YMIST

Godt målmøte i Sunnmøre Vestmannalag

Sunnmøre Vestmannalag skipa til ope møte laurdag 26. Februar på bedehusloftet i Volda.

Vestmannalaget hadde fenge Johan H. Grimstad som fyredragshaldar. Yverskrifti på fyredraget var «Brennande målspursmål». Grimstad sit i stjorni til laget. Møteleidaren Svein Kvamsdal ynskte fyredragshaldaren velkomen.

Grimstad opna fyredraget sitt med å segja at han var glad for eit slikt lag, eit lag med framtak for norskt mål. Eit slikt lag lyt hava til fyremål å beinka på det som hev skeiva seg til.

Han minte møtelyden um sambygdingar som i sitt kvardagsyrke sette målsaki høgt: Anders Hovden, Johannes Barstad (med bladet «Stille stunder»), Henrik Kårstad og Rasmus Øvrelid. Desse lyt vera fyredømi i vår fyreloga for målsaki.

"Dei gav oss ein arv til å gøyma..." kvad han Ivar Aasen.

Grimstad sagde at det for tidi er alvorsame tider for nynorsken. Les me eit bladstykke i «Syn og Segn», lyt me lesa lenge fyrr me ser um det er nynorsk eller bokmål me les. Her er maksla saman mykje ymist. Me øydar òg nynorsk dersom vanleg brukarnynorsk skal vera normalnynorsk. Me kann ikkje godtaka alle slags målføreuttrykk og taka det for god nynorsk.

Fyredragshaldaren minte um at nynorsken kom inn i gymnaset i 1907. I 1934 vart det sett ned eit utval. Frå då av byrja det å rakna for nynorsken. Utvalet fremja den sokalla «tilnærmingslina». Målet skulde bokmåliserast.

Eitt stend fast. Nynorsken hev vorte den store taparen, han hev vorte ringare, ja beint fram fatigare.

Då Distriktshøgskulen vart skipa, var det for at bygdekulturen skulde få eit godt utgangspunkt. Dette hev ikkje vorte innfria.

Grimstad sagde at laget vårt tek mål av seg å femna vidt. Det som vert bode i fjerrsjåsendingane vert kalla kultur, men er noko heilt anna enn det som det vert kalla. Mangt hev ikkje rot i det norske eller gjev atterklang hjå norskdomsmenner.

Norsk kultur er eit samanheng. Me lyt dyrka det beste me hev i vår norske kultur. Henta fram dikt for diktframsegjing. Ikkje berre vanlege dikt, men salmar med. Grimstad fortalde um arbeidet med eit utkast til eit salmehefte som ei eigi nemnd i Noregs Mållag vart sett til å laga. Heftet var meint til å nyttast attåt «Norsk Salmebok (No 5)».

Målfolket totte at me trong eit tilleggshefte til «No 5». Den nye salmeboki vanta nokre salmar som var godt innøvde og mykje nytta då «Nynorsk salmebok» var i bruk.

Grimstad sagde at me lyt arbeida for å få inn att dei klassiske formene i målet. I det samanhenget lyt me tenkja gjenom korleides ein skal fara taktisk fram. Ein lyt finna ut kva som batar eller ikkje batar målarbeidet.

Han gjorde framlegg at i fløyen vår (innan målrørsla) treng me å innføra ordet «norsk» i staden for nynorsk. Lat oss kalla målet vårt «Norsk» so lyt dei hine kalla målet sitt det dei synest best.

Me lyt gjera Ivar Aasen-tunet til ein surdeig i målrørsla. Me som er dei mest trugne i målrørsla er etta til å reisa upp att vårt ein tjodmål.

Fyremålet med målrørsla vår er at det norske folkemålet må atterreisast. Me må nytta nynorsk offentleg, td i offentleg tale lyt me nytta skriftmålet.

God målbruk lyt koma fram når me nyttar nynorsk. Folket vårt må få høyra: Slik ordlegg me oss her i Noreg.

Etter fyredraget var det samrøda millom dei uppmøtte. Mange totte dei hadde høyrt eit forvitnelegt fyredrag. Det gledde òg at mange unge var med i fylkingi. Me var samde i at me hev ei stor fyreloga i tidi me liver i. Møtelyden song, fyre og etter fyredraget, fleire av songane åt Ivar Aasen og ein av Lars Tjensvoll.


Kjell Inge Bjørke, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag