YMIST

Skal Noregs eldste mållag arbeida for målreising?

Vestmannalaget vart skipa 21. januar 1868 og er eldste mållaget i landet. Frå 1906 til 1962 sokna det til Noregs Mållag, men sidan 1965 hev det høyrt inn under landssamskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Vestmannalaget hev framigjenom vorte kjent som talsmenner for bygdarkulturen, verjarar av den nynorske song- og salmeskatten og sterke motstandarar av statleg samnorskpolitikk. Arbeid for og bruk av hevdvunnen nynorsk, slik Ivar Aasen grunnlagde honom, hev vore ei kjernesak for laget.

Det seinste tiåret hev det kome til ein ny ættled målfolk i Vestmannalaget som legg grunnleggjande vekt på målreising, ordskifte og utetterrett arbeid. Dei vil arbeida for målsaki av eldhug, og vil fremja klassisk norsk på alle umkverve. Samstundes hev det bygt seg upp ein motstraum hjå lagsfolk som reknar målsaki for ei tapt sak. Dei tykkjer at Vestmannalaget kann vera ein hyggjeleg møtestad, men ser ikkje på laget som nokon stridsorganisasjon for Aasen-mål, og ynskjer ikkje å stydja tiltak ut yver lagsmøti. Det er bakgrunnen for dei tvo flokkarne som hev stade fram på årsmøti i laget dei seinste tri åri, seinast no på årsmøtet 14. mars (jf. umtale i BT dagen etter).

Dei som hev sete med fleirtalet i stjorni sidan årsmøtet i 2001, Sissel-Anny Hjelmtveit, Frøydis Lehmann og Jon Askeland, hev millom anna sagt upp Lars Bjarne Marøy frå stillingi som bladstyrar i Vestmannen og stogga utgjevingi av bladet. Vestmannen kjem i eit upplag på 700, og hev i dei syttan åri bladet hev kome ut, vore eit kulturblad med vid synskrins. Stjorni hev ikkje lagt fram nokon planar for framleides utgjeving av Vestmannen. Nokre iduge ungdomar som hev arbeidt mykje med bladet i lag med bladstyrar Marøy, hev tilbode seg å driva det vidare, men stjorni hev berre skove deim frå seg. Stjorni hev helder ikkje vilja segja noko um kva Vestmannalaget skal arbeida for, og ho hev neitta å vedtaka arbeidsplan og budsjett for laget.

På årsmøtet 14. mars kom dette til synes att. Då det vart gjort framlegg um at arbeidsplan og budsjett vart førde upp på saklista, gjorde formann Askeland, som attåt var ordstyrar, det klårt at han vilde røysta imot. Han lagde fram saki som at møtelyden skulde røysta um dei vilde hava ”endå ei sak til på saklista”. Framlegget vart røysta ned av fleirtalet i salen. Det at ho hadde fleirtalet med seg, utnytta stjorni rått. Fyre møtet byrja neitta ho fleire av dei frammøtte røysterett, jamvel um dei kunde leggja fram kvitting på at dei hadde lagt lagspengar. Grunngjevingi var at stjorni ikkje hadde godkjent deim på stjornarmøtet dagen fyre. Med andre ord skulde det vera upp til stjorni sjølv å velja ut kven som skulde hava røysterett på årsmøte i laget.

Under punktet um årsmelding vart det fremja ein merknad um Vestmannen som gjekk ut på at årsmøtet sagde seg leidt for at bladet hadde vorte stogga, og uppmoda stjorni um å få det i gang att med ti nummer i året som fyrr. Stillingi som bladstyrar kunde lysast ut, heitte det. Denne merknaden fekk ikkje fleirtal. I staden vart det vedteke eit framlegg frå Ludvig Jerdal som gav stjorni fritt høve til å leggja ned bladet um ho vilde det. Stoda for bladet er difor heilt i det uvisse etter årsmøtet.

Då møtet var lide fram til at ny stjorn skulde veljast, uttala Jon Askeland at han vilde hava ei ”rein” stjorn, det tyder ei stjorn utan nokon frå mindretalet. Etter at han hadde vorte attvald til formann, gjorde han det klårt at han kom til å trekkja seg um han ikkje fekk det som han vilde. Når ein ser at tvo av dei nye han fekk med seg i stjorni, Trygve Lande og Jo Gjerstad, hev nær tilknyting til Norsk Bokreidingslag, der Jon Askeland er formann, må ein spyrja seg um kva for eit mål han hev med ei ”rein” stjorn. Norsk Bokreidingslag hev vore vanstyrt gjenom mange år, og rekneskapstal for 2000 syner ei skuld på fleire hundrad tusund krunor. Forlaget hev no styrefleirtalet i Vestmannalaget (Askeland, Lehmann, Lande), og attåt er den største skuldmannen, Jo Gjerstad frå prenteverket Bodoni hus, fyrste varamann og møter fast i stjorni. Ynskjer Askeland å føra yver pengar frå Vestmannalaget so han kann berga eigen bak i det konkurstruga Bokreidingslaget?

Vestmannalaget er eitt av lokallagi i Ivar Aasen-sambandet, den landsfemnande samskipnaden som arbeider for hevdvunnen norsk. Etter vedtaki på årsmøtet 14. mars spyrst det um ikkje laget bør tenkja gjenom medlemsskapen sin.

Klaus Johan Myrvoll
formann i Ivar Aasen-sambandet


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag