YMIST

Brevet frå upptaksmennene

Dette brevet sende upptaksmennene Svein E. Kvamsdal og Olav Torheim ut til eit tjugetals målmenner i Volda/Ørsta-traktene:

Gode målfolk på Sunnmøre

Det hev vore ytra interessa for eit høgnorsk mållag på Sunnmøre. 15 personar hev so langt meldt seg interesserte i å vera med i eit Sunnmøre Vestmannalag. Nokre av oss vil difor gjera upptak til å halda skipingsmøte for eit slikt lag.

Namnet dykkar er henta frå meldingslista som me hev samla inn underskrifter på, frå tingarlistone til Vestmannen eller frå medlemslista til Vestmannalaget. Me sender dessutan dette brevet til sume som me trur kann ha hugnad av å vera med i eit høgnorsklag. Dersom de ikkje tykkjer de skulde ha fenge dette brevet, er det fint um de segjer frå, so slepp de evt. å få tilsvarande brev i framtidi.

Me ynskjer at laget skal verta eit folkeleg og kulturskapande lag, eit kulturelt miljø etter liknande arbeidsmåtar som Vestmannalaget i Bergen. Når laget vert skipa vert det medlem i Vestlandske Mållag. Vestlandske Mållag er som de gjerne veit eit fylkeslag fyrst og fremst med utgangspunkt i Hordaland. Det er likevel fåe lokallag i Vestlandske Mållag. Me i styret i Vestlandske Mållag trur det er mange som sympatiserar med oss,men som ikkje organiserar seg i målarbeid lokalt. Me vonar at me kann gjera noko med dette og få fleire målfolk som sympatiserar med det målsynet som vert målbore gjenom m.a. Vestmannalaget,Høgnorskringen og Vestmannen til å samla seg lokalt. Det vil vera til styrkje for målreisingi og det målpolitiske ordskiftet,trur me.

Me tek med fyrste paragrafen i lovene til Vestlandske Mållag,so de kann sjå konkret kva laget stend for :

«Vestlandske Mållag hev til fyremål å arbeida for at det norske målet skal få sin fulle rett og koma i full bruk i alt samfundsliv. Laget skal arbeida for heimleg og stød målbruk med fast fot i det grunnlaget som Ivar Aasen lagde for målreisingi. Laget skal vera fylkeslag i Ivar Aasen- Sambandet.»

Meir info um Ivar Aasen-Sambandet og målsynet deira kann de finna på internettsida http://www.geocities.com/Pentagon/5936/aasen.html.

Reint konkret vil me halda skipingsmøte for eit sunnmørsk høgnorsklag i Volda 18. September klokka 14.00. Møtestad vert lokali åt Frivilligsentralen (Frivilligsentralen passerar du på høgre sida på vegen frå kyrkja ned til Jostein Haugen Bokhandel).

Me helsar kvar og ein av dykk velkomne til skipingsmøte.

Volda, 25 august 1999

Med helsing

Svein E. Kvamsdal

Olav Torheim


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag