YMIST

Språkteknologi-soga 2 - Frå april til november 1999

Frå april og frametter hev Nordisk Språkteknologi samla inn tilfang frå dialektane. Dei hev vore i Bergen, Stavanger og fleire andre stader. Språkteknologisenteret var grovt sett fullfinansiert våren 1999. Det som det hev knytt seg mest interessa til utetter sumaren og hausten hev vore uppbyggjingi av ein næringspark på Tvildemoen på Voss.

Utpå haustparten hev det vorte klårt at det offentlege vil gjera stor investeringar i denne næringsparken. På statsbudsjettet vart det løyvd 25 millionar,fylket og kommunen hev ytt tilskot. Dessutan er det selskapet SIVA inne med investeringar. Dette hev løyst ut dei pengane som det belgiske firmaet Lernout og Hauspie hev reist. Dei lovde tidleg 75 millionar norske kronor til ein næringspark, um norske investorarar gjekk inn med ein tilsvarande sum. Norsk Språkråd hev fenge 1 million kronor yver statsbudsjettet til å skipa Norsk språksekreteriat.

11 november underteikna Nordisk Språkteknologi kontrakt med det belgiske firmaet til Lernout og Hauspie. Lernout og Hauspie opererar med satelittar eller sokalla SAIL Port. Gjenom avtalen som vart underskrive vert Voss ein av ti sentre i verdi for språkteknologi innafnor SAIL-nettverket. Senteret på Voss vert kalla SAIL Port Northern Europe. Bak den internasjonale satsingi stend det belgiske selskapet Sail ( Speech, Artificial Intelligence and Language Technology. Bak Sail stend Lernout & Hauspie Speech Technology som hev 1900 tilsette og er registrert på Nasdaq-børsen. Marknadsverdien er umlag 12 milliardar.

Målet deira er å byggja eit internasjonalt nettverk av selskap innan tale, kunstig intelligens og språk. Utanum Belgia, Voss og Singapore som hev sine satalittar skal det koma senter i USA, England, Argentina, Israel, Japan og Ungarn. Nordisk Språkteknologi skal knyta kontaktar til andre land i norden. Dette er ein stor marknad som er under etablering, segjer Harald Kjeldstad i Siva til Dagens Næringsliv 12 november.

15 oktober hev Morgenbladet ein artikkel som må interessera alle målfolk. Yverskrifti er "Teknologisk språkstrid". Her skriv Anitra Guddal um utviklingi innanfor feltet. Artikkelen er lagd upp,slik at lesarar utan fyrehandskunnskap i emne skal kunna få med seg mest råd. Serleg interessant er det å lesa um kva Arne Gilbakken,språkteknologi - gründeren på Voss skriv. Eg siterar fritt i umsetjing og viser til Morgenbladet.

Gilbakken meiner at det ikkje let seg gjera å få fram eit nasjonalt korpus for kommersiell språkteknologi på grunn av den kvaliteten og dei kravsspesifikasjonar og den raske levereringi av informasjon som marknadsaktørane krev. Forskingsmiljøi hev neppe den kapasiteten og dei resursane som skal til for å samla inn og arbeida fram språkresursar slik at dei kann nyttast til kommersiele fyremål.

Gilbakken hev lenge sett trongen for ein nasjonal språkbank. Han var involvert i utarbeidingi av ein rapport på emnet til kulturdepartementet i 1996,itillegg til det hev han arbeidd ut ein rapport um telematikk for funksjonshemma. Me er eit lite land og norsk er eit minoritetsspråk i internasjonal samanheng. Å utvikla ein språkbank i Noreg er eit like stort og umfattande arbeid og umfattar like mykje kostnader som å skipa til noko liknande i eit land der marknaden for språkteknologi er større, difor burde offentlege styremakter vera med på å utvikla dei grunnleggjande resursane,men dei hev hittil ikkje vist vilje til dette. Dette er noko av grunnen til at eg sjølv hev teke iniativet til å utvikla ein slik språkbank i Noreg.

NST er ikkje eit idealistik tiltak,men gjer likevel eit viktig arbeid for uppehaldet av norsk språk av di dei utviklar ein database som gjer det mogleg å produsera språkteknologi der næringsliv og privatpersonar kann bruka sitt eige morsmål. I staden for å måtta bruka t.d. engelsk som er det dominerande språket. Me brukar av eigen kapital til å skipa denne språkbanken.

For oss er dette juvelen i forretningskonseptet, og det er den viktigaste faktoren i høve til innteningi. Eit samarbeid med både offentlege og kommersielle aktørar er interessant for oss. NST hev verktyet til å utvikla programvara for språkumråde som er marginale for marknaden,td. når det gjeld språkteknologi for nynorskbrukarar. Staten brukar jo millionar på lærebøker, men me er kommersielle aktørar so lenge det offentlege ikkje styd oss økonomisk i høve til dette,segjer Gilbakken.

I siste instans er spursmålet umkring utarbeidingi av ein nasjonal database eit kulturpolitisk spursmål. Ei kommersiell bedrift vil ikkje kunna taka umsyn til minoritetsspråki i samfundet, dei vil konsentrera seg um den store marknaden og det umfattar framfor alt bokmålsbrukarane. Det er difor svært sannsynleg at millom anna nynorsk og samisk vil verta veikte når nye programvaror som hev utgangspunkt i talspråket vert tekne i bruk på ålmenn basis. Språkteknologien vil òg i framtidi kunna leggja føringar for utviklingi av språket generelt.

Norsk språkråd som hev som primærfunksjon å vera rettleidande,statleg organ i språksaker,er so og segja nøydd til å ha tilgang til ein slik database, dersom dei skal kunna arbeida i fyrekant av språkutviklingi. I dag er Norsk Språkråd på sidelina i høve til den teknologiske språkutviklingi. Det kann sjå ut til at det vil verta kommersielle aktørar som vil kunna sitja med copyrighten på det norske språket i framtidi.

Eit springande punkt er kor godt teknologien til det belgiske firmaet fungerar for norsk språk. Det vert spanande å sjå frametter i utviklingsprosessen. Dersom teknologien let seg utvikla for bokmål, må det vera fåe vanskar med å utvikla tilsvarande teknologi for nynorsken,skulde ein tru. Skilnaden millom språki er stort sett småe på mange umkverve. Marknaden er likeeins stor både i det offentlege, millom folk som vil hjelpa borni sine med sidemålsstilen,i private firma i nynorsk umråde. Det er no òg offentlege aktørar som hev bore store delar av investeringane både i språksenteret og i næringsparken.

Eit interessant poeng er det at Lernout og Hauspie ikkje let til å ha sett pengar i språksenteret. Utbyggjingi av språksenteret var eit vilkår for at Lernout og Hauspie vilde satsa på næringsparken. Når næringsparken fyrst er reist hev Lernout og Hauspie 50 prosent eigardel og kann styra utviklingsprosessen og bruken av næringsparken, um dei ynskjer det. Selskapet skal ha vedtekter som ikkje opnar for at det kann takast ut avkastning til eigarane (Hordaland 4 november). Det vil vel segja at vinningi skal pløyast innatt i selskapet.

Det hev vore mykje skriving um Nordisk språkteknologi og næringsparken på Voss den seinste tidi. Her kann me ikkje få med alt. Men vonlegt kann dette kveikja til vidare lesnad og interessa..

Bergen, 16 november 1999


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag