YMIST

Rydd burt samnorsken!

Jan Terje Faarlund leidar i fagnemndi i Norsk Språkråd hevdar i eit fjernsynsprogram at han og fagnemndi ikkje driv med tilnærmingsarbeid, sokalla samnorskpolitikk. Faarlund hev i fleire år saman med dei andre i fagnemndi drive med ein revisjon av læreboknormalen i nynorsk.

Me driv med upprydjingsarbeid som skal gjera nynorsken lettare å læra, segjer han.
Grunnlaget for dagsens læreboknormal er læreboknormalen frå 1959. Ein normal som vart til gjenom arbeidet i Norsk Språknemnd. Språknemndi hadde eit klårt samnorskmandat, og ingen kann nekta for at læreboknormalen i nynorsk ber merke av dette.

Faarlund meiner likevel at den nynorsken som hev forma seg i eit utval av publikasjonar er nokso einskapleg og lik. Det gjeld å konsollidera nynorsken på eit slikt grunnlag. Det vert berre rot um ein trekkjer inn andre former i nynorsken enn dei som er med i læreboknormalen og gjeldande rettskriving,hevdar han.

Faarlund ser då suverent burt frå systembrot og inkonsekvensar som kom inn i nynorsken på grunn av samnorskpolitikken. Desse systembroti og inkonsekvensane hev spreidt seg gjenom at det ikkje hev vore høve til å skriva onnorleis. Dimed vert argumentasjonen at fagnemndi fylgjer upp samnorsken i gagnet, um enn ikkje i namnet.

Faarlund kann då ikkje meina at det han finn på ryddeloftet ikkje skal kunna nyttast av di det ikkje hev vore lovleg å nytta på 40 år ? Det må då vera yverordna at det vert konsekvens i rettskriving, ikkje at ein held uppe samnorsken for kvar ein pris.

Mitt råd til Faarlund er : Rydd burt samnorsken.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag