YMIST

Høgnorsk målførereising eller dialektanarki?

Trond Vernegg,formann i Riksmålsforbundet,hev eit innlegg som han kallar NRK-språket m.a. i BT.13.07.Vernegg varslar um at det kann koma nye reglar for språkbruken i NRK.Vernegg meiner det kann vera serleg grunn til å revidera paragraf nr.1. Vernegg er kritisk til ordleggjingar um dialektbruk og ordleggjingar um å spegla det språklege mangfaldet i landet.

Vernegg åtakar regelen um 25 prosents nynorsk på same tid som han freistar å stø seg til målmenn som er tilhengjarar av nynorsk standardtalemål.Vernegg meiner at ein del målmenn "begynner å forstå betydningen av et standardtalespråk,og denne forståelsen burde gi bedre grunnlag for en ny og forbedret paragraf 1 enn man hadde for bare få år siden."

Målstriden umkring NRK hev røter heilt attende til skipingi av riksinstitusjonen i 1933.Målmannen Olav Midttun vart den fyrste riksprogramsjefen.Utnemningi av Midttun sterkna dei målpolitiske bårekasti som fylgde etter 1917-rettskrivingi.1917-rettskrivingi førde til ramgang for målrørsla og framgang for det sokalla samnorsksynet.Det vart sett fram eit nynorsknært (radikalt) riksmål.Samla sett vann det sokalla radikale riksmålet og landsmålet uppslutnad yver so store delar av landet at målstriden må segjast å ha femna heile landet j.m.f. Ernst Håkon Jahr 1978 og 1989. Utyver 1920-talet gjekk det nynorsknære riksmålet attende medan landsmålet (frå 1929 nynorsken) konsoliderte seg.I 1934 førde målstriden umkring dei tvo målformene til at stortinget gjorde eit samnorskvedtak.I vedtaket heitte det at målstriden ikkje måtte kvessast til i utrengsmål : "Derfor bør det mest mulig bli brukt ord og former som enten er like eller ligger hverandre nær i de to målfører." I 1934 vart det sett upp ei statleg rettskrivingsnemnd som i praksis arbeidde utfrå eit samnorskmandat.Historikaren Hans Fredrik Dahl (Dahl 1975 s.362 og 363 og eit eige kapitel lenger framme i boki) slær fast at den samlingslina som stortinget her gjekk inn på førde til at målfolket laut gjeva upp Aasen-Hægstadnormalen (høgnorsken).Det var store protestaksjonar frå riksmålshald mot nynorskbruken i NRK som førde til samnorskvedtaket i stortinget med etterfylgjande språknemnd og samnorskstrid fram til 1960-talet.Riksmålsmennene tolte ikkje høgnorsken,endå so lite det var av han i NRK den gongen.Endå mindre tolte dei at ein målmann som attpåtil var den best kvalifiserte til riksprogramstellingi vart vald framfor ein riksmålsmann.

Vestlandske Mållag med landssamskipnaden Ivar Aasen-sambandet meiner at det høgnorske og det høgnorsknære målet eignar seg best for standardtale.Me trur at å fremja høgnorsk- og riksmålsstandardtalemål,er ein gagnleg måte å bryta med samnorsklina på.Me meiner at høgnorsk standartale er eigna til å spegla det språklege mangfaldet i landet.Me kann til ein viss mun gå saman med riksmålsrørsla um at det vil vera tenlegt med meir standardtale,men me hev mange skilord (vilkår) for ei slik samgonga.Eit slikt skilord måtte vera at riksmålsrørsla var viljug til å godtaka høgnorsknormalen,og hjelpa til med å fremja han m.a. gjenom velviljug umtale og revisjon av den samnorske målsogeskrivingi.

Eit anna skilord måtte vera at riksmålsrørsla sluttar å hakka på dei språklege rettane som målrørsla hev.Harmen bør heller rettast mot Norsk Språkråd,som hev ein endå meir undergravande fyremålsparagraf enn NRK.Restane av Samnorskpolitikken i samnorskparagrafen til Språkrådet må fjernast.Uppløysingi av nynorsknormalen må stoggast.Arbeidet i språkrådet hev vore med på å øydeleggja for den høgnorske målførereisingi på standardtalemålsgrunn og å dyrka fram dialektsjåvinisme.

Istadenfor å sleppa inn meir språkstoff frå norskdansken,må rådet opna for høgnorske standardformer. I-former og –or, -one former m.m. må få status som hovudformer.Riksmålsrørsla skulde ha eigenbate av at høgnorsken gjekk fram.Det vilde styrkja det målideologiske medvitet i landet.Det vilde føra til at skilnaden millom standardtale og dialekt kom tydelegare fram.Då vilde det vera lettare å ettervisa mykje av den språklege vanrøkti som riksmålsforbundet mislikar.Lat meg få minna um at ein skodespelar som Lasse Kollstad hev peika på at han vart meir språkmedviten av å nytta nynorsk på scena.

Dersom desse og andre skilord vert for dryg kost for Riksmålsforbundet,bør det lata vera å taka standardtalemålstilhengjarane på nynorskvengen til inntekt for seg sjølv.Me kjenner soga,og me veit at utan aktiv toleranse frå riksmålsforbundet,kann me koma skeivt ut,soframt me er med på å gjeva grunnlag for meir standardtalemål på premissane til riksmålsforbundet.Reaksjonen frå riksmålshald i samband med kringkastingi i 1930-åri tvang målrørsla burt frå Ivar Aasens måltanke.Det var eit tap som fekk store fylgjor.

So lenge den norskdanske rørsla vil stengja og sabotera for nynorsken og høgnorsken m.a. i pressa og i forlagi,kann me berre vona at dialektbruken vert ståande ved lag i riksintitusjonen.For kva skal me eigenleg med meir norskdanskt talemål ? Bokmålsbrukarar eg hev snakka med segjer at nynorsken jamt yver både er meir velklingande og hev ein greidare setningsbygnad enn norskdansken. Ein annan ting er at språkkvaliteten til det norskdanske standardtalemålet kunde ha vore høgare,men det kann ein knapt venta seg fyrr Riksmålsforbundet fær ei meir forlikeleg haldning til den høgnorske måluppfatningi.Ivar Aasen opna upp for eit nytt syn på dei norskrøtte målføri og på norskrøtt mål i det heile.Målførereisingi på høgnorsk målgrunn stogga upp m.a. p.g.a. reaksjonen frå riksmålsrørsla. Riksmålsrørsla må velja: vil ho ha høgnorsk målførereising på standardtalemålsgrunn, eller vil ho ha dialektanarki med tilhøyrande språkleg vanrøkt ?


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag