YMIST

Opning for høgnorsk no!

Fagnemndi i Norsk Språkråd skal i år taka upp heile læreboknormalen til vurdering. Det er gjort framlegg um fleire justeringar av læreboknormalen av i dag. Det er stor valfridom innanfor nynorsknormalen både innanfor og utanfor læreboknormalen av i dag.

Men det som truleg er største vansken er den store inkonsekvensen som hev vore i nynorsk rettskriving. Fyrre gong det vart gjort store brigde i rettskrivingi var i 1959. Det var berre 20 år etter målbrigdet i 1938. På grunn av desse rettskrivingumleggjingane vart ei rad menneske stelte andsynes stor uvissa um kva som var lovleg, og kva som ikkje var lovleg i nynorsk rettskriving.

Ein skulde tru at dette kunde løysast ved å opna upp for det som var tradisjonelle former i rettskrivingi, men det vart aldri gjort. I staden for hev ein opna upp for bokmålsformer. Uordi mot tradisjonelle høgnorskformer hev vore mange. Difor er det rart at desse formene ikkje fekk vera lovlege i læreboknormalen, for um uordi um at dette var gamaldagse og avleggse former var sanne, vilde dei ha vorte vraka i lengdi.
Faktum er derimot at høgnorskformene er i framgang, di meir millom ungdom.

Fagnemndi og Språkrådet hev høve til å råda bot for uretten som vart gjord mot høgnorsken i år. Årsmøtet i Norsk Språkråd vert halde tidleg i februar, og kann opna upp for høgnorsformene.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag