YMIST

Ein polemikk mot nokre synsmåtar 2

Det er dei som held fast på forsvarslina i målarbeidet. Dei viser til læremiddelaksjonane på 1970-talet. Dei var ein rettferdskamp for nynorskbrukande skuleelevar. Eg tykkjer derimot at ein kann sjå det slik at desse aksjonane var ein kamp for dei ideali og den kulturen som nynorskbrukarane stod for. I stadenfor å senda ungdomen til byen i tidleg alder vart skuletilbodet for mange meir heimleg.

Litt stutt historikk. Det hadde vore sers dårleg med skuletilbod for bygdeungdom som vilde taka vidaregåande utdaning heilt fram til kring 1965. På den tidi grodde det fram ei rad vidaregåande skular i nynorskkommunar. Medan dei vidaregåande skulane i stor grad fram til då hadde vore lagde til byane og nytta bokmål,vart det no skular i nynorsk- og nynorskvenlege miljø. Dette var eit produkt av ein statleg politikk med uppbyggjing av regionale sentrum på kostnad av smågrendene. Det må vel òg segjast at fylkeskommunane fekk eit anna syn på utdaning. På 1940- og 1950-talet tykte politikarane at det hadde lite fyre seg å byggja upp vidaregåande upplæringi i kommunane. Det endra seg. Dette vert berre nokre yverflatlege ytringar frå mi sida.

Det hev vorte hevda at det ikkje er noko ved aktiviteten i td. Hordaland Mållag som tyder på at me vil kunna nå målet um nynorsk til einaste riksmål. Folk gjev ei rad døme. I so tilfelle vil eg spyrja er det ikkje vår uppgåva å freista å endra på dette. Ja, eg veit eg er ein utopist,men kva er alternativet ?

Ein kann alltids driva forsvarsarb. Men hev ein ikkje nokor grunngjeving for forsvarsarb anna enn td. at ein skal driva på i trass og er tverken,vert det like vanskeleg å motivera dei som hev nynorskbakgrunn til å halda på nynorsken som det vert å motivera bokmålsbrukarar til å skifta til nynorsk. Utan jamlege diskusjonar med bokmålsbrukarane vert det vanskeleg å utvikla ei målpolitisk tenkjing som er i pakt med tidi.

Eg hev vorte tolka slik når eg hev hevda at bokmålsfolk som kjem til Vestmannalaget kann verta reine hyklarar når dei skryt av nynorsken og peikar på at dei kjenner for lite til nynorsken. Eg hev ikkje meint at me kann få fleire målfolk ved at bokmålsbrukande fyredragshaldarar heldt fyredrag og lovprisar nynorsken i Vestmannalaget. Det eg derimot vilde ha fram er at dersom me reiser nynorsken som ideal,og utfordrar bokmålsfolk til å grunngjeva målvalet sitt,so fær ein fram kva for språkhaldningar dei hev. Dette er ein offensiv måte å driva målarb. på. Eg hev ikkje analysert dei svari som bokmålsfolki hev gjeve på ymse møte, men nokre av dei hev gjeve temmeleg flaue svar på kvifor dei ikkje nyttar nynorsk jamnast når dei skriv. Sume av dei nyttar nynorsk i visse høve og fleire av dei hev nynorskbakgrunn. Ingen av dei hev svara at dei ikkje fær lov eller at dei er undertrykte. Ingen at presse- og forlagsverdi vilde ha gjenge under og konkurs,um dei nytta nynorsk. Eg trur det kokar ned til det at dei ikkje hev tru på nynorsken.

Folk må gjerne snakka um språkundertrykkjing,um det er viktig for dei. Sum fører snakket um språkundertrykkjing vidare til kvinneundertrykkjing. Men då skal ein vera merksam på at innanfor kvinnerørsla er det minst like mange uppfatning um kvinnekamp som det er um målstrid i målrørsla. Statsfeministane vil fremja kvinnesaki gjenom lovverket. Både folk i kvinnerørsla og i folk målrørsla hev etter mitt syn uttala seg slik at dei kjem på kant med demokratiet når dei slær lovsamlingane sine i bordet. Men innanfor kvinnerørsla er det òg dei som vil driva kvinnesak og synleggjera kvinnone. Heller enn berre å gjera kvinnone til veike og passive,vil dei syna fram kva kvinnor i røyndi stend for og protestera mot mannsdominansen. So språkundertrykkjing er ikkje noko ein kann underbyggja berre med å visa til kvinnerørsla. Det er meir innfløkt enn som so.

Eg tykte Ågot Valle snakka svært instruktivt um kvinnesak på eit møte i Noregs Mållag i 1995. Ho peika på korleis ein skulde analysera kva interessor mennene hev og kva interessor kvinnone hev. Deretter kjempa for å få sett dei interessone som kvinnone hev på den politiske dagsetelen gjenom politiske diskusjonar med mennene. Å snakka um undertrykkjing meiner eg kann verka sjølvforsterkande. Når kvinnone hev fenge makt er det avdi dei hev fenge viktige samfundsuppgåvor innanfor rettstell,undervisning og helsestell. Dei hev fleirtal innanfor fleire av undervisnings- og helsestellsprofessjonane. Dette er tvo maktbastionar i samfundet.

Parallellen millom likestelling millom kjøn og likestelling i språkvegen er interessant. Kvinnone hev stridt og strid ein kamp for likeverd. Me hev stridt for at alle skal velja nynorsk. Etter mitt syn burde kvinnone strida for å yvertaka alle maktposisjonar. Driva kjønskamp istadenfor likestelling. Eg meiner kvinnesak og kampen for eit kvinneperspektiv er viktigare enn statsfeminisme (lovvedtaksformalisme).

På same måte meiner eg at målrørsla må finna fram til kva me hev interessor for. Kva politiske vedtak er det bokmålsbrukarane fremjar som er til hinder for at folk kann velja nynorsk og for at me kann få dei yvertydde um å velja nynorsk. Kor mange kommunetilsette i Bergen er upptekne av språk ? Kor mange journalistar,sjukehustilsette ? Osb. Kva skal til for at me skal få sett språk på dagsetelen for desse ? Å nå ut til slike samansette gruppor hev vore og er ei viktig uppgåva for Vestmannalaget. Det difor laget er so kjend som det er. So kann de her på lista hovera yver at me ikkje fenge praktiske resultat greidt nok. Men Vestmannalaget åleine kann ikkje utretta meir enn det målrørsla gjev oss grunnlag for. Me er dimeir ikkje medlem av Noregs Mållag, og kann ikkje henta studnad derfrå. Noko mållagi i Noregs Mållag kann gjera i rik mun. Elles vil eg understreka at det ofte er målfolk som held innleidingar på møti våre.

Eg meiner at me må segja at språk er fundamentalt viktig for alle. Språk er noko alle må velja i Noreg. Det er noko som alle er upptekne av. Det er me i målrørsla som avgjer kva uppfatningar folk skal ha um nynorsk,og um dei skal ha nokor uppfatning um nynorsk i det heile teke. Det er soleis all mogleg grunn til å sjå offensivt på arbeidet vårt.

Eg meiner at Vestmannalaget faktisk hev greidt å uppnå ein del med grunnleggjande synsmåtar som at språk er viktig for alle,at alle kann velja språk,at språk handlar um kultur og ideal osb. Um sume i målrørsla er redde for at td ungdomen kjem til målrørsla og fær liknande syn på det å driva målsak og jamvel byrjar å nyttar høgnorsk,er det vel fordi de ikkje er vane til å tenkja slik som ungdomen gjer. Greidt nok.

Men vil de at ungdomen berre skal måtast etter dykkar idear um kva som er tenleg eller hev de noko å fara med ? Til no hev eg høyrt mest utspel um at folk ikkje trur på det målet me nyttar,at me er gamaldagse og stivbeinte o.l. Den nedrakkingi er so gamal og velbruka at ho ikkje bit på nokon. Ho fører tvert um til framgang for høgnorsken. Eg hev høyrt kvifor du er mange målfolk er målfolk. Eg er usamde med dei,men eg respekterar synsmåtane deira. Men kva vil dei gjera ? Kva framtidsplanar hev dei for målreisingi ?


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag