaug. Marhaug hadde vorte sitjande med rekneskaparne og hadde ikkje makta å setja dei saman fyre årsmøtet. Marhaug hadde inkje å segja til nokon av føringarne åt Flesland og uppsetet åt Huun, men han meinte det ikkje var tilrådelegt å leggja fram rekneskapsuppseti av di dei låg fyre kvar for seg. Heile rekneskapen laut leggjast fram samla. Formannen uppmoda so Marhaug um å koma med ei vitring til årsmøtet.

John Marhaug vitra um stoda i fondet. Han kunde ikkje skyna kvifor det hadde vorte eit skifte i rekneskapsførar frå Leiv Flesland til Sigbjørn John Huun. Han hadde elles ikkje noko å segja på nokon av deim; dei var båe dugande, men det var uskynlegt at dei hadde skift ut Flesland. Og Marhaug hadde ikkje greidt å få samla ihop dei tvo rekneskapsuppseti.

Sigbjørn John Huun vitra um rekneskapen, og lova at han skulde leggjast fram på eit lagsmøte.

Leiv Flesland hadde ordet, han òg. Stjorni hadde teke kontakt med honom fyrst i går kveld. Han kunde ikkje skyna kvifor dei ikkje hadde gjort det fyrr. Han gjorde merksam på at det ikkje hadde vorte sendt melding åt bygslararne um byte av rekneskapsførar.

Formannen fortalde at det var reidt i stand brev til bygslararne, men dei var ikkje utsende enno. Ettersynsmannen hadde elles sete med rekneskaparne i meir enn ein månad, og hadde ikkje greidt å finna ut av deim til no, soleides at han kunde godkjenna rekneskapsuppseti frå Huun og Flesland. No var det Sigbjørn John Huun som måtte standa for ei samanføying av rekneskaparne. Å føra rekneskapen kunde ikkje vera nokor uppgåva for ettersynsmannen, slo Marøy fast.  – Hev ettersynsmannen noko å leggja til?, spurde Marøy. Marhaug hadde inkje å leggja til.

Sak 7  Krohn og Hustrus legat

Formann Marøy vitra um stoda i legatet. Det stend um lag 39 000 krunor i legatet.

Vedtak: Årsmøtet tok vitringi frå Marøy til vitende.

Sak 8  Årsmelding for Vestmannen

Lars Bjarne Marøy, som er bladstyrar i Vestmannen, las upp årsmeldingi for bladet.

Leidulv Hundvin meinte det var godt gjort av Marøy å taka på seg arbeidet med bladet etter at Jostein Krokvik laut gjeva seg. Han sakna meir stoff um Vestmannalaget. Yvergangarne i bladet er for mange, og det hender at det er stykke utan slutt der. I seinste nummer (3/2001) var det tvo stykke um same boki. Det er ein uting. Og so var det so mange fæle ord i det eine stykket. – Me veit at det finst slike ord, men me kann ikkje bruka deim, i alle fall ikkje i Vestmannen, sagde Hundvin.

Ludvig Jerdal var like støkt av dei mange yvergangarne og dei tvo bokmeldingarne. Dessutan etterlyste han lista yver gåvor til bladet i Vestmannen nr. 3. – Det er viktugt å syna at me set pris på gåvorne, og serleg sidan det siste nummeret kom ut rett fyre det var påskehøgtid og ein månads bladstogg, slo Jerdal fast.  

Håvard Tangen meinte at bladstyraren gjorde eit framifrå godt arbeid. – Me skal vera glade for at me gjev ut bladet so ofta, sagde Tangen, og peika på at det er ei sersyn i målrørsla.

Marøy svara på motleggi som hadde kome. Han hadde teke upp dei same tingi med prenteverket, utan å lukkast noko serleg. Han gjorde merksam på at han hadde tronge arbeidsvilkår, men han hadde gode voner um å få bøta på vanskarne med hardt arbeid. Same kva vilde han taka med seg dømingarne i arbeidet med bladet frametter.

Vedtak: Årsmøtet tok årsmeldingi for Vestmannen til vitende, med dei merknaderne og synsmåtarne som hadde kome fram.

Sak 9  Arbeidsplan for Vestmannen

Harald Trefall las upp arbeidsplanen for Vestmannen.

Vedtak: Årsmøtet tok arbeidsplanen for Vestmannen til vitende.

Sak 10  Val

Formannen vitra um dei vali som skulde gjerast. Stjorni var viljug til å halda fram eit år til. Dei som hadde sete i stjorni, var:

Lars Bjarne Marøy (formann), Harald Linga, Sigbjørn John Huun, Finn Vabø og Bjørn Tormod Ringdal. Varamenner: Harald Trefall, Kjell Henry Knivsflå og Helge Liland.

Arnulf Hjelmtveit kom med benkeframlegg um Jon Askeland til formann. Han totte det var ei uverdug uppgåva å ljota reisa benkeframlegg, men me er ikkje tente med eit lag som utviklar seg so som laget hev gjort det seinste året, hevda Hjelmtveit. – Laget må vera det det hev vore, og det det er tenkt å vera.

Jon Askeland sagde at han hadde nog av andre uppgåvor, men at han var viljug til å taka på seg umbodet. Likevel skulde det helst ha vore eit kvende, lagde han til.

Etter at benkeframlegget hadde vorte reist, kravde den sitjande formannen at dei tvo formannsemni skulde koma med ei programfråsegn på det dei stod for i målpolitikken.

Torleiv Konglevoll mælte imot. Det var ikkje tid til slikt, hevda han. Trass i det totte ordstyraren at det var eit rimelegt krav, og han fekk tilslutnad frå salen. Dinæst fekk dei tvo formannsemni ordet.

Askeland fortalde at han var formann i Norsk Bokreidingslag. I samband med det umbodet nemnde han at dei skal gjeva ut Norsk Målsoga i den komande arbeidsbolken. Askeland sagde at han i røyndi ikkje hadde tid til å taka på seg formannsumbodet i Vestmannalaget, men at han totte det hadde vorte for mykje maskepi etter fyrre årsmøtet. Han totte at det hadde vorte for mange formalitetar og peika m.a. på at dette møtet hadde vara i snart 6 timar. Eg vil samla flokkarne, slutta han av.

Marøy sagde at han ynskte å halda fram arbeidet med laget slik han hadde gjort. Han meinte at laget laut nyast upp og at verksemdi måtte aukast for at det skulde ha slagkraft. Me må samla oss um å driva målreising, meinte han.

Det vart skriftleg røysting um formannsumbodet. 20 røysta på Jon Askeland, medan 15 røysta på Lars Bjarne Marøy, og Jon Askeland vart ny formann.

Etter utfallet av formannsvalet var kjent, sagde Lars Bjarne Marøy at stjorni var viljug til å halda fram med Jon Askeland til formann. Han vilde ganga ned til vanleg plass, og Finn Vabø vilde draga seg ut or stjorni. Han trudde at dei kunde få til eit godt samarbeid med den nye formannen.

Men Arnulf Hjelmtveit hadde framlegg til heilt ny stjorn: Bjarne Storheim, Sissel-Anny Hjelmtveit, Frøydis Lehman og Sveinung Ones.

Ludvig Jerdal fekk ordet og uppmoda møtelyden um å halda på dei fjore som hadde sete i stjorni til då.

Det vart skriftleg røysting um dei fjore plassarne i stjorni. Røysterne var bytte soleides:

Lars Bjarne Marøy                    19 røyster

Harald Linga                              19 røyster

Sissel-Anny Hjelmtveit               18 røyster

Frøydis Lehman             18 røyster

Sigbjørn John Huun                    17 røyster

Bjørn Tormod Ringdal               17 røyster

Bjarne Storheim             17 røyster

Sveinung Ones                           14 røyster

Med di vart Lars Bjarne Marøy, Harald Linga, Sissel-Anny Hjelmtveit og Frøydis Lehman valde til stjornarmenner.

Millom tvo av deim med 17 røyster vart det røysting um fyrstevaramannsplassen. Det var Sigbjørn John Huun og Bjarne Storheim. Storheim fekk 18 røyster og Huun 14, og soleides vart Bjarne Storheim vald til fyrste varamann. Sigbjørn John Huun vart vald til andre varamann, og Bjørn Tormod Ringdal til tridje varamann, båe med handklapp.

Det låg fyre framlegg um attval av ettersynsmennerne John Marhaug og Stein Eirik Foss. Dei vart valde med handklapp.

 

Til nytt bladstyre i Tuftekallen vart desse valde: Arne Holmin, Harald Linga, Lars Bjarne Marøy, Leidulv Hundvin, Nils Aksel Mjøs, Gunnar Gilberg, Eigil Lehman og Arnulf Hjelmtveit.

Sveinung Ones vart vald til fanevakt attåt formannen Jon Askeland.

Målsmennerne i Det norrøne grønlandslaget vart attvalde: Arne Holm, Ludvig Jerdal og Leidulv Hundvin.

Målsmennerne i Kyrkjenemndi vart attvalde: Ellen Vabø, varamann Ingebjørg Gilberg.

Til målsmenner i Bygdelagsnemndi vart desse valde: Jon Askeland, Finn Vabø og Ludvig Jerdal. Varamenner: Bjørn Tormod Ringdal og Sissel-Anny Hjelmtveit.

Til målsmann i Ivar Aasen-tunet vart Svein E. Kvamsdal vald, med Kjell Inge Bjørke til varamann.

Sak 11  Logbrigde for Vestmannalaget

Lars Bjarne Marøy vitra frå arbeidet med ny log for Vestmannalaget. Framlegget frå stjorni hadde vorte sendt til tri logkunnuge menner: Oskar Hordnes, banksjef Arne Holm og domar Ivar Gjelsvik. Dessutan hadde Ludvig Jerdal lese gjenom logi.

Erling Jensen gjorde framlegg um at det vart sett ned ei lovnemnd. Det vann ingen tilslutnad.

Torleiv Konglevoll gjorde framlegg um at det skulde peikast ut valnemnd. Framlegget frå Konglevoll vart forkasta av di det vilde vera å føra inn ein ny praksis utan lovheimel.

Det kom framlegg frå salen um å strjuka heile punktet um logbrigde. Dette vart gjort med 20 røyster. Med di vart ikkje saki fyrehavt meir på møtet.

Sak 12  Fråsegner

Det låg ikkje fyre nokon framlegg til fråsegner.

Møtet vart avslutta klukka 17.00

Med atterhald um godkjenning,

Smyli, 23. juli 2001

Klaus Johan Myrvoll

Møteboki er godkjend:

Inga Ovidia Gjerstad og Olav Torheim


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag