YMIST

Referat frå årsmøtet i Ivar Aasen-sambandet 17. april 2004

Møtet vart sett klokka 11.00 i Gimle, Kong Oscars gate i Bergen.

Til stades:
Desse utsendingane møtte:

Nils Vermund Gjerstad for Norrønalaget Bragr
Gisle Ytrestøyl for Bjørgvin Høgnorsklag

I tillegg møtte desse beinveges innmelde lagsmennene:

Arne Holmin
Sigbjørn John Huun
Harald Linga
Lars Bjarne Marøy
Anders Moe
Klaus Johan Myrvoll
Bjørn Tormod Ringdal
Inga Ovidia Torheim
Eivind Torheim
Olav Torheim

Fullmaktene vart ettersedde og var i orden.

Sak 1 Innkalling og saklista

Innkallingi vart samrøystes godkjend og saklista fastsett i samsvar med den utsende saklista, men mot slutten av møtet vart det klårt at punktet fråsegner laut flytjast fram til sak 4. Formannen, Klaus Johan Myrvoll, vart vald til å leida møtet. Arne Holmin vart vald til møteskrivar. Harald Linga og Sigbjørn John Huun vart valde til å skriva under møteprotokollen.

Sak 2 Årsmelding

Formannen etla ut og las årsmeldingi. Striden i Vestlandske Mållag hadde kløyvt laget og gjort det uråd å driva konstruktivt målarbeid. Årsmeldingi synte at laget no var merkt av indre uppløysing. Styresmennene greidde ikkje å samarbeida og alle styresmennene hadde gjort det klårt at dei no vilde draga seg attende.

Vedtak:
Årsmeldingi vart samrøystes godkjend.

Sak 3 Rekneskap

Formannen fortalde at kassastyraren i Ivar Aasen-sambandet hadde vore lite tilgjengeleg i arbeidsbolken. Kassastyraren hadde ikkje vilja føra rekneskapane og hadde heller ikkje levera frå seg rekneskapsvedlegg til formannen. Utfallet vart at formannen sjølv hadde ført rekneskapen for 2003, men rekneskapen for 2002 vart det uråd å føra av di formannen vanta turvande vedlegg.

Resultatrekneskapen for 2003 viste eit yverskot på 9 650,21 kronor. Laget hadde motteke ein studnad på til saman 60 000 kronor frå Halldor O. Opedals fond. 44 065 kronor var nytta til sakførarhjelp for Vestlandske Mållag. Ved årsslutt stod det 51 154 kronor på kontoane til Ivar Aasen-sambandet.

Den samla eigenkapitalen til laget var ved årsslutt 56 464,14 kronor.

Vedtak:
Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

Sak 4 Fråsegner

Anders Moe fremja denne fråsegni:

Bladet Målmannen er eit framifrå blad. Me vonar at bladet vil vinna aukande tilslutnad.

Vedtak:
Fråsegni vart samrøystes vedteki.

Sak 5 Val av styre og ettersynsmann

Formannen gjorde greida for stoda i styret og i samskipnaden. Han meinte at det vilde vera vanskeleg å finna personar som vilde taka på seg å sitja i styret.

Utsendingane samtykte i det. Lars Bjarne Marøy meinte at dei styresmennene som utgjorde mindretalet tolka reglane subjektivt. Når mindretalet i eit styre set til sides fleirtalet og kallar inn til årsmøte veka etter det årsmøtet som var lovleg innkalla, so segjer det sitt. Det er òg andre døme på at mindretalet tolkar reglane subjektivt. Då dei vart valde i 1999, vart dei sitjande til 2001. Til 2001-årsmøte var dei med på innkallingi og stelte ikkje seg sjølve på val. I 2002 vart dei etter eige framlegg valde for 2 år. Då hadde dei sete i styret i til saman 3 år. No meiner dei at styremedlemene som vart valde i 2001, og ikkje var på val i 2002, må avsetjast. Dersom ein skulde leggja denne tolkingi til grunn, var vali både i 2001 og 2002 ugyldige.

Dette er berre eit par av mange døme på ei svivyrding av lover og reglar som fører til at det ikkje er råd å driva seriøst lagsarbeid, slo Marøy fast.
Formannen spurde um det var framlegg til styre for Ivar Aasen-sambandet. Det var det ikkje.

Varaformannen vitra saman med formannen um at fyresegnene opna for at laget kunde uppløysast. Formannen peika på at når det var uråd å få valt eit styre, måtte det vera grunnlag for å løysa upp laget. Han kom med eit framlegg til uppløysingsvedtak:

Ivar Aasen-sambandet var samla til årsmøte 17.04.04. Ingen på dette årsmøtet vilde taka på seg å sitja i styret. Årsmøtet vedtok difor å løysa upp laget.

Olav Torheim og Klaus Johan Myrvoll fær fullmakt til å ordna med juridiske, økonomiske og andre praktiske sidor ved uppløysingi.

Etter merknader frå årsmøtelyden vart desse setningane lagde til:

Eiga i samskipnaden vert yverførd til Halldor O. Opedals fond etter at kostnadene til årsmøtet er dregne frå.

Alle rettar til domenet sambandet.no hev Ivar Aasen-sambandet gjeve frå seg til Marøys tenestesamband.

Vedtak:
Framlegget frå formannen, med tillegget frå årsmøtelyden, vart samrøystes vedteke.

Møtet vart hevja klokka 11.45.

Bergen, 18. april 2004

Arne Holmin
referent

Underskrivarar:

Harald Linga

Sigbjørn John Huun


sambandet.no, 20060114

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag