YMIST

Korleis driva organisasjonsbyggjing ?

11 september skipa Bygdelagsnemndi i Bergen der Vestmannalaget er med til seminar um organisasjonsbyggjing. Vestmannalaget var representert i tilskiparnemndi. Upplegget for seminaret ser ein ei rimeleg bra skissa av nedanfor gjenom gruppeuppgåvone på seminaret :

GRUPPEOPPGÅVOR

  1. FYREMÅL Kva er fyremålet med organisasjonen? - ikkje berre fyremålsparagrafen, men slik den vert uppfatta og arbeidt ut frå. - har me/skal me måta til måli til dagsens samfund ?
  2. AKTIVITETAR Kva aktivitetar hev me i organisasjonen vår? Kva aktivitetar vil me ha, kutta ut, fornya? Kann aktivitetane vera ei målsetjing i seg sjølv?
  3. MEDLEMER Korleis fanga inn aktive medlemer? - medlemsrekruttering, korleis, kor mange - engasjement, Korleis brukar me dei aktive medlemene våre?
  4. VEIT NOKON UM OSS? Korleis kann me nå ut? -kva arbeidsformer brukar me - korleis møter me omverdi?

Punkt som vart lufta under plenumsdebatten: Aktivitetar - verdien av folkelege hopehav, plass for organisasjonar som legg vekt på folkelege hopehav, (ref. det privatiserte underhaldningslivet) Er det bruk for oss i dagsens samfunn (folkeupplysning i info-samfunnet?)

Desse prinsipielle spursmål og nokre vart tekne upp på seminaret.Per Selle hev skrive bok um slike og fleire andre tilhøve saman med Jan Heitman. Boki heiter : Frivillige organisasjoner - fornyelse, vekst og utvikling. Høgskoleforlaget 1999. Boki byggjer på grundige analysar av organisasjonslivet,og fleire typar organisasjonar kann draga lærdom av henne. På seminaret fekk me med oss helselag,lag i Kvinne- og familielaget, eit fredslag,diverse bygdelag og ungdomslag m.a. Hordaland Ungdomslag og folk frå fråhaldsrørsla mfl.

Det kom fram ei rad interessante innspel til spursmåli nedanfor. Alle måtte tenkja gjenom kva laget stod for og kva for ein praksis laget driv. Og ikkje minst måtte ein vera kritisk til den måten ein brukar organisasjonen til å nå fram på.

Organisasjonar som driv med mange nye aktivitetar hev stor utskifting, og knyt seg upp til konkret handling. Det er mange som vil gjera ein innsats, utan at dei må sitja og adminstrera eit lag reint teknisk. Dei som greider å halda ein høg sirkulasjon millom dei aktive medlemene tryggjer seg mot å slita ut dei aktive. Men det krevst at ein hev handfaste og lettfattelege ting å gjera. Døme på slike organisasjonar er helselagi og Raudekrossen. Les elles Astrid Nøkleby Heibergs kronikk i Dagbladet 29 sept.

Det er for lite forsking kring passive medlemer. Men det er tydeleg at nordmenn er med i fleire lag og organisasjonar enn folk i andre land, utan at det fører til at det vert gjort meir organisasjonarbeid, kanskje snarare tvert um ! Det er iallfall ein del av ein sernorsk tradisjon at folk vil vera passiv medlem,og det er ein tradisjon som ein skal vera uppteken av å taka var på,meiner Per Selle.

Den hierarkiske medlemsorganisasjonen er ikkje lenger i samsvar med det synet som folk hev på å organisera seg. Skal denne organisasjonmodellen funksjonera i dag,må folk sjå konkret nytte av det som skjer i sentrallekken elles trekkjer dei seg ut av aktivt organisasjonsarbeid. Treningsstudioane spelar medvite på at folk ikkje vil binda seg upp til ei organisert trening. Det er merkande utslag alt no, og dei vil slå tydelegare ut etterkvart. Det vil føra til nedgang i aktivitetsnivået i idrottslagi.

Dette var berre nokre yverflatlege uppsumeringar av noko av ordskiftet og innleidingane på seminaret. Det er mange fagfolk som sit med kunnskapar og innsyner som kann gagna målrørsla og målarbeidet og friviljugt arbeid i det heile. Ein må kunna slå fast at folk som Per Selle og ein annan kapasitet som Håkon Lorentsen hev mykje å fara med i slike høve. Desse folki bør ansast på av målfolk og andre som vil læra noko um friviljug organisering.

Men hev nynorske fagfolk meir generelt vilje og interessa til å vera med på å engasjera seg i å diskutera strategiar for organisasjonsbyggjing og organsisjonsutvikling ?

Bygdelagsnemndi reiste desse spursmåli reint generelt og alle av dei hev relevans for målrørsla. Me må ikkje verta so rigide at me ikkje kann sjå utyver høgnorskrørsla og td. Noregs Mållag. Eg kann ikkje skyna at det skal vera noko mål at høgnorskrørsla og Noregs Mållag so og segja skal festa sitt emblem til alt som skal skje i eit ordskifte knytt til nynorsken, og endå mindre til organiseringi av målrørsla.

Det finst no vel nynorskbrukarar rundt umkring i organisasjons-Noreg elles som vil vera interesserte i å dryfta dei spursmåli som var reiste i Bygdelagsnemndi,og som jamvel kann vera interesserte i å gjera ein innsats. Bygdelagsnemndi i Bergen hev iallfall gjort eit godt upptak.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag