YMIST

Ulovleg årsmøte i Norsk Bokreidingslag

Nynorskforlaget Norsk Bokreidingslag hev kalla inn til generalforsamling torsdag 31 juli. Styret i Vestlandske Mållag, den største luteigaren i laget, kann ikkje godtaka innkallingi med di me ikkje fær røysterett og av di innkallingi bryt med formell innkallingsskikk og truleg òg me aksjelovi.

I innkallingi til årsmøtet for 2003 hev skrivaren i laget, Jon Askeland, gjort kjent at han kjem til å nekta Vestlandske Mållag røysterett på generalforsamlingi. I staden for lovleg innkalling hev han sendt ut brev og tilbode"observatørstatus". Grunnlaget for dette utspelet er at ei gruppering med utspring i Vestmannalaget etter eit møte i november 2002 gjorde krav på å vera styre i Vestlandske Mållag. Innkallingi til det ulovlege møtet kom ikkje frå styret i Vestlandske Mållag, men frå ei rad privatpersonar. Jon Askeland var andsvarleg for møtet og sjølv ein av innkallarane.

Norsk Bokreidingslag hev i mange år hev havt pengevanskar. Lutmidelen er tapt og laget hev samla skuld på yver ein halv million kr. I revisormeldingi for 2002 heiter det at " Årsrekneskapet og årsmeldinga inneheld etter vår meining ikkje nok opplysningar om at det ved eit eventuelt opphør foreligg risiko for vesentlege tap ved realisasjon av selskapet si eige."

Det er soleides Bokreidingslaget sterkt å lasta at den største luteigaren vert nekta røysterett, samstundes med at den største kreditoren, Bodoni Hus, stend som "praktisk tilskipar" av årsmøtet. Det er likt til at prenteverket no er so gira på å få pengane sine at Bokreidingslaget må nytta alle middel for å skaffa seg kapital. Det hev ført med seg konfrontasjonar kring Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Halldor O. Opedals fond. Samstundes med at Bokreidingslaget fær arbeida med nye underskotsprosjekt.

Utfallet er at striden mot dei som vil driva målreising i høgnorskrørsla held fram med det bergenske prenteverket som ein sentral aktør. Dei som ikkje vil vera med og dekkja pengeøydslingi til Bokreidingslaget kjem framleis til å møta vondord frå offisielle og uoffisielle talsmenn frå forlaget.

Talsmann for Vestlandske Mållag,
Olav Torheim


Olav Torheim, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag