YMIST

Lat oss få nynorsken på dagsetelen

Kva kann me gjera for å setja nynorsken på dagsetelen. Mange lokallag i Noregs Mållag hev eit stort potensial. Og dei er jo ikkje høgnorsklag,so ingen kann segja at det er me høgnorskfolk som øydelegg målstriden,slik det sume tider hev vorte hevda. Ein kann spyrja seg kva lokallagi i fylket skulde ha gjort annleis, som lekk i eit offensivt målarbeid? Brukar ikkje folk flest på Voss, i Ullensvang, i Ulvik nynorsk? Kva meiner eg mållagi her bør endra i arbeidet sitt for å auka nynorskprosenten på landsplan? Desse spursmåli fekk eg i eit ordskifte for ei tid attende. Desse spursmåli er i høgste grad aktuelle for Vestlandske Mållag òg. De som les bladet er vorte uppmoda um å organisera dykk lokalt. Eg vonar det kann få noko kveik til dette gjenom det eg skriv nedanfor.

Det fyrste mållagi i Hordaland generelt sett kunde gjera onnorleis var å tenkja meir offensivt. Når ein ikkje greider å få folk med seg sånn utan vidare,og når det stongar i mot i arbeidet er det lett å moralisera yver utviklingi, og meina at folk er for lite interesserte i å driva organisert arbeid på ideelt grunnlag. Ei slik tenkjing byggjer på at målarbeidet skal gå av seg sjølv. Det er viktigare å konsentrera seg um kva som skal gjerast enn kvifor. Når ein ikkje finn nye svar på kvifor og ikkje greider å få folk med seg på slike diskusjonar,moraliserar ein. Og so vert ein redd for å tapa skansane. Um ein ikkje hev offensive svar, og vert redd for å tapa,og når tapsprofitiane slær til og ein lagar seg nye,kjem ein ikkje langt.

Eg trur måten å få gjort noko på er å skapa målpolitiske miljø. Diskusjonsgruppor på sentrale stader i kommunane. Der folk kann koma saman og diskutera ein gong i vika,ein gong kvar fjortande dag eller liknande i eit ope lokale. Der kven som helst i prinsippet kann vera med. Ein må samla alt det som er av aktive målfolk og andre tenkjande folk. Det fyrste ein må sjå på er kva konkrete utbydingar ein hev i kommunen og i fylket. Kva er dei viktige samfundsumformande kreftene, og korleis slær dei ut for oss. Kva språklege fylgjor fær endringane. Dinest kann ein sjå på utbydingar i det landsfemnande målarbeidet. Å reisa nasjonale samlingsstader kring store kunstnarar og målmenn er ovleg viktig. Olav H. Hauge er ein av dei store nynorskdiktarane,og diktingi hans er alt umtykt. Det må utnyttast til å skapa blæst um nynorsken. Ulvik Mållag hev skipa eit venelag for Olav H. Hauge. Dei driv etter mitt syn eit svært offensivt målarb som det stend age av. Elles meiner eg at ein må koma i ordskifte med bokmålsbrukarar so ofte som mogleg. Eller koma i situasjonar der ein kann syna at nynorsken er viktig og at nynorsken fremjar samfundsgagnlege fyremål som alle er samde um. Ein av lærarane i eit pressumråde sa det på denne måten : Eg gjer alt eg kann for at nynorskelevane skal verta flinkare enn bokmålselevane. Eg brukar å få høve til å segja at nynorskelevane vert flinkare enn bokmålselevane. Då vart det attraktivt å velja nynorsk.

Lat meg freista å peika på sume tilhøve som eg trur spelar inn når det gjeld å driva organisert målarbeid. Tilhøvet millom by og bygd er grunnleggjande for å bryta barrierar for nynorsken. Når kommunane i Hordaland stend upp mot Bergen i offentleg sektor hev dei høve til å vinna fram. Sameleis kann nynorskkommunane i Hordaland stella krav til nynorske produkt frå næringslivet. Dei er sterke kjøpargruppor. Mållagi kann passa på at dette vert fylgt upp. Utbydingi ligg i å gjeva prestisje til dei kringværi/miljøi som mållaget byggjer upp i lokalmiljøi. Det må verta status attum det å driva målarbeid. Gjev det status å vera boklærd,gjev det status å interessera seg for språk og samfund ? Kann me få samfundstoppane til å meina at språk er viktig,og deretter argumentera for nynorsk. Grunnlaget for dialog millom oss og maktpersonar i samfundet er innbyrdes interessor. Og språket kann i aller høgaste grad signalisera sams interessor. Men det er langt frå alltid. Språk er svært viktig for stødt fleire menneske. Prosenten av menneske som tek høgare utdaning berre veks, og fleire og fleire yrkje steller krav til at ein må nytta språk på ein eller annan måte. Engelsk språkbruk vert ein del av kvardagen for mange m.a. innanfor undervisnings- og oljesektoren. I helsesektoren er både latinen og engelsken dominerande. I datateknologien spreider engelske glosar seg fortare enn me rekk å umsetja dei. Likevel er det etter måten lite ordskifte kring språk og språkarbeid. Let me språket styra oss istadenfor å styra språket ? Det hev vore noko diskusjon kring dette,men enno er det for lite til at den ålmenne interessa tek seg upp.

Språkteknologi er eit anna heitt spursmål for tidi. Her treng me absolutt å skulera flest mogleg i målrørlsa Her hev me høve til å markera oss og nynorsken i tide og ikkje koma halsande etter når det er for seint. Dette var berre noko til korleis ein kann tematisera mål og målsak. Eg er yvertydd um at kommunane og mållagi kunde ha pressa meir på for å få nynorsken fram i Bergen. Innanfor friviljug sektor hev målrørsla nått mange mål,men enno er eg viss på at nynorsken kunde ha vore drive meir vaksenupplæring i og studiearbeid umkring nynorsken.

Det er upp til målfolki å utnytta dei opningane som det ligg til rette for å utnytta. Di større kunnskapar ein kann tilføra folk flest um språk og um nynorsken di betre. Og det er me målfolk som legg premissane for målinteressa millom folk flest. Det er ingen andre enn oss som interessar oss so sterkt for nynorsken. Bergen hev utdaningsprivilegium,um enn ikkje monopol. Lat meg trekkja ein historisk parallell når det gjeld utdaning : Kva skal til for at ein kann verta universitetsutdana i eit nynorskvenleg miljø ? Fram til 1960-talet måtte ein til byen for å få artium og av og til jamvel realskule. I dag let ikkje det til å vera mange som treng å reisa til byen for å få utdaning. Iallfall er det langt færr enn for 40 år sidan. Det hev styrkt kjensla og identiteten attum nynorsken mykje millom ungdomen. Kva for nokre hendingar vil vera viktige for oss i dei neste 10 åri ? Kvar vil me styra utviklingi ? Eg hev ikkje allverdsens svar å gjeva på det spursmålet enno. Men eg aktar å arbeida for å skaffa meg den informasjonen eg treng for å svara på det spursmålet,og det meiner eg andre målfolk òg hev ein skyldnad til å gjera.Men då må ein vel ha eit mål um at ein vil driva aktivt målarbeid og vinna folk for nynorsk ? At ein jamvel vil strida for nynorsk til einaste riksmål. Alternativet tykkjest meg å vera å segja at samfundet er styrd av arbeid og produksjon. Då tek me andsvaret frå dei som er maktpersonar i samfundet og som hev det privilegiumet at dei kann handla og prioritera på vegner av oss alle. Me kann ikkje berre stritta imot. Me må vera med å taka avgjerder og få pressa dei fram. I sume høve vert det sagt at Hordalandskommunane og Bergen hev sams interessor og at Bergen og bokmålsbrukande bergensarar ivaretek Hordalands interessor. I andre høve er det nynorskkommunane som kann styra interessone. No tenkjer eg praktisk politisk. Eg trur det er viktigare i fyrste umgang at Bergens Tidende, universitetet i Bergen og Haukeland Sjukehus vert nyttar meir nynorsk enn at fleire bankar,forsikringsinstitusjonar og td. Fiskeridirektoratet i Bergen nyttar nynorsk. NB !! I fyrste umgang. Det verkar iallfall lettare å argumentera for det fyrstnemnde. Universitetet i Bergen er ein tenesteinstitusjon for studentar og forskarar som fyrst og fremst kjem frå Vestlandet og frå nynorskkommunar. Soleis er det ikkje vanskeleg å vinna samhug for å markera den regionale identiteten samstundes som ein legg vekt på det nasjonale målet um at nynorsken skal syna att i landssamanheng. Eg viser her til utdrag frå eit innlegg eg skreiv i samband med at Studentmållaget arbeider for meir nynorsk på uib. "På andre sentrale høgskular og universitet vert det nytta meir enn 75 prosent bokmål. Med denne bakgrunnen tykkjer me det er viktig at ein prestisjefylt institusjon som universitetet i Bergen viser at det er råd å profilera seg på nynorsk,og at nynorsken kan gjeva UiB eit serkjenne som kan verta til førebilete for dei høgre lærestadene elles i landet."

Eg understrekar elles at det er universitetet sjølv som hev gjenge inn for at det skal nyttast meir nynorsk. 30 prosent nynorsk er målet som uib hev sett for heile verksemdi. Det nyttar å arbeida for nynorsk,og det finst argumentasjon for nynorsk som vinn fram er det likt til. Liknande argumentasjon kann utviklast eller arbeidast med for dei andre institusjonane. Eg trur ein viktig faktor er langsiktig tenkjing. Eg meiner at målrørsla lid under manglande evna til analytisk tenkjing langs aksen språk og samfund. Og eg meiner det er so elementært at ein må gå fram frå forståing,perspektivutvikling,strategisk tenkjing og måluppnåing. Dette er grovt skissert. Denne analysen trur eg likevel kann nyttast i fleire samanhengar. Slik tenkjing er grunnlaget for alt frå kommuneadm. til bedriftsleiding, og me kann finna idear til korleis me kann utvikla og draga vekslar på ei sånn analytisk tenkjing i målrørsla. Naturlegvis er det noko anna å driva målarbeid samanlikna med å driva samfundsstyring. Men utan at me skynar korleis viktige endringar ber til i samfundet kann me heller ikkje skyna korleis me skal kunna gripa inn og endra samfundet. Resursane til målrørsla og til friviljug sektor i det heile ligg i å driva folkeupplysning,og skapa grunnlag for at folk ikkje berre vert måta etter rådande straumar i samfundet,men fær høve til å reisa kritikk og innvendingar mot makthavarane. Me må fremja folkedaningi,um det skal gå frametter med målreisingi. Det må igjen slå ut i at makthavarane endrar politikk.

Me sit på store kunnskapar i målrørsla,men er for lite utetterretta. Det er ein provokasjon frå meg. Strategiane vert for uklåre og involverar for fåe. Når det kjem upp viktige ordskifte kjem dei ikkje gjenom i organisasjonane våre. Strategiane må vera med på å setja fokus i den offentlege debatten. Eller dei må greida å få folk til å meina at me hev noko å fara med. Meinings- og ideologiproduksjon og blæstarb. alt må setjast inn i konkrete planar um å vinna folks tankar for det me driv på med. Eg tykkjer det må vera eit mål at Noregs Mållag kann greida å samla seg um ikkje berre prioriterte målsetjingar,men at ein òg kann taka sikte på å utvikla målpolitikk innanfor ulike umråde og at ein i ymse høve kann få samla heile målrørsla um å handla i takt. Utspeli våre vert for spreidde og for lite samanhengande. NMU hev vist seg å vera flinke til å få heile organisasjonen til å stå samla um å gjera sume utspel og aksjonar,serleg i samband med upplæringslovi.

Istadenfor å diskutera målpolitikk er det vel mykje rett i ein påstand som at lokallagi berre gjer det dei vil. Fylkeslekken og sentrallekken greider ikkje godt nok å få fram ein dagsetel som kann inspirera lokallagi til å jobba heilskapleg og utfrå landsfemnande siktemål. Det er for fåe av lokallagi som tek verkeleg andsvar for å jobba vidare med arb. programmet til Noregs Mållag, og den målpolitiske leidi som vert fastlagd av landsmøtet. Lokallagi treng råmor å arbeida innanfor. Men utan at medlemene diskuterar råmone kjenner dei seg ikkje forplikta til å fylgja upp målarbeidet innanfor dei råmone som landsmøtet fastset. Engasjementet er stort når det gjeld å leggja fram planar um kva som bør gjerast,men planleggjingi er for dårleg. Dette var berre nokre tankar til kva som kann gjerast. Eg kann ikkje skissera korleis me kann koma i mål med arbeidet vårt,men eg vil so sterkt som råd er hevda at det er mogleg å arbeida nynorsken fram på ei rad umkverve og jamvel få han til å verta einerådande,so sant me kann tenkja oss at det kann skje.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag