YMIST

Møte um Ivar Aasen i Sunnmøre Vestmannalag

Laurdag den 13 november vart det halde møte på loftet på Volda Bedehus. Det var Sunnmøre Vestmannalag som skipa til ope møte.

Det var ein av upptaksmennene og leidaren for for stjorni i laget, Svein E. Kvamsdal, som heldt fyredrag. Emnet var: "Ivar Aasen, mannen og livsvegen".

Med fyredraget synte Kvamsdal møtelyden på ein framifrå måte livsvegen og verket hans Ivar. Kvamsdal tok lydarane med heilt frå barndomen i Hovdebygda, som umgangsskulelærar, huslærar hjå prost Thorsen i Herøy og kaptein Daae, til me enda upp med hans einsame år på hybel i hovudstaden.

Men mest gjekk Kvamsdal inn på målferdene som Ivar gjorde kringum i landet for å samla dei ymsande målføri og av den roti byggja det norske målet. Han kom òg til at målføri hadde vokse fram av gamalnorsken.

Kvamsdal synte møtelyden den beingrindi som Ivar Aasen bygde det norske målet på. Her er reglar som er både logiske og som syner at det nye målet var eit nytt skriftmål, heilt ulikt bokmålet.

Diverre er desse reglane dei seinaste 40 åri sundbrotne, då ein hev bridga bøygningsformene som Aasen skapte. At ein hev teke inn lånord frå bokmålet og sett desse inn i nynorske ordbøker som likeverdige med Aasen sine, hev vore med å brjota ned det sermerkte målet som Aasen skapte av målføri i landet vårt.

Kvamsdal spurde so: Kva var det som etla denne gardbrukarsonen frå Ørsta til å gjera dette store verket for land og folk?

Kvamsdal peika på ikkje fåe fyremuner Aasen hadde. Fyrst det at han av naturen var eit flogvit, dinæst at han var systematikar, men den fremste fyremunen på målreisone sine var at han var so smålåten og liten av vekst. Ja, han vart av sume sedd på som ein stakar, men dette vart altso ein stor fyremun for Aasen. Han kunde slå seg ned i ei krå hjå folket som gav honom husly på reisone, og lyda på samrøda huslyden seg i millom.

I denne røda nytta husfolket kvardagsmålet og lagde ikkje um målet, då dei merka at denne vesle mannen som reista ikring ikkje var noko å leggja målet um for. Dette vart altso ein stor fyremun for Aasen, då han fekk tak i vendingar i kvardagsmålet andre ikkje hadde fenge tak i so einfeldt.

Kvamsdal hadde lagt inn fleire pausor i fyredraget. Dei vart nytta til å syngja fleire av Aasen sine songar. Songane fekk tonefylgje av kateket Olav Gading på piano.

Alle som hadde møtt fram totte det hadde vore eit gildt fyredrag, og dei hadde hug til å stydja arbeidet åt Sunnmøre Vestmannalag.


Kjell Inge Bjørke, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag