YMIST

Den siste sovjetstat i målpolitikken

I telestriden med Sverike vart Noreg umtala som den siste sovjetstat. Dette kann vera grunnlaust i mange samanhengar, men i ein samanheng er Noreg langt på veg ein Sovjetstat. Nemleg i språkpolitikken.

I norsk målpolitikk hev språket vorte sett upp som ein del av herskarideologien til yverklassa. Dette er ein viktig del av grunnlaget for norsk målpolitikk. Ein annan viktig del av norsk målpolitikk hev vore å binda forskarar til å fremja samnorsk gjenom forskingi si. Dette var uttalt politikk på 1950-talet, seinare hev det ikkje vore avvist fyrr i stortingsmelding 13 1997/98. Men i praksis er det likt til at denne meldingi ikkje fær noko å segja for nynorsken. Ei rad samskipnader avviser samnorskpolitikken Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Ivar Aasen Sambandet er millom desse. Dei vil ha fjerna samnorskparagrafen til Norsk Språkråd.

For venstresida var det rekna for rett klassestandpunkt å krydra målet sitt med a-endingar,tjukke l-ar og liknande for å markera klassetilhøyrsla og klasseidentifikasjon. Dette vilde ikkje Stalin ha gjort. Han meinte at språket ikkje var ein del av herskarideologien, og avviste denne politiseringi av språket. Her bygde norske sosialistar på eit syn som er mykje godt sernorsk og som kunde ha vore ein sovjetstat verdig i dogmatikk.

Det hev aldri vorte teke noko uppgjerd med uppnemningi av Norsk Språknemnd tidleg på 1950-talet. Det kann ein gjerne forstå for det er i sanning ei pinleg soga. Norsk Språknemnd var tufta på tvo pilarar. Den eine var at departementet skulde ha siste ord i utpeikingi av målsmenn frå ulike språkbruksinstansar. Det andre var at språkforskarane som skulde arbeida i språknemndi vart bundne til å fremja samnorsk gjenom forskingi si.

Ei slik binding av forskarar fann ein vel knappast innanfor alle umråde av sovjetisk forsking ein gong. For alle veit at forskingi i seg sjølv kann koma til å gjera funn som er i strid med det som er politiske uppfatningar. Å binda seg til politiske uppfatningar, vil vera dødsens når det gjeld å koma fram til dei beste løysingane. Det visste dei som styrde med t.d. sovjetisk romforsking. Men dei som hev rådt yver norsk målpolitikk hev bore ei tung bør for den diktatoriske framferdi som vart nytta i norsk målpolitikk på 1950-talet.

Resultatet av arbeidet i Norsk Språknemnd vart rettskrivingi av 1959.
Denne udemokratiske politikken hev Norsk Språkråd høve til å taka eit uppgjerd med. Når nemndi no skal revidera rettskrivingi av 1959, må ein spyrja seg : Vil dei fylgja i spori åt den siste sovjetstat eller vil dei syna seg som sjølvstendige avgjerdstakarar. Det vil årsmøtet i språkrådet syna.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag