YMIST

Målsak meir enn tradisjonar

I Dag og Tid 6. april hev Jon Askeland eit innlegg der han forsvarar den lina som Vestmannalaget hev lagt seg på den seinste tidi. Askeland kjem med fåe svar på dei innvendingarne eg kom med i innlegget mitt 23. mars, men skriv mykje um tradisjonarne i Vestmannalaget. Det er vel og bra med tradisjonar, men spursmålet for ein framsynt målflokk er korso ein best kann føra deim vidare.

Askeland segjer at Vestmannalaget er ein ”erkebergensk institusjon”, og det er sant at laget hev sæte i Bjørgvin og held møti sine der, men det er ikkje det same som at det ikkje må standa til andsvars for resten av målrørsla. Tvert um, med Vestmannen hev laget fenge i stand eit blad som vert lese av folk frå heile landet, og som mange utanum deim som vankar på lagsmøti i Bjørgvin hev eit tilhøve til. Vestmannen er eitt av fåe utetterrette tiltak som Vestmannalaget driv, og bladet er unikt på den måten at det er det einaste bladet i landet som vert styrt på hevdvunnen norsk. I den tidi Lars Bjarne Marøy hev vore bladstyrar hev han greidt å nya upp bladet med nye skribentar, og han hev drege fleire med i arbeidet. Bladet vert no laga med moderne verkty og hev fenge eigne sidor på verdsveven.

Askeland segjer at ingen av deim som sit i stjorni ynskjer å leggja ned Vestmannen. Det kann vera at dei meiner det no, men um det hev vore tanken heile vegen, burde dei ha bore seg åt onnorleides. Det var den same stjorni som vedtok å stogga bladet, og som neitta bladstyrar Marøy å gjeva ut bladet i uppsegjingstidi si fram til 30. april, og det utan at dei hadde nokon ny bladstyrar å setja inn. Askeland nemner at stjorni sende ein fyrespurnad til ein av hjelpesmennerne hans Marøy um å verta ny bladstyrar, men ”det svaret me fekk, gav oss ikkje serlege voner um vilje til samarbeid med Vestmannalaget”. Sanningi er at Olav Torheim, som fekk denne fyrespurnaden, til dags dato ikkje hev fenge noko svar frå stjorni. Og so gjeng Askeland ut i Dag og Tid og avviser blankt at Torheim kann høva til ny bladstyrar. Korso vil Askeland forsvara denne framgangsmåten? Og kva var det i framlegget frå Torheim som stjorni ikkje kunde godtaka?

På eitt år hev Askeland og fylgjet hans skift ut heile stjorni i Vestmannalaget, og reinska Vestmannen for alle tidlegare medarbeidarar. Attåt hev dei fare fram på ein slik måte at det hev bygt seg upp so mykje uvissa ikring framtidi åt bladet at tingararne må ha mist all tillit. Askeland segjer at han hev bede Jostein Krokvik um å driva bladet frametter, men med tanke på helsa åt Krokvik kann ikkje det verta nokor varande løysing, i alle fall ikkje um bladet skal koma med ti nummer som fyrr. Den nye stjorni hev ikkje vilja segja noko um kva ho vil gjera for laget og bladet, og ho hev neitta å taka upp arbeids­plan og budsjett, tvo sjølvsagde årsmøtesaker i alle normale lag, til dryfting på årsmøti. Ikkje noko av dette vitnar um nemnande vilje til å taka målreisingsuppgåva åt Vestmannalaget ålvorleg.

Askeland segjer at Vestmannalaget allveg hev vore ”både selskapsklubb og mållag”. Etter hendingarne det seinste halvåret spyrst det um ikkje Askeland sit att berre med selskapsklubben og tradisjonarne.

Klaus Johan Myrvoll
formann i Ivar Aasen-sambandet


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag