YMIST

Er tenkjing barokk?

Fagnenmdi i Norsk Språkråd skal denne vika leggja fram tilråding um ny læreboknormal for årsmøtet i Norsk Språkråd. I samband med dette hev leidaren fleire gonger ytra seg i ulike medium seinaste vika. Han meiner at det no skal skjerast inn på valfridomen og at dette vil gjera nynorsken lettare å læra.

Han viser til statistikk yver bruken av ymse former i nynorsk. Nynorsken slik han er nytta i visse publikasjonar etter nøgnare utrekningar skal vera rettesnori for den nye læreboknormalen.

Ei ordform som tenkjing skal visst haldast ute av gjeldande rettskriving. Men formi hev hevd i nynorsk skrift, og vert nytta i strid med gjeldande rettskriving av sers mange nynorskbrukarar. Ordet heng saman med å tenkja der det er lov å nytta j-en. Det er ein klår inkonsekvens at ein kann nytta j-en den eine staden og ikkje den andre.

Ordet barokk kann etter nynorskordboki tyda forvriden eller yverdriven. I barokken var det visstnok slik at dei som skreiv tekster mot betaling fekk betalt etter kor mange bokstavar dei skreiv. Det førde med seg at det vart lagd inn ei rad bokstavar som ikkje trong vera der. Mange uturvande bokstavar kom inn på denne måten.

I ettertid hev det vore rydja upp i dette av dei som hev drive med språkrøkt. Når det gjeld tenkjing skulde j-en vera i pakt med samanhengen i målet, og bokstaven er slett ikkje uturvande. Men kva hev fagnemndi meint her ?
Er tenkjing barokk for dei som sit der ?


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag