YMIST

Språkteknologi-soga

I ei rad presseuppslag vert folk kjend med at ei stort firma på Voss engasjerar seg i arbeidet med å utvikla språkteknologi for Norden. Deira mål er å verta det dominerande firmaet i Norden. Men kva er bakgrunnen for Nordisk Språkteknologi? Dei som vil vita noko um upphavet til skipingi av NST kann visast til Verdens Gang 24 desember 1998.

Folki attum Nordisk Språkteknologi frå no av NST starta planleggjingsarbeidet for å etablera eit stort språkteknologifirma i 1997. Sumaren 1998 fekk dei ein samarbeidsavtale med konsernet Lernout & Hauspie som er eit verdsleidande konsern innanfor umrådet språkteknologi saman med m.a IBM. Dei teknologiske framstøytane for ein tale til tekst teknologi var gjort minst so tidleg som på vårparten 1998.

Men det var fåe eller ingen som stod klare til å gjera noko med å utvikla denne typen teknologi for norsk for ikkje å segja nynorsk. Innanfor universitetsmiljøi var ein i ferd med å byggja upp språkverktyfunksjonar. Den statlege satsingi var knytt til eit EU-prosjekt administrert av firmaet ide as. Det var på tale å reisa eit sekreteriat for norsk språkteknikk,men det vart ikkje løyvd pengar til det på statsbudsjettet. Styremaktene gjorde saman med andre språkteknologiske aktørar upptak til ein konferanse um språkteknologi som vart halden på Voksenåsen i oktober. Her presenterte Nordisk Språkteknologi kontrakten sin med det belgiske firmaet Lernout og Hauspie. Det vart elles ein diskusjon umkring nynorsken rolla millom det finske firmaet Lingsoft som vil satsa på å utvikla m.a. nynorsk orddelingsprogram.

Utyver vintaren og innpå vårparten 1999 arbeider NSTs Ole Lund med å reisa midlar til eit språkteknologisk firma i millionklassen. I dag hev dette ført med seg at SND Invest AS hev gjenge inn med 30 millionar kronor i NST. Telenor med 17 millionar, Vital forsikring hev gjenge inn med ein stor aksjepost og lokale interessentar hev gjenge inn med munalege summar.

NST hev fleire gonger ytra seg språkpolitisk um nynorsken og dialektane. Landssamanslutningi for nynorskkommunar utfordra NST til å djupa ut synet sitt på nynorsk på ein konferanse dei skipa til i Bergen i slutten av januar. Her var leidande representantar for NST til stades.

Her forsvara firmaet seg mot at dei hadde uttala seg sterkt skeptisk til nynorsken. Dei hevda at det ikkje vilde vera lønsamt å utvikla språkteknologi på nynorsk for den norske marknaden pga. av det låge folketalet i Noreg. Det vart då vist til at det viktige ikkje er folketalet,men talet på aktive datamaskinbrukarar. Sjå td. på Island. Der hev dei utvikla serleg utstyr for språket sitt som er langt meir serprega enn nynorsken,og som knapt hev fleire datamaskinbrukarar enn nynorsken. NST hadde visst inkje å segja til dette.

I ein informasjonsfaldar NST delte ut på konferansen i Bergen skriv dei. " Vi ser at det kan vera etterspurnad etter nynorskversjonar av dei produkta som vi skal laga,men vi meiner denne etterpurnaden vil bli så liten at vi ikkje kan forsvara at nynorsk vert inkorporert i det første steget av utviklinga av dei språkteknologiske produkta." Dei held fram med at " I utviklingsarbeidet vårt førebur Nordisk Språkteknologi utvikling for nynorsk,men nynorsk ligg enno ikkje i dei konkrete framdriftsplanane"

For at det skal verta udiskutabelt å få nynorsken med i den utviklingi som gjenge fyre seg no,må nynorskfolket syna at det finst ein nynorsk marknad,utan umsyn til kva næringslivsaktørar som arbeider fram teknologiske løysingar. Anten det er Telenor, Lingsoft NST eller evt nye aktørar. NST skriv sjølv at dei ynskjer samarbeid med nynorskbrukande einingar av ulike slag. "For å få nynorsk inn i framdriftsplanane våre,ynskjer vi eit samarbeid med administrative einingar som brukar nynorsk. Vi ynskjer serleg å få tilgang til korrespondansetekstar,sakspapir,møtereferat og liknande."

I månadene etter konferansen hev NST kome med ei rad språkpolitiske utspel i pressa.

Eit av dei fyrste utspeli frå NST kom i Bergens Tidende 6 februar. Der dei lansera at frå tekst til tale programmet dei skal utvikla må vera på Ålesundsdialekt og på bokmål !! Nynorsken og dialektane vert framstelte som eit problem. I dei røysteattkjenningsprogrammi som skulde utviklast måtte ein nytta eit normalisert talemål og fylgjeleg eit normalisert bokmål,um ein skal retta seg etter hovudlinone i arbeidet til NST.

13 april gjeng NST ut med eit utspel på internett. Her heiter det at NST um tvo år vil ha ferdig eit program som gjev høve til å diktera tekst inn på ei datamaskin. Berre tvo månader etter at det vart sagt at ein laut nytta eit normalisert talemål når ei skulde diktera gjer NST kuvending. No heiter det seg at teknologien skal kunna skyna dei fleste dialektane burtsett frå nokre avstikkande dialektar som td dialektane i Øvre Telemark. Kva for eit språkleg grunnlag det skulde vera for å hevda noko slikt fær me ikkje høyra noko um.

Men den teknologien som NST skal ha ferdig innan tvo år skal berre gjeva bokmålstekst på skjermen. Det vil segja at same kva for ein dialekttype ein nyttar,skal det språket ein kjem ut med verta bokmål. Utan umsyn til korleis dei teknologiske kjennsgjerningane er og vil vera, lyt ein segja at den haldningi som det her vert synt andsynes nynorsken er svært tvilsam. Prinsipielt sett er det ingen ting til hinder for at eit privat og privatfinansiert selskap skal kunna nytta bokmål og berre bokmål.

Det er likevel slik at staten hev gjenge inn med eit stort aksjekjøp på 30 millionar gjenom SND-invest. Telenor er dessutan inne med 17 millionar. Det er grunn til å understreka denne finansieringsmåten. Dessutan bør det vera klårt for alle språkteknologiske resursar må vera eit nasjonalt satsingsumråde. Til no hev det vore slik gjenom det arbeidet som universiteti hev gjort med å leggja til rette for språkverktyfunksjonar. Dette arbeidet hev ivareteke interessone til nynorsken på ein forsvarleg måte,jamvel um ein gjerne skulde ha sett at det hadde vore satsa meir i dette arbeidet.

Det må vera eit viktig satsingsumråde å reisa nynorskskrivande og nynorske tekstprodusentar til medvite arbeid for å tryggja nynorsken gode språkteknologiske resursar.

Bergen, april 1999


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag