YMIST

Glimt frå kultursoga på Sunnmøre

Årsmøtet i Sunnmøre Vestmannalag vart halde i Aasen-tunet i Hovdebygda laurdag den 7. oktober i år, ein strålande haustdag. Frammøtte som ikkje hadde vore i det nye Aasen-tunet tidlegare, fekk høve til å sjå seg rundt i dette nasjonalbygget. Etter årsmøtet var det råd å få kaffi og noko i bita i på kaféen som det fortelst alt hev synt seg i minste laget i nokre høve. Dette er ikkje Aasen-tunet eller Nynorsk kultursenter å lasta. Staten fylgde som kjent gamal skikk og spara meir på småskillingane til eit nasjonalbygg utanfor Oslo-gryta, enn på milliardane til tvilsame prestisjeprosjekt på oslokanten.

Etter årsmøtet var var det kulturkveld der Arne Grimstad frå Hareid tala um glytt frå kultursoga på Sunnmøre, eit emne han skulde kjenna vél. På kulturkvelden var det andre friske innslag, m.a. allsong til gitarmusikk av Svein E. Kvamsdal.

Arne Grimstad tok til, litt skjemtefullt, med å minna um den gamle sedvanen på Sunnmøre med å knyta namnebruket til ein bibelsk bakgrunn. Det førde til at på same stad kunde det finnast både ein Adam, ein Abraham, ein Isak og ein Jakob samstundes. Den religiøse undertonen var merkande når han skildra mor si som etter ein kopp kaffi i tidlege morgonstunder på trettitåri sette seg til med rokken og song lågmælt ein salme til rokkeduren. Slike innslag, seigt og endelaust arbeid frå tidleg morgon, med eit døyvt salmevers eller kanskje eit berre tenkt bibelord til stillsamt fylgje, var nok eit vidspreidt drag i den gamle kultursoga på Sunnmøre - ikkje minst det uthaldande og endelause arbeidet. For kvinna som for mannen.

Arne Grimstad la sterk vekt på at den gamle sunnmørskulturen - og for den skuld den nye - ikkje er ein rein sunnmørsvokster. Påverknader og straumar utanifrå må ofte vera upphavet, men dei fær si sermerkte utforming og sin eigen skapnad i det einskilde landet og på den einskilde staden. Dette tok han upp att. Slik er det med sunnmørskulturen òg. Den ålmenne strålebunten fær "i kvar si bylgje ein annan lit" (Vinje).

At sunnmørskulturen hev nært hopeheng og nær skyldskap til andre lokale eller regionale greiner av norsk kultur, gav Grimstad ord for ved å segja fram dikt av diktarar frå andre landsluter, som Elias Blix frå Nordland og Halvor Floden frå aust i landet. Um Blix som vart ein sers lærd mann, med framifrå resultat på skule og universitet, stipendiat i Tyskland, professor og ei tid kykjestatsråd, drog Arne Grimstad fram den skammelege soga at då han nyvigd teolog i ungdomen etter innarbeidd skikk bad um å få preika i kyrkja på heimstaden, so sa soknepresten der nei av di Blix ikkje kom frå embetsstand og av di han dertil skreiv på landsmål! Dette skulde vera grunnen til Blix aldri seinare såg heimbygdi si Gildeskål att.

Arne Grimstad tala levande og med personlege upplevingsinnslag til ein flokk vakne og interesserte tilhøyrarar. Frå NRK-åri sine på Marienlyst ymta han noko humørfylt um at samkjensla millom sunnmøringane der ikkje alltid var like yvertydande sterk. Han slutta med å segja fram fyrste verset av Grundtvig-songen "Et jævnt og muntert, virksomt liv på jorden", sluttord som fall i tråd med det han tidlegare hadde sagt.


Jostein Krokvik, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag