YMIST

Skipingsmøtet peika frametter

18 september 1999 vart det halde uppattskipingsmøte for Sunnmøre Vestmannalag. Olav Torheim var upptaksmannen for uppattskipingi. Han innleidde møtet med å gjera greide for historikken til Sunnmøre Vestmannalag. Dei fremste faneberarane for laget var Lars Festøy og Sigurd Slyngstad.. Laget var aktivt fram til 1970-talet,og det vart gjort arbeid i laget sitt namn fram til umlag 1982. Laget stod som utgjevar for ordbøker frå islandsk til norsk og færøysk til norsk av Eigil Lehmann.

No hev laget lege i dvale fram til dette møtet. Torheim hadde planar um syslar for laget. Millom anna å fylgja upp ordbøkene til Lehmann med å gjeva ut ein CD der Lehmann les eigne dikt. Andre aktivitetar er òg på tale.

Det var innleiding ved formannen i Vestlandske Mållag Lars Bjarne Marøy. Han peika på at det er mykje målarbeid som ein kann gjera i tilknyting til eit mållag. Vestlandske Mållag ynskjer å verta ei stor fylking av høgnorskarar,og fleire lagsskipingar ber til samstundes.
Etterpå vart det ordskifte der det kom mange gode innspel til kva Sunnmøre Vestmannalag kann arbeida med. Frode Jens Strømnes hadde eit spanande innlegg der han peika på at bokmålet dominerar målet td. i butikkane og i teletenestone. Dei som bur i Volda hev ei rad språkmøte i dagleglivet,og nynorsken er lite og ikkje synleg i desse språkmøti.

Nynorsken er sjuk og medisinen som hev vore nytta fram til dessar er ikkje god nok. Målfolki hev late seg dåra av lingvistar som hev tenkt at alle språk er like gode. Dette dogmet hev stade sterkt i den lingvistiske vitskapen,og dogmet hev ført med seg at praktiske nytteumsyn hev havt fritt fram i den målpolitiske tenkjingi. Dogmet vert no utfordra av nyare forsking som syner at dogmet ikkje held stikk. Ein må skilja millom det medvitne språknivået og dei umedvitne språklege mentale bileti,sinnbileti. Det medvitne nivået er ord og setningar,men dei mentale sinnbileti som me danar oss gjenom språkbruken vår er dei viktigaste og avgjerande delane av språket. Desse mentale sinnbileti kann aldri fangast skikkeleg inn av den lingvistiske vitskapen. Strømnes vona at han skulde få høve til å djupa ut dette med si eigi forsking.

Fleire andre hadde ordet i det gode orskiftet som fylgde. Svein E. Kvamsdal heldt sterkt fram at laget må satsa på å vera ein kulturberar som tek upp spursmål av alle slag. Målet gjeng inn i kvardagen til oss alle,og alt som hev med språk å gjera kann vera interessant for eit mållag.

Kjell Inge Bjørke var uppteken av at me må vinna menneskesinni gjenom kunsten. Det er viktig å fremja skriftet av kjende målfolk. Eg trur mange vil ha vorte gripne av til dømes å lesa attersyn av Anders Hovden. Avisa Møre var til stades og laga ein reportasje um møtet.

Svein E. Kvamsdal vart vald til formann,med Olav Torheim til varamann og skrivar,elles i styret kom Jostein Krokvik,Kjell Inge Bjørke og Jon Buset. Styret vil konstituera seg nærmare på styremøtet i månadsskiftet september/oktober. Seinare på hausten kjem me til å ha ope lagsmøte.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag