YMIST

Knus samnorsken no!

Samnorsk hev vorte eit umgrep i norsk målsoga. Sume politikarar og teknokratar hadde kolsviartru på at det let seg gjera å smelta saman bokmål og nynorsk til eit mål. Denne politikken synte seg å vera nyttelaus i praksis.

Riksmålsforbundet hev fenge uppreising for dei reine yvergrepi som målet, og målbrukarane vart utsett for der. For nynorsken ser det derimot onnorleis ut.
Her vert det av mange rekna for betre å venda seg til alle slags påverknadskrefter heller enn til det nynorske kulturmålet som arbeidde seg fram etter Ivar Aasen.

Dei som var samnorskkoryfear innanfor nynorsklægret la vekt på politikk, juss og økonomi. Gjenom sidemålsstilen vart det økonomi i å produsera ordlistor. Difor lønte det seg å gjera endringar i nynorsken, for då laut det prentast nye ordlistor for alle skuleelevane i landet. Det vart ein heil industri i å driva språkpolitikk.

I staden for å nytta sidemålsstilen og nynorsken til ein kulturskapande faktor vart nynorsken gjort til eit mekanisk og teknokratisk mål. Ei rad døme på dette kann hentast frå uppnorskingstillegget til nynorskordlista. Ord som anledning, mulighet og forhold vert alle umsett med eit einaste ord høve. Nynorsken vert framstelt som ordfatig og blodfatig, og eit døyande språk på dette viset. Vokalrikdomen vart tynt ut. I Aasens mål kunde det heita "Det hev ei rosa sprungi", "soli ho sprett og ho glader", og mangt slikt. I ordlistemålet vert slikt plukka burt.

Fagnemndi i Norsk Språkråd og rådsmedlemene kann syna at dei tek avstand frå det samnorskteknokratiet ved å taka innatt høgnorskformene i læreboknormalen.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag