YMIST

Um å formidla målsaki til folk gjenom eit mållag

Når ein skal strukturera målarbeid kann ein ha god hjelp av den klassiske spursmålsrekkja kvifor,kva og korleis. Dei svari ein gjev på desse spursmåli vert avgjerande for dei tankane ein gjer seg um nynorsk og målarbeid etter mitt syn. I målrørsla finst det ei rad miljø både faglege og sosiale som kjempar um prestisje. Dei umgrepi me nyttar er knytte til verdiar. Umgrep som høgnorsk,moderne nynorsk,arbeidsspråk,levande språk kann tyda vidt forskjellige ting for oss. Utfrå dei vanane me tileignar oss gjenom eigen språkbruk og språkleg samhandling med andre. Difor hev eg og nokre av dei andre i høgnorskrørsla ynskt å tematisera kva me legg i språkbruken vår,og um det er ting ved tenkjingi vår som leider oss og målrørsla framyver. Det hev me gjort av di me vil opna upp for ordskifte både med målfolk, og med folk utanfor målrørsla.

Kvifor driva målarbeid ?
Dette spursmålet er det viktigaste og det vanskelegaste. Det er det som skapar mest diskusjon i målrørsla ved alle krossvegar. Men det ser ikkje ut til å valda alle serleg mange vanskar.Nynorsk er ein del av identiteten min av di eg hev skrive nynorsk i alle år,slær sume fast.

Dette er vel noko alle i målrørsla kann vera samde um. Men er det den viktigaste grunngjevingi å lansera andsynes andre ? Er det nok ? Kva er det me vil konkret med arbeidet vårt. Nynorsken hev status som offisielt riksmål. Det vil segja at målet hev ambisjon um å koma i plassen for bokmålet. Skal ein uppnå det trengst det ordskifte og konfrontasjon med bokmålsbrukarane. Utan det kann me vel proklamera at nynorsken skal vera minoritetsspråk og driva reint forsvarsarbeid. Skal me få folk med oss må me tora å gjeva provoserande og ambisiøse svar på kvifor-spursmålet. Denne diskusjonen er viktig. Men eg kann ikkje føra han til ende her. Nokre stikkord : Eitspråkslina,tvospråkslina,jamstelling,språkleg mangfelde m.m. Poenget mitt er at når folk skal svara på kvifor-spursmålet, problematiserar dei det lite eller ikkje i det heile.

Kva for eit målarbeid skal me driva ?
Kva-spursmålet må innebera at ein rettar seg mot den språklege røyndomen ? Eit umgrep som det er knytt verdiar til. Alle vil vera røyndomsnære. Kva spursmålet må føra med seg både at ein ser kva språklege utbydingar ein stend andsynes, og kva ein vil gjera utfrå kvifor spursmålet. Um ein meiner det er viktig å driva målarbeid utfrå å spreida ei uppfatning,td av vestlandsidentiteten,utfrå sosiale eller nasjonale grunngjevingar,utfrå kjærleiken til språket eller kva som helst elles. Til sjuande og sist må ein likevel ha eit mål um å vinna folk for nynorsken,og utfrå det nyttar ein alle tenkjelege verkemiddel i samsvar med den yvertydingi ein hev um kvifor ein driv målarbeid.

Folk ser kvar sine utbydingar. Me ser alle våre utbydingar i kvardagen. Sume kann uppsummera med at folk som dei kjenner skifter språk pga framandgjering,nynorsken vert uvant,ein meistrar ikkje språket. Språket gjev ikkje sosial status.Språket er bondsk.

Den situasjonsskildringi som kvar einskild gjev kann me kjenna oss att i. Målbyteproblematikken er eit viktig problem for målrørsla. Men kvifor held nokon fast på nynorsken,trass i alt ? Fordi nynorsken stend dei nært i fritidi og i arbeidet,for dei er sterkt vant til nynorsken,fordi dei meistrar språket godt,for di dei trur nynorsken gjev dei sosial status,fordi språket er urbant.

Greider me å uppnå å få mange til å tenkja positivt um nynorsken, slik som eg peikar på ovanfor, kann me altso få folk til å nytta nynorsk. I høgnorskrørsla er me interesserte å gå inn på desse utfordringane. Difor gjer me kvart år ei rad utspel i pressa og på internett og på andre måtar. Dette hev vorte godt motteke av mange i Noregs Mållag. Då Ivar Aasen-Sambandet skipa til normaltalemålskonferanse med innleidarar som mest alle var aktive medlemer i Noregs Mållag,kom folk frå NM reisande heilt frå Trondheim,Rogaland og Telemark for å vera med.

I år skipa me til høgnorskdagar for andre året på rad. Eg siterar frå innbydingsbrevet til Ørsta- samlingi. Her segjer Volda og Ørsta Målungdom klårt frå um korleis dei ser på arbeidet sitt. "Volda og Ørsta Målungdom er sterkt upptekne av at Aasens tankar skal utviklast vidare gjenom opne og fordomsfrie ordskifte. Sjølve meiner me at høgnorsken som er nært knytt til 1917-normalen er det rette grunnlaget for rettskrivingssynet vårt. Men kva meinte eigenleg Aasen ? Korleis kann me føra Aasen-tradisjonen i norsk målreising vidare i dag ? Gjev Aasens tankar kveik til framtidig målarbeid ? "

I høgnorskrørsla er det mange syn på kvifor ein skal driva målarbeid. Men kunnskap til språket og trening i å skriva er noko me legg sterk vekt på. Me hev respekt for språklege fyrebilete. Ikkje berre i litteraturen,men òg i folkeleg ordleidingsmåte. Me trur at gode vanar og kunnskapar um mål og målbruk er til hjelp for alle som vil halda på nynorsken,same kva grunnar dei hev for målvalet sitt.

Me trur òg at det er viktig tematisera kva for verdiar som vert sette til ulike umgrep. Og kva for nokre miljø som fær leggja premissane for diskusjonane i målrørsla. Personleg tykkjer eg norskfilologane hev ein altfor dominerande plass i målrørsla. Deira språkbruk og tenkjing sperrar for alternative syn og meiningsproduksjon. Eg trur det er ein medverkande grunn til at rettskrivingsordskifte kjem upp so ofte i mållagssamanheng. Kva skal til for at nynorsken skal verta brukande ? Me må få ei rettskriving som kann løysa vanskane våre,slik hev det ofte vore tenkt i målrørsla,medan kvifor spursmålet hev kome i skuggjen.

Dersom det vert viktigare å diskutera kva ein skal gjera enn kvifor ein skal gjera det kjem ein etter mitt syn heilt gale ut. Ein kann berre vona at dette ordskiftet held fram på ein konstruktiv måte.

Korleis driva målarbeid ?
Me kann ikkje gjera noko anna enn evt. melda oss inn i eit mållag,tenkjer sume. Eg kann ikkje tru at det er mange aktive målfolk som kann tenkja slik. Korleis driv ein målarbeid ein viktig del av målarbeidet må vera å ordskiftast med folk og å skapa nynorske kulturtiltak. Rett og slett å presentera nynorsken i bruk i munnleg og skriftleg form. Og å argumentera for at folk skal bruka språket. Snakka med folk,skriva og snakka i det offentlege romet er det som skal til. Det er på tide at me byrjar å markera kvifor me vil ha nynorsk,og tek til å ordskiftast med folk.

Nokre fyndord frå eit ordskifte i Vestmannalaget til slutt:
Ingjald Bolstad : Ein lyt taka folk som dei er,og ikkje slik dei skulde vera. Når ein skal diskutera målsak med dei.
Eigil Lehmann : Ja,so kann me leggja ned Vestmannlaget og Noregs Mållag og alt i hop. Folket treng tukt. Dei treng oss.
Ingjald Bolstad : Jo,men du vert for krass.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag