YMIST

Ein polemikk mot nokre synsmåtar 1

Sume segjer at arv,identitet og demokrati er viktige grunngjevingar for målarbeidet. Greidt nok. Eg er samd so langt.

Men som peikar dei på at nynorsken mest er å likna med eit minoritetsspråk og at me må arbeida for jamstelling med bokmålet. Det er det beste me kann uppnå. Sume tykkjer me skal vera glade til um me kann få 20-25 nynorsk i staten og at jamvel det er for optimistisk. Nynorsken er eit riksmål anten ein vil arbeida for jamstelling eller nynorsk som einaste riksmål. Å segja noko anna vil undergrava den formelle statusen nynorsken hev,og um ein gjeng inn for minoritetsstatus for nynorskbrukarane, so fær me langt færre juridiske og andre privilegium.

Dei same vil halda fram med å hevda at nynorsken er eit minoritetsmål. Dei vil hevda at nynorskbrukarane er undertrykte og må frigjerast. Nynorskbrukarar er undertrykte kann ein segja til innvertes bruk. Å nytta nynorsk er for dei ein stille protest mot bokmålsdominansen i samfundet. Men er det eit mål å vera undertrykt og berre protestera i det stille ? Ja, på det personlege planet kann det so vera. Men ein kann ikkje etter mitt syn vera so smålåtne i lagssamanheng. Då må ein segja frå kva for ideal ein vil setja i høgsetet. Det er eit spursmål um verdiar og umgrep. Me må skapa våre eigne verdiar knytt til umgrep som hev tyngd andsynes bokmålsbrukarane. M.a difor er eg for eittspråkslina. Og for ei nasjonal grunngjeving i målstriden.

Undertrykkjingstanken kann kanskje ha noko fyre seg. Men vel ofte er det nok dessutan snakk um redsla for å markera seg. Verksemder i nynorskumråde torer ikkje å nytta nynorsk av di dei ikkje vil stikka seg ut. Nynorskfolk i leidande yrkjespostar torer ikkje å markera seg på nynorsk. Dei vil vera nøytrale. Er Harald Stanghelle og Olav Versto undertrykte ? Ja,kanskje av eigarane. Men kva med Jens P. Ekornes ? Han er jo tjukk i pengar. Men torer ikkje å nytta nynorsk. Han skal vera pragmatikar. Ingen av desse er nøytrale dei bokmålsfolk. Dei hev gjort eit språkleg val. Og det må dei konfronterast med.

Poenget mitt er at når me vil reisa umgrep og spreida verdiane våre kann me ikkje utelukkande sjå fyre oss nynorskbrukarane som undertrykte og vanlege trauste menneske. Det er òg ei rad personar som hev mykje makt. Dessutan gjeld det ikkje minst å visa at dei verdiane med stend for hev ålmenn interessa. Med å samla folk um konkrete tiltak istadenfor å venta på at ting skal gjera seg sjølv og klaga når dei ikkje gjer det,kann me setja fram nynorsken som noko sjølvsagt.

Det hev synt seg at når universitetstilsette som nytta bokmål,men hadde nynorskbakgrunn vart uppmoda um å nytta nynorsk,so gjorde dei det. Det er ikkje alltid so mykje som skal til. Men nokon må meina at nynorsken skal fram på alle umkverve fyrr han kjem fram på nokre umkverve.

Å tematisera kvifor språk er viktig for folk i ymse samanhengar er ein fyrste innfallsvinkel. Språk er viktig i arbeid og frittid for alle nordmenn,men dei tenkjer berre ikkje yver det. Det er som ein segjer i psykologien automatisert. Ein nyttar språk utan å tenkja seg um heilt til ein kjem til noko uvant. Noko ein stussar på. Det er vår uppgåva å gjera folk språkmedvitne. Då kann me argumentera for nynorsk.

Dersom me byrjar å reisa spursmål med bokmålet og upphavet til bokmålet vil me tvinga bokmålsbrukarane til å måtta argumentera for sitt mål. Det er det som skjer når me inviterar bokmålsfolk til å tala i Vestmannalaget. Då byrjar dei å orsaka seg for at dei ikkje nyttar nynorsk og ikkje alltid hev like god greida på mål og målsak. Ingen fyredragshaldar kann koma til Vestmannalaget utan å vera klår yver kva laget stend for. Og alle eg hev høyrt tala hev synt age for laget. So kann sume segja at det kostar lite å orsaka seg litt i Vestmannalaget. Ja,det same gjeld for bokmålsinnleidarar i andre mållag òg. Men me skal ikkje kimsa av at bokmålsbrukarar må tenkja litt på våre premissar. Mange bokmålsbrukarar hev lese uhorveleg mykje nynorsk. Dei hev nynorsken i blodet. Sume bokmålsbrukarar hev jamvel skrive bøker og artiklar på nynorsk. Dei er samde med oss i mykje. Det må me spela vidare på,og ikkje vera negative til at dei ikkje skriv meir nynorsk eller brukar nynorsk i det heile. Det er betre å kveikja eit ljos enn å forbanna myrkret.

Me må reisa ei nynorsk daning. Mange nynorskbrukarar hev uppfatta det som mest udanna å nytta nynorsk i bokmålsumråde. Dersom ein derimot er knytt til ideal innanfor ei nynorsk ålmenta td eit miljø som Vestmannalaget er det nynorsken som hev prestisjen. Då må ein forsvara seg um ein ikkje nyttar målet i samsvar med dei ideali og den kulturen som laget stend for.

Kvifor spursmålet er soleis ikkje utdebatert med dette. Itillegg til arv,identitet,demokrati og evt undertrykkjing. Meiner eg at ideal,eittspråksstrategien med grunngjevingar er viktige moment i ein kvifor-diskusjon.

Sume viser til den demografiske utviklingi som fører til tettstadvokster. Denne utviklingi gjeng nynorsken i mot. Dette argumentet hev vore nytta mot nynorsken i 150 år !! Det vil segja at dei som hevdar dette ikkje hev tru på at me kann tematisera språk og setja i gong å diskutera med folk utanfor vår eigi rørsla. Det er i so tilfelle ei ålvorleg kjennsgjerning for oss alle. Lat meg spissformulera : Er me for sidrumpa og likesæle til at me er i stand til nå ut til folk ? Eg kann ikkje tru det.

Sume skriv som um eg vilde innføra høgnorsk med statstvang. I realiteten er det høgnorsk som er fjerna med statstvang. Eg vil ikkje tvinga nokon til å nytta høgnorsk. Derimot argumentera for det. Kvart einaste år kjem det til nye skribentar som skriv høgnorsk eller sympatiserar med målet,meiner dei at det er fårleg for nynorsken ?

Um svaret er ja,slik eg uppfattar må eg tillata meg å resonnera vidare. So langt eg kann sjå må det ha samanheng med at me er usamde um kvifor me skal ha nynorsk. Eittspråksstragien og idealtenkjingi mi. Dessutan legg eg mykje vekt på målestetikk. Det viktige for meg er ikkje i og for seg høgnorsken i seg sjølv. Målet kann dei som vil tileigna seg yver tid og med rettleiding. Det viktige er kva svar ein hev på kvifor-spursmålet,og kva praktiske konsekvensar ein tek av det. Det vil segja kva ein gjer av handfast målarbeid. Men sjølv um folk hev andre svar på kvifor spursmålet enn meg, kann det naturlegvis gjera mykje godt målarb av den grunn. Jamvel um dei er usamde i noko eller i alt eg og andre målfolk er samde um. Eg trur derimot at td eittspråksstragien er grunnleggjande for at nynorsken skal vinna fram på tettstadene. Ein kann naturlegvis argumentera praktisk og pedagogisk mv.,men det er ikkje nok i lengdi.

Denne usemja må det likevel vera viktig å føra vidare um me skal kunna utvikla tenkjingi vår um korleis ein kann driva målarb. ? Og kva ein skal og kann gjera i eit mållag ?


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag