YMIST

Bokmålsvelde - må det vera slik?

I nynorsk og bokmål er det stor valfridom. Det vil segja at språkbrukarane kann velja millom ei rad former. I Praksis er det likevel ikkje so mange som vel. Og serleg fåe er det som vel former som er avstikkande frå det som vert rekna for det vanlege.

Forsking syner at alle hev ei uppfatning av kva som er lovlege og godtakande former å nytta i skriftmålet. Det ligg altso fyre ei slags uppfatning um kva som høver og kva som ikkje høver. Men denne uppfatningi er sers vag for nynorskens del.

Det som er heilt klårt er at dei fleste språkbrukarane her i landet hev ei klår uppfatning av eit tala og skrive mål som vert uppfatta som riksberande. Det er det mest dialektfrie bokmålet. Det er denne uppfatningi som avgjer kva som målbrukarar flest reknar for rett og akseptabelt å nytta på nynorsk.

Men må det vera slik ? Må me som ynskjer å nytta og fremja nynorsk vera underlagde eit bokmålsvelde i målvegen. Nei, den nynorsken som Ivar Aasen la grunnen for bygde på ein indre logikk som seinare hev vorte skipla. Denne logikken gjev det same grunnlaget for nynorsken som for bokmålet. Men det som serprega dette målet hev vorte tilsidesett i nynorsk rettskriving gjenom dei nye rettskrivingane i 1938 og 1959.

Norsk Språkråd skal tidleg i februar avgjera korleis nynorsken skal sjå ut i framtidi. Mitt råd til språkrådet er : Tak innatt dei viktige sermerke i Ivar Aasens mål. Dei som hev vorte skuva ut i 1938 og 1959.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag