YMIST

Årsmelding for Vestlandske Mållag 1996-97

Heiderslagsmenn i Vestlandske Mållag er no:
Eigil Lehman,Sigurd Sandvik,Ludvig Jerdal,Jostein Krokvik,Alv Askeland,Harald Bolstad,Johs. Revheim og Sverre Hausberg.

Val:
I fjor var Marøy,Urdal,Vabø,Hustad og Kvamsdal på val i 1996. Dei vart attvalde. Det vart attval på varamennene.

Helga Mehl,Ingebjørg Gilberg og formannen er på val i år. Dessutan hev Olav Urdal bede um avløysing.

I styret no sit:
Lars Bjarne Marøy,Olav Urdal,Ellen Vabø,Torolv Hustad,Ingebjørg Gilberg, Svein E. Kvamsdal og Helga Mehl.

Dødsfall:
Desse lagsmennene er avlidne i arbeidsåret : Aslaug Lehman og Kristoffer Kvamme.

Sidan fyrre årsmøtet hev styret halde tvo møte.

Fyreteljing til Det Norske Samlaget um å gjeva ut ei eller fleire norskbøker vart sendt til Samlaget og til fleire avisor,so langt me hev kunna røkt etter vart ho ikkje prenta nokon stad. Samlaget svara med at dei såg seg nøydde til å ha statstilskot,um dei skulde sjå seg mun i gjeva ut nokor norskbok for utlendingar.

Fyreteljingi til folk som arbeider med norskt mål vart offentleggjord i Bergens Tidende. Ho vart elles send til fleire institusjonar som arbeider med norskt mål.

Fyreteljingi til Kulturdepartementet som takka for at deptet heldt fast på landsnamnet Noreg og nekta å godtaka Norge-formi fyrebils var berre meint som ei venleg påminning til deptet. Saki hev vore lagd daud den seinste tidi. Det er elles gledeleg at Norsk Måldyrkingslag hev planar um å gjeva ut ein dokumentasjon um stoda for Noreg-namnet både historisk og i samtidi. Det er alt å vinna på informera um Noreg-namnet. Dette bør i røyndi vera eit prioritert felt. Etterkvart som det kjem til nye nynorskbrukarar trengst det informasjon um Noreg-formi. Ei form som fåe eller ingen godtek utan nærare yvertyding.

Fyreteljingi til universitetet som vart vedteki på årsmøtet i fjor førde til at me fekk svar frå universitetet. Språktesten på lågare nivå ligg fyre på nynorsk,men språktesten på det høgste og avluttande nivået er berre på bokmål. Universitetet forklårar dette med at Kyrkje- og Utdaningsdeptet betalar for testane på lågare nivå,medan testen på høgste nivå er sokalla sjølvfinansierande. Fyreteljingi var prenta i Klassekampen. Formannen hev fylgt upp saki med nynorskupplæringstilfang for utlendingar. På uppmoding frå redaktøren i studentavisa Studvest skreiv han eit innlegg på den redaksjonelle sida i bladet. Innlegget vart illustrert av ein teiknar som avisa nytta. Me hev fenge brev frå skrivarstova i Noregs Mållag. Der skriv Atle Faye og Margunn Sundfjord at departementet uttalte i budsjettframlegget for 1996 at det bør vera eit delmål at lærebøker for framandspråklege kjem ut på båe målformer. Skal ein gå vidare med saki bør ein truleg pressa på for å få departementet til å løyva dei pengane som trengst og få universitetet i Bergen til å fylgja upp.

Målpolitiske utspel
På uppmoding hev formannen teke upp eit framlegg um å fremja og verna um kj-uttale i ei rad ord som i talemålet til ungdomen mange stader ser ut til å verta viska ut. Ord som kjole,kino,kjele,kjelke o.s.b. ser no ut til å verta bytt ut med uttalen skjole,skino,skjele,skjelke og det likt til at dei nye uttaleformene breider seg i ungdomstalemål. Sume stader kann det sjå ut til å sj-ljoden hev vorte mest like vanleg som kj-ljoden. Vestlandske Mållag hev bede um at departementet sender ut rundskriv der dei bed lærarane vera merksame på denne utviklingi og uppmoda ungdomen til å nytta kj-ljoden i staden for den ekspanderande sj-ljoden.Kyrkje- og Utdaningsdepartementet svarar med at det er høve til å driva slik retting innanfor dei retningslinone som finst for skulen i dag. Dette er ei sak som bør fylgjast upp med t.d. lærarorganisasjonane.

I valkampen var Vestlandske Mållag ute med eit innlegg. I innlegget uppmoda me Høgre og Frp til å segja frå um dei vil stydja kravet um at nynorske lærebøker skal koma til same tid og til same pris. Innlegget vart prenta i avisa Dagen. Svarinnlegg kom det ikkje. Høgre og Frp vilde heller ikkje stella på eit møte som Vestmannalagsmedlemen Sjur Tarjei Fykse og Lars Bjarne Marøy skipa til for Studentmållaget i Bergen.

I februar gjekk Vestlandske Mållag ut med eit innlegg som gjekk sterkt i rett med dei målmennene som tukla med samnorsken fyrst og fremst Alf Hellevik og Helge Sivertsen. Utspelet vart prenta i Bergens Tidende og Dagen. Det hadde nyhendeverde avdi avisa nokre dagar i fyrevegen hadde eit uppslag um årsmøtet i Norsk Språkråd. Nokre månader seinare hadde avisa eit intervju med Alf Hellevik der bladmannen freista å teikna eit svært sympatisk bilete av Hellevik. Dette førde til at Ludvig Jerdal og Håvard G. Tangen gjekk kvast i rette med Helleviks rolla. Formannen hev elles skrive eit par innlegg i Vestmannen der han gjeng nærmare inn på den rolla Hellevik spela i samnorskpolitikken. Der kjem han med dokumentasjon for kva Hellevik hev gjort som målpoltikar.

I juli hadde formannen eit langt stykkje i Dag og Tid. Der han gjekk i rette med nokre tolkingar som Helge Sandøy la fram med utgangspunkt i ei bok som Lars Vikør hadde skrive på uppdrag for Norsk Språkråd. Formannen viste til at Sandøy tolka skriftet onnorleis enn det var grunnlag for. M.a. var det tekstutvalet som undersøkjingi bygde på noko tvilsamt.

Formannen hev dessutan havt nær kontakt med Olav Torheim. Torheim hev markert seg sterkt i samband med dei aksjonane som Norsk Målungdom hev ført mot framlegget til ny upplæringslov som AP-riksstyret la fram. Han hev vore intervjua av Dagbladet, Nationen, Sunnmørsposten m.m. Torheim og Arne Holmin markerte seg med protestar mot Reidar Sanddal då Sanddal vitja skulen deira. Vestlandske Mållag hev elles studd Norsk Målungdom i saki um ny upplæringslov.

Torheim hev skipa Volda Målungdom som no hev 20-medlemer. Laget arbeider for ei høgnorskreising i Volda. Torheim er no internettandsvarleg for Vestlandske Mållag, Ivar Aasen-Sambandet og resten av høgnorskrørsla. Han arbeider med heimesidor for kvar einskild samskipnad. Fyrebils hev det lege informasjon um Vestmannalaget,VM og Aasen-Sambandet på heimesidone til Volda Målungdom. Torheim hev fenge artikkeltilfang frå formannen.

Formannen hev teke aktivt del i ulike tilskipingar i Hordaland Folkeakademi og representert Vestlandske Mållag der. Dessutan hev formannen vore utsending for Studentmållaget på vinterseminaret til Noregs Mållag og på landsmøtet i Noregs Mållag og på årsmøtet i Hordaland Mållag, og fremja synsmåtane til Vestlandske Mållag so langt som det hev late seg gjera.

Formannen hev møtt fram på dugnader på lageret til Norsk Bokreidingslag. Boksalet frå lageret er no i gang,og Trygve Lande sit, og sel bøker torsdagar frå klokka 16.00.-19.00.

Arbeidet med å skipa til Normaltalemålskonferanse i Bergen hev vore tidkrevjande. Formannen samarbeidde med formannen i Ivar Aasen- Sambandet um tilskipingi. Det var tidleg klårt at det måtte vera Aasen- Sambandet som stod som tilskipar. Aasen-Sambandet vart kjend etter Aasen- konferansen i 1996,og sjølve namnet femnar mykje vidare enn Vestlandske Mållag.

Men arbeidet med å skaffa fyredragshaldarar fall på formannen. Det førde med seg at det laut skrivast ei rad brev og det laut takast telefonar til tenkjelege fyredragshaldarar. Til saman vart kring 15-20 personar kontakta med fyrespurnad um fyredrag. I tillegg laut tilskipingi samordnast med ei tilskiping for Halldor O. Opedals fond. I samband med tilskipingi var det sendt ut brev til kring 300 lag og einskildpersonar med program for tilskipingi. Det vart sendt ut 3 pressemeldingar. Me hadde lysingar i Bergens Tidende og Dagen og bygdebladet Strilen. Dessutan var programmet lagd ut på internett. Formannen vart intervjua av NRK-Hordaland. Fyrebils-program for normaltalemålskonferansen vart delt ut alt på landsmøtet i Noregs Mållag i slutten av juli,og kvar utsending fekk eit avprent.

Kring 35 personar var innum normaltalemålskonferansen. Fleire aktive debattantar frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom var samla,og det vart lange og gode ordskifte alle tri dagane. Budsjettet for konferansen ser ut til å gå nokolunde i balanse. 20 000 kronor i utlegg må segjast å vera svært rimeleg når ein tenkjer på at dei fleste fyredragshaldarane var tilreisande. Samla vart rett nok tilskipingi noko dyrare i og med at prisvinnarane og tilstellingi for prisvinnarane vart betala av Halldor O. Opedals fond.

Vestlandske Mållag løyvde 3 000 kronor til normaltalemålskonferansen.

Det er skapa eit godt grunnlag for samarbeid um liknande tilskipingar. Formannen i Noregs Lærarmållag Gunnar Ottne inviterte Aasen-Sambandet til samarbeid um komande tilskipingar med sams interessa for båe lag. Det hev kome uppmodingar um å få prenta innleggi frå normaltalemålskonferansen. Innleidingane er so pass lange at det hev vore snakk um å få prenta dei i det målpolitiske tidsskriftet Mål og Makt. Formannen arbeider no med å samla inn innleidingar,um dette arbeidet vil vera vellukka er det for tidleg å segja noko um no.

Ymse
Formannen hev arbeidt med soga til Vestlanske Mållag,men enno er manuset for uferdig til utgjeving.

Radionemndi hev ikkje makta å gjera noko m.a. p.g.a. hardt studiepress. Planane um nærradioverksemd er skrinlagde for no.

Halldor Slettebø som er vår målsmann til Halldor O. Opedals fond var hindra frå å møta på årsmøtet i Opedalsfondet. Formannen er varamann, og møtte i staden for han.

Formannen hev havt kontakt med ein ung gut frå Sotra som skreiv til Vestmannalaget og vilde vita meir um høgnorskrørsla.

På vegner av tilskiparane av normaltalemålskonferansen er det grunn til å takka Sissel-Anny Hjelmtveit og Terje Torgilstveit. Dei gjorde ein svært viktig jobb med å taka på seg fyrefallande arbeid under normaltalemålskonferansen. Arild Olsen,nestleidar i Studentmållaget, må òg rosast. Han laga ein framifrå stilig plakat til konferansen.

Norrønalaget Bragr gav ut Norsk Ordliste av Lars Eskeland i arbeidsbolken.

Lars Bjarne Marøy


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag