YMIST

Notat um Vestmannen

På årsmøtet i Vestmannalaget 28. april 2001 vart Jon Askeland vald til formann i laget. Etter den tid var han soleis den øvste andsvarlege for Vestmannen med di stjorni i Vestmannalaget er bladstyre for Vestmannen. Frå årsmøtet og fram til 19. oktober tok ikkje Jon Askeland på noko tidspunkt kontakt med meg som var bladstyrar eller kom med spursmål kring Vestmannen. I august flutte eg frå Bergen til Kongsvinger. Då laut eg lata att i Bergen det meste av det som galdt Vestmannen. Det hev gjort at eg ikkje hev havt beinveges yversyn yver alt som gjeld bladet. Eg hev heller ikkje havt høve til å møta på stjornarmøte i Vestmannalaget. I den same tidarbolken hev eg vore nøydd til å leggja um redigeringsarbeidet drastisk. No set me bladet ferdig på data fyre det vert sendt til prenteverket, og eg hev engasjert tvo hjelpesmenn, Olav Torheim og Klaus Johan Myrvoll. Dette arbeidet hev vore sers tidkrevjande. Det hev tidvis vore vanskar med utformingi av bladbunaden, men etter mitt syn hev desse vanskane løyst seg.

Det hev kome kritiske spursmål til økonomien åt Vestmannen, både frå stjorni og Ludvig Jerdal. Millom anna hev det vorte reist spursmål ved at eg hev fenge løn. Det stemmer at eg hev fenge løn, men det hev vore løn med skattetrekk, og sjølv hev eg ikkje havt nokor stor vinning av dei summane som hev vorte utbetala. Mesteparten hev tvert imot gjenge burt i skatt av di stjorni ikkje hev vilja registrera Vestmannen i fyretaksregisteret. Soleis sat eg att med ei nettoinnkoma på umlag 9000 kronor i 2000. Dette er mindre enn den årlege gåva som stjorni gav Jostein Krokvik i bladstyrartidi hans. Dersom stjorni vilde ha gjort brigde i lønsskipnaden, kunde ho ha teke det upp med meg. Det gjorde ho aldri. Elles vil eg få streka under at eg hev fylgt budsjettet for Vestmannen som vart vedteke 11. desember 2000, med undantak for naudsynte innkjøp av data- og kontorutstyr på i underkant av 15 000 kronor. Stjorni hev aldri gjort korrigeringar i budsjettet, og ho hev ikkje på noko tidspunkt kome med innspel til korleis me kunde auka innkomone åt bladet.

Pr. i dag er økonomien til Vestmannen prega av vantande innkomor og driftsunderskot. Det driftsunderskotet som kjem i 2001, kjem seg i stor grad av at det var uråd å få fastsett ein auke i bladpengane. Soleis fekk me ikkje sendt ut innbetalingsgiroar til tingarane i november/desember. Det må stjorni taka på seg skuldi for. Vantande innbetalingar av bladpengar for 2002 i slutten av 2001 utgjer truleg so mykje som kring 50 000 kronor (medrekna gåvor). Attåt kjem vantande tilskot frå Vestmannalaget gjenom Fritz Monrad Walles fond (15 000 kronor) og frå Halldor O. Opedals fond (10 000 kronor). Stjorni hev elles med framferdi si skapt so mykje uvissa kring framtidi til Vestmannen at det hev vore uråd å driva noko serleg økonomiarbeid med freistnader på å skaffa nye tilskot til bladdrifti. Det gjer at Vestmannen vert ståande att med eit stort driftsunderskot i 2001. Dessutan kjem ikkje bladøkonomien til å verta so god som han kunde ha vore i 2002, um bladet fær halda fram.

Mange hev kritisert bladet for at det hev vore for lite tilfang frå lagslivet i Vestmannalaget. Her kann eg berre segja stutt at stjorni hev havt fullt høve til å koma med stoff som gjeld Vestmannalaget. Det hev ikkje kome noko. Elles hev bladbunaden og redigeringi vorte kritisert, utan at kritikken hev vore serleg handfast. Då er det vanskeleg for ein bladstyrar å gjera umskifte i arbeidet sitt.

Jon Askeland og stjorni hev klaga på at det hev vore vanskeleg å få i stand møte eller dryftingar med meg um Vestmannen. 19. oktober vilde formann Askeland ha eit møte med meg i samband med at eg skulde vera i Bergen helgi etter. Fram til då hadde han som sagt ikkje teke kontakt med meg um saker som galdt Vestmannen. Askeland hadde kunna møta meg og tala uformelt med meg kva tid som helst den helgi, med di eg var med på å skipa til ein målkonferanse som Ivar Aasen-sambandet hadde i Bergen. Men han vilde absolutt møta meg sundag ettermiddag. Då var konferansen slutt, og eg laut fara heimatt til Kongsvinger.

I slutten av oktober sende stjorni meg eit skriv frå heiderslagsmannen Ludvig Jerdal. Jerdal er ein røynd bladmann og kjenner bladdrifti sers godt. Skrivet fortalde at Askeland og stjorni hadde rota med å få lagt fram rekneskapen for 2000 på eit lagsmøte, og det inneheldt detaljert kritikk av fleire sidor ved bladdrifti. Askeland hadde freista å leggja fram rekneskapen utan at revisormeldingi var reidug, og rekneskapen skal heller ikkje ha vore uppkopiert til medlemene i laget! Det undra meg at stjorni ikkje hadde sendt meg korkje rekneskap eller revisormelding. Men på denne tidi var det avgjerande at bladet kom ut. Eg kunde ikkje nytta tid på å gjera detaljerte etterrøknader og ettervisingar um alle tilhøvi Jerdal kom inn på, og samstundes få ut bladet. Formuleringi frå stjorni var heller ikkje serleg forpliktande.

15. november vende stjorni seg til meg for fyrste gong med handfaste spursmål um bladet. Eg fekk ein frest på fjortan dagar til å svara. Eg sende svar innan fresten der eg forklåra at eg ikkje kunde leggja fram dei upplysningane dei ynskte, av di eg i so fall laut fara til Bergen, og det hadde eg ikkje høve til. Stjorni svara med å gjera vedtak 3. desember um å løysa meg frå umbodet som bladstyrar for Vestmannen. Eg fekk vita um det i e-brev frå Jon Askeland dagen etter.

Då eg var heime i Bergen i romjoli vilde eg rydja upp i sakene. Eg gjekk då gjenom all den dokumentasjon eg sat inne med. Eg svara på skrivet frå Jerdal, eg svara på spursmåli um økonomien til Vestmannen og eg leverte frå meg rekneskapsvedleggi til rekneskapsførar Helge Liland. Dette tok mykje tid. Formann Askeland kontakta meg um eit møte der han vilde dryfta ei løysing med Jostein Krokvik til ny bladstyrar. Eg sende fylluge utgreidingar um stoda der eg la fram mitt syn på denne løysingi, og eg spurde kva tankar Askeland og stjorni hadde gjort seg kring denne og andre løysingar. Svaret eg fekk frå Askeland var at han ikkje var interessert i å svara på ”endelause rekkjor av spursmål”. På det grunnlaget uppfatta eg det som vanskeleg å få til ei løysing. Eg fekk dimeir ikkje tid til å gjera meir med saki av di ein nær slektning fall frå, stutt tid fyre eg skulde fara frå Bergen.

Stjorni ignorerte heilt at eg hadde arbeidskontrakt med bladstyret i den prosessen dei dreiv fram til stjornarvedtaket 3. desember og seinare. Difor upplyste eg stjorni um dette i eit brev dagsett 10. januar, endå ho skulde ha visst um det på fyrehand. Det førde til at stjorni vilde segja meg upp. Stjorni hev no sendt eit uppsegjingsbrev utan grunngjeving. Eg reiser tvil ved uppsegjingi og vil fylgja upp saki med stjorni. Det som iallfall er klårt, er at eg er bladstyrar enno i uppsegjingstidi. Stjorni skriv at siste arbeidsdagen min er 30. april. Eg sit pr. i dag med nok stoff til eit nytt nummer av Vestmannen, men stjorni hev tydelegvis so mykje imot at eg og hjelpesmennene mine held fram arbeidet med bladet, at dei ikkje vil gjeva løyve til det. Eg hev jamvel tilbode meg å arbeida vidare etter uppsegjingstidi utan løn, men stjorni hev ikkje vilja gå inn på slike løysingar.

Det ser ikkje ut til at stjorni hev evna eller vilje til å finna nokon ny bladstyrar. Den fyrre bladstyraren, Jostein Krokvik, hev vorte spurd, men han hev sagt at han i høgdi kann gjeva ut seks nummer i året. Difor gjorde han tidleg i januar framlegg til stjorni um at Olav Torheim, som hev stade for bladbunaden, tek på seg bladstyrargjerningi. Torheim hev i svar på fyrespurnad frå stjorni sagt seg viljug til dette, men han hev ikkje fenge noko svar attende.

Jon Askeland hev ved fleire høve halde attende informasjon for stjorni. Han hev sete med kopi av arbeidsavtala millom stjorni og meg og budsjett for Vestmannen vedteke av stjorni 11. desember 2000. Likeins let det til at stjorni ikkje hev sett seg inn i årsmeldingi for Vestmannen 2000-2001.

Askeland hev arbeidt mykje på eigi hand utan å konferera med stjorni. Han sende brev til Ludvig Jerdal med rekneskapen og revisormeldingi for 2000 fyre han hadde teke upp rekneskapen i stjorni. Eg fekk rekneskapen fyrst i 2002. Vidare sende han brev til Klaus Johan Myrvoll, som les korrektur på bladet, der han la fram ei rad grunnar til at han ikkje vilde ha meg til bladstyrar. Desse grunnane gjekk på tilhøve som galdt andre saker enn arbeidet mitt med Vestmannen. Askeland hev ikkje vilja svara meg på kva samband han hev havt med andre um bladdrifti, og korleis han eventuelt hev umtala arbeidet mitt med Vestmannen for andre. I januar sette han upp bladpengane til 200 kronor utan å samråda seg med stjorni. Prenteverket i Fiskåbygd kann stadfesta at det var Askeland som fyrst tok initiativ til å få sett upp bladpengane.

Frå fyrst av var det på tale at Jostein Krokvik skulde vera forretningsførar og ha kontofullmaktene til bladet. Men på stjornarmøte 24. januar tok Askeland yver kontofullmaktene sjølv i lag med kassastyraren i Vestmannalaget. Samstundes vart både bladstyraren og rekneskapsføraren fråtekne sine kontofullmakter. Rekneskapsføraren, Helge Lilland, hev arbeidt trufast for bladet sidan starten i 1985, og er den andre av dei tvo tilsette i Vestmannen. Stjorni hev ikkje freista å segja upp Liland.

I uppsegjingsbrevet dagsett 24. januar 2002 skriv Jon Askeland på vegner av stjorni:

”Me gjer merksam på at me fyrebels hev stogga prenting av nye utgåvor av bladet Vestmannen.”

Det er stoda for bladet i dag.

Kongsvinger, 11. februar 2002

Lars Bjarne Marøy


Lars Bjarne Marøy, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag