YMIST

Faarlund er fårleg

Norsk språkråd skal på årsmøtet 3.-4. februar gjera vedtak um ny rettskriving for nynorsk. I framlegget frå fagnemndi gjeng ein inn for å strjuka ei rad tradisjonelle nynorskformer, både frå læreboknormalen og den vide rettskrivingi. Millom formene som stend for hogg er fleirtalsformi menner, den serskilde bøygjingi av ord som auga - augo, tvostava infinitivar av typen draga og lata, partisippformi slege, pronomenet honom og ordformi ljod. Dette er alle former som hev lang tradisjon i nynorsk skriftmål og som hev stor utbreidnad i målføri, og som på ulik vis representerar grunnsystemet i norskt mål.

Medan bokmålet fekk uppreisnad for sine tradisjonelle former alt med rettskrivingsbrigdet i 1981, ser det ikkje ut til at nynorsken skal få det denne gongen heller, snarare tvert um. I staden for å gjeva nynorsken den stødleiken og samanhengen han so sårt treng, fører fagnemndi vidare den avnorskings- og tyningslina som hev lege til grunn for normeringi av målet vårt i store deiler av dette hundradåret.

Fram til nyleg hadde fagnemndi òg planer um å taka burt den serskilde hokynsformi av adjektiv på -en, som i ei vaksi dråk, som no hev sideformstatus til liks med dei hine i-formene. Jamvel um fagnemndi hev varsla attendetog på dette punktet, er det forvitnelegt å sjå argumentasjonen dei nytta for eit sovore brigde. I Grunngjeving av framlegg til ny læreboknormal for nynorsk skriv leidar i fagnemndi, Jan T. Faarlund: ”Hokjønnsforma på -i er svært lite brukt i skrift, og dessutan /systemstridig/ [mi utheving], i og med at adjektiv elles etter regelen har same form i hankjønn og hokjønn”. Sanningi er at ho slett ikkje er systemstridig, men systemrett. Ordi på -en høyrer til ei serskild gruppa adjektiv som vert bøygde i samsvar med substantivet dei stend til; vaksen svarar til guten, vaksi til dråki, vakse(t) til barnet og vaksne til gutane og drækene. Ein skulde tru at Faarlund visste betre, dersom det ikkje er eit medvite grip for å skaffa seg eit lettkaupt argument mot det tradisjonsrike i-målet.

Um desse adjektivi skriv Faarlund vidare: ”Med inkjekjønnsforma på -ent er det annleis. Ho er relativt vanleg i skrift og i mange talemål, og svarar dessutan til bokmål” /[mi utheving]/. Den tradisjonelle formi vaksi er det altso ikkje so fårlegt med, men når det dreiar seg um samnorskformi vaksent, som samstundes samsvarar med bokmål ­ då er det klårt at me lyt vera varsame...

Her avslører Faarlund korleides samnorskpolitikken framleides fær liggja i botn for arbeidet i språkrådet, jamvel um det ikkje vert gjeve klårt uttrykk for ein slik praksis lenger. Fær ein ikkje samnorsken inn hovuddyri, skal han lurast inn bakvegen, og då med det påskotet at ein vil skapa meir ”einskap” i det elles so rotute nynorskhuset. Einskapstenkjingi åt Faarlund, som fører til at alt som finst att av sermerkt norskt tilfang i nynorsken skal støytast ut, må segjast gjera honom til ein fårleg mann for nynorsken. Dersom Faarlund og meiningsfellane hans fær herja fritt med nynorsknormi ottast eg at me um fåe år stend att med ein nynorsk som er ribba for alt som sermerkjer honom som eige mål. Dei er på god veg.

Um denne måltyningi skreiv austfoldingen Kristian Strømshaug i eit brev åt Norsk språkråd i fjord haust:

"Utarminga som går føre seg no er ein urett mot kjeldene til Aasen, mot han Ivar Aasen sjølv, og attved det mot alle oss andre som er glade i heimleg mål og kultur, og livsverket Aasen fekk gjera for folk og land. Ser ein litt lenge attende i soga vår er det òg ein urett mot dei som sette gammalnorsk talemål i skrift, - som Aasen gjorde det seinare, med norsk talemål på 1800-talet. Ved å vera det ein er, ta vare på og bruke det heimlege og gode ein har, er ein til mest glede og gagn, både for andre og seg sjølv."

Me fær vona rådslemene legg desse ordi på minnet når dei samlast til årsmøte, og at dei vrakar framlegget frå fagnemndi og stoggar avnorskingi av det norske skriftmålet.

Arv auke, ikkje øyde!


Klaus Johan Myrvoll, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag