YMIST

Språkteknologi og elevrettar

1 Innleiding
Det hev alltid vore eit problem at det hev vore liten tilgang på nynorske skulebøker. Skulebøker generelt sett krev offentleg studnad. Difor hev staten skipa Norsk Læremiddelsenter. Gjenom dette senteret vert det ytt midlar til nynorsk lærebokproduksjon. Forlagi hev likevel vore vanskelege å ha med å gjera. Dei klagar jamnast yver at det vert for mykje arbeid med å få umsett lærebøker til nynorsk. Frå statleg hald hev det ikkje alltid vore gjort noko for å skunda på forlagi,trass i at det hev vore lovfest gjenom fleire år at nynorskbøker skulde liggja fyre til same tid og pris som bokmålsbøker. Denne retten hev knapt vorte fylgt fullt ut nokon gong. Men serleg ille vart det i 1996/1997 då den dåverande regjeringi gjekk inn på eit lovframlegg som vilde gjeva dårlegare lovvern for nynorskelevane.

Difor gjekk Norsk Målungdom sterkt ut mot dette lovframlegget. Det vart mobilisert til storaksjonar yver heile landet. I Bergen vart det samla umlag 3500 elevar til protest i mai. På hausten la målaktivistar frå Nynorsk Elevgerilja ut ei umsett databok på internettet. Det førde til at NMU vart bøtelagd. Men alle aksjonane og blæsten kring dei gjorde at framlegget til ny upplæringslov vart utdrygt,og NMU vann til slutt fram med kravi um at lovvernet for nynorske læremiddel skulde stå fast.

Moderne datateknologi hev vorte ein serleg viktig del av målstriden dei seinste åri. Internett si rolla i språkpolitikken startar vel i 1996. Då markerte Noregs Mållag og Norsk Målungdom seg med svartelisteaksjonen. Der la dei ut alle eller flestalle dei lærebøkene som ikkje låg fyre til same tid og pris. Det førde til at forlagi laut koma ut og forsvara seg. Denne aksjonsformi hev vorte fylgt upp. Aksjonane til Nynorsk Elevgerilja på internett hev eg nemnt. Vidare er det verd å nemna at det vel for fyrste gong vart snakk um læremiddel av typen multimedia i samband med aksjonane kring upplæringslovi. Fyrr hadde læremiddel vorte rekna for lærebøker og i nokon grad for tilleggsbøker. Men etter dei sokalla AFSRIS-aksjonane var det slutt på denne gamle definisjonen. I dag reknar me læremiddel for læremiddel anten dei ligg fyre på data eller i papirform.

2 Stoda innanfor datateknologien i dag.
I dag vert det gjort mykje forsking kring multimedia. Dei styrande aktørane er store internasjonale konsern med Microsoft som den største. Desse store aktørane er ikkje automatisk interesserte i å leggja til rette for at det skal koma dataløysingar på nasjonalspråki i dei einskildlandi som dei eksporterar teknologi til. Innanfor EU-systemet vert det satsa mykje på å byggja upp nasjonale språkverkty for einskildspråki. I praksis er det dei store språki som greider å halda tritt. For at læremiddel av multimediatypen skal verta tilgjengelege på nynorsk må alle språkbruksfunksjonar liggja fyre. Skal det skje må me inn å sjå på kva som skjer på eit felt som vert kalla språkteknologi.

Dei norske styremaktene hev ei serleg utbyding når det gjeld å tryggja statusen til både nynorsk og bokmål. Det må byggjast upp norske språkverktyfunksjonar på ei rad umråde. Det er vanleg å nemna iallfall desse funksjonane når ein snakkar um språkteknologi :

  • skrivestøtteprogram. Her nemner eg berre stikkord som stavekontrollar, korrektursystem, orddelingsprogram, elektroniske ordbøker, grammatikkontroll, stilkontroll,synonomi og terminologi)
  • maskinomsetjing: Ei datamaskin kann anten umsetja automatisk frå eitt språk til eit anna eller ho kann umsetja so pass bra at det let seg gjera å halda fram umsetjingi manuelt.
  • innhaldsanalyse (t.d. indeksering, automatisk samandrag)
  • taleteknologi (automatisk tale-til-tekst og tekst-til-tale). Ein kann med denne nye teknologien anten snakka inn tekst på dataskjermen tale til tekst eller ein kann få lese upp tekster ved hjelp av ei datamaskin. Teknologien ligg fyre for engelsk.

3 Kva for nokre strategiar kann me i målrørsla leggja for at viktige språkteknologifunksjonar vert utvikla og at grunnlaget for at nynorske læremiddel skal liggja fyre vert tryggja ?
Eg meiner at nokre viktige prinsipp kann slåast fast :
a) Det er avgjerande at me fylgjer med og handlar so snart me ser fyre oss kva som skjer på umrådet språkteknologi. Utviklingi innanfor datateknologien skjer so snøgt at me må vera på høgd og helst i front av denne utviklingi når det gjeld nynorsk språkteknologi.
b) Det er viktig å syta for at offentlege aktørar er sterkt med når det vert satsa på ei byggja upp språkverkty. Universiteti hev ein skyldnad til å fylgja upp nynorsken,og det hev vorte gjort gjenom t.d. Nor kom pleks som er eit språkanalysesystem som er utvikla ved NTNU.
c) Det er viktig at det vert satsa på nynorsken frå dag ein. Dersom det ikkje vert satsa på nynorsken frå fyrst av,vert det mykje tyngre å taka nynorsken att seinare. Marknadslovene fungerar slik at når det ligg fyre eit bokmålsprodukt fyrst,vil folk kjøpa dette. Dersom nynorskproduketet ligg fyre eit halvt år seinare,er det for seint. Då er det ingen som vil kjøpa det,for utviklingi gjeng so snøgt at då ventar dei på neste produkt som kanskje ikkje ligg meir nokre månader fram i tid.
d) Koplingar millom statleg og privat kapital kann verka uheldig. Dersom eit privat firma skal satsa kommersielt på berre å utvikla språkteknologi, vil det vera naturleg å satsa på store aktørar i næringslivet. Desse aktørane nyttar bokmål,og for ein slik trong marknad vil det ikkje løna seg å utvikla teknologien på nynorsk. Då vil det verta utvikla bokmålsprodukt,og nynorsken vil verta pressa ut. Skal det offentlege satsa pengar på språkteknologi må det vera til å tryggja utviklingi av språkverktyfunksjonar på nynorsk, slik at nynorsken fær dei same høvi til å markera seg innanfor IKT (informasjon og kommunikasjonsteknologi) som bokmålet.
e) Av dette fylgjer at eg meiner det er viktigare at det vert satsa på å fremja kultur enn på at det vert satsa på å byggja ut småe og millomstore private firma som arbeider med språkteknologi. Skal det verta utvikla god språkteknologi må fagmiljøi ved universitet og høgskular vera sterkt representerte og andre store aktørar som kann bindast upp av staten eller som kann pressast av målstridsorganisasjonar som NM,NMU,LNK m.fl. eller store brukargruppeorganiseringar av nynorskbrukarar.
f) Utanlandske aktørar som utviklar einskaplege standardar for språk kringum i Europa eller for den saks skuld i heile verdi representerar ein fåre,dersom dei norske aktørane bøygjer seg for einstandartenkjingi,og berre nyttar bokmål. Det er det enklaste kommersielt sett.
g) Her kjem eg til noko av det viktigaste. Det vert i dag teke politiske avgjerder innanfor ulike departement. Det er tri departement som er inne i biletet når det vert tala um språkteknologi. Det er KD,KUF og NHD. Det er svært viktig å fylgja upp det arbeidet som vert gjort i desse depatementi.

4 Aktørane i språkteknologiutviklingi i dag.
SINTEF
Det er lite å finna ut um Sintefs språkteknologiske arb. Generell kunnskap :
SINTEF-gruppa utfører forsknings- og utviklingsoppdrag for næringsliv og forvaltning innanfor teknologi, naturvitenskap og samfunnsfag. Med 1862 tilsette og ei omsetning på 1,4 milliardar kronor er SINTEF Skandinavias største, uavhengige forskningsorganisasjon. Uppdrag fra næringsliv og forvaltning utgjer 92 prosent av driftsinntektene. SINTEF samarbeider nært med NTNU (Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet). Dei samarbeider òg med Universitetet i Oslo. SINTEF segjer um seg sjølve:
"Som almennyttig stiftelse er det vår oppgave å bidra til at kunnskapen blir anvendt til bærekraftig verdiskaping i samfunnet. Resultatene av SINTEFs arbeid skal gjenspeiles i norsk næringslivs konkurranseevne og produktiviteten i offentlig sektor."

TELENOR hev lang røynsla i å arbeida fram frå tekst til tale teknologi. Telenor er interessert i å utvikla teknologi for brukargruppor yver heile landet ikkje berre kommersielle aktørarar. Alle som hev telefon er eller hev inntil nyleg vore Telenorkundar. Telenor hev samarbeidt med universiteti. Telenor er delvis underlagd staten og skal vera bunden av mållovi. Trass i desse kjensgjerningane er det like fullt ikkje teke i bruk nynorske teletenestor so langt som eg veit. Telenors satsing kann kanskje koma til å streka seg so langt som at dei vil utvikla maskinor som kann kjenna att dialektar,men det stend att å sjå um dei vil utvikla maskinor som vil kunna produsera nynorsk tale.

LINGSOFT
Lingsoft er eit finsk firma som hev kontakt og samarbeider både med bokmåls- og nynorskbrukargruppor. Kjem på marknaden med nynorskprodukt nokso snart. Arbeider med ein stavekontroll og eit orddelingsprogram.

Nordiske Språkteknologi
Nordisk Språkteknologi segjer at dei prioriterar bokmål. Dei satsar heilkommersielt. Dei segjer seg ikkje avvisande til nynorsken,men vil heller ikkje prioritera nynorsken i fyrste umgang.

UNIVERSITETI
Universiteti hev utvikla og utviklar språkverkty for bokmål og nynorsk. Nynorsken kjem ikkje alltid i fyrste rekkja,men likevel hev ein kome langt. NTNU hev lansert for nord kompleks bokmål og nynorsk. Universitetet i Oslo hev gjenom det sokalla dokumentasjonsprosjektet lagd ut på internett og gjort mykje nynorsk litteratur tilgjengeleg i digital form.

5 Kva segjer NHD?
Eg skal her visa til eit fyredrag av riksskrivar ( statssekretær) Odd Hellesnes i Bergen i januar 1999. Han segjer her at Nærings og handelsdeptet (frå no NHD) skal satsa på å byggja ut ny verksemd i tilknyting til språkteknologi m.a. gjenom Statens nærings og distriktsutbyggjingsfond. Dette er lite heldig for nynorsken um det fører til meir kommersialiering med produksjon for aktørar i næringslivet og ikkje for ålmenne brukargruppor. NHD tek ikkje stoda til språkspursmålet. NHD finansierar ymse forskingsprogram gjenom Noregs forskingsråd (frå no NFR). Der er dei opne for nynorske prosjekt. Det er upptil aktørane i marknaden um det kjem inn søknader til NFR som dekkjer nynorske språkbehov.

Fleire forskingsprosjekt er på forprosjektstadiet:
a) Forprosjekt for nasjonalt korpus for norsk språkteknologi leida av NTNU. Samarbeidsprosjekt millom ntnu,uio.uib,SINTEF,TELENOR og NST
b) Automatisk taleattkjenning på norsk til nytte for funksjonshemma (sintef)
c) Taleforbetring for funksjonshemma (sintef)
d) talande navigeringssystem (sintef)

6 Konklusjon
Me hev vunne kampen um lovvernet for at nynorske læremiddel skal koma til same tid og pris,men det er framleis ei lang veg å gå for at dette lovvernet skal verta etterfylgt. Og det kann verta vanskelegare dersom nynorsken ikkje greider å hengja med i den språkteknologiske utviklingi. Me bør fylgja nøgje med i kva dei ulike aktørane i språkteknologisektoren i Noreg tek seg fyre og kva dei meiner. Universiteti ser ut til å vera mest positive. SINTEF og Telenor hev mykje røynsla,og dei er tunge aktørar som hev bakgrunn til å taka umsyn til nynorsken. Uvisst kor mykje dei kann gjera,men dei vil trulegt gjera noko til gagn for dialektane.
Lingsoft verkar lovande med nynorske stave- og orddelingsprogram.
Nordisk Språkteknologi satsar kommersielt er negative til å taka nynorsken med i fyrste umgang.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag