YMIST

Årsmelding for Ivar Aasen-sambandet 2001-2002

Dei tillitsvalde

Formann: Klaus Johan Myrvoll
Næstformann: Håvard Tangen
Kassastyrar: Gunleiv Hadland
Styresmann: Olav Torheim
Styresmann: Kjetil Aasen
Varamann: Anders Olsen
Varamann: Inger Indrebø Eidissen
Varamann: Geir Martin Pilskog
Varamann: Sverre Johnsen

Styret hev kome saman til møte med jamne millomrom og dryft dagnære saker og hendingar. Styremøti hev vore lagde til Oslo der dei fleste styresmennerne er busette. Det hev vore til saman fem styremøte i arbeidsbolken.

Ivar Aasen-sambandet er landssamskipnaden i høgnorskrørsla. Under dette laget høyrer fylkeslaget Vestlandske Mållag, som hev ei rad tilmelde lag. I Oslo er Ivar Aasen-ringen og Blindern høgnorsklag beinveges innmelde i Ivar Aasen-sambandet.

Gjeremål, saker og hendingar i året som hev gjenge

25. april var Ivar Aasen-sambandet i møte med Kulturdepartementet um målsmann til Språkrådet. Dei som møtte var formannen, næstformannen og Ola Breivega, som er lagsmann i Sambandet og godt kjend med statleg målpolitikk og rettskriving. Fyre møtet vart det utarbeidt eit grundigt notat um målsyni åt Ivar Aasen-sambandet. Det kom ikkje noko handfast ut av møtet, men synsmåtarne våre vart møtte med ei viss skynsemd. Ein eventuell målsmann kann nemnast upp fyrst um tvo år, når Språkrådet tek til på ny arbeidsbolk. Ei umleggjing av Norsk språkråd som er i kjømdi, kann få fylgjor for saki vår. I alle høve vert det naudsynt å halda fram arbeidet med å få ein målsmann i Språkrådet, m.a. bør styret freista å få i stand nye møte med departementet.

Eit anna tiltak som gjeld Norsk språkråd lyt nemnast: I byrjingi av juni sende Ivar Aasen-sambandet eit framlegg til brigde av Lov om Norsk språkråd til Kulturdepartementet. I samhøve med utspelet frå Riksmålsforbundet gjorde Sambandet framlegg um å strjuka avsnittet som segjer at Språkrådet skal "støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen". I svarbrevet frå departementet heitte det at dei tenkte på mogelege brigde i logi i samband med Stortingsmelding nr. 9 (2001-2002) um målbruk i statstenesta. Meldingi er komi no, og der vert det sagt at departementet snøgt vil koma med framlegg til Stortinget um å upphevja nett denne formuleringi. I denne saki hev med andre ord synsmåtarne åt Sambandet vunne tilslutnad på øvste hald.

27. og 28. okotber skipa Ivar Aasen-sambandet til stemna um målreisingar i andre land i Bjørgvin. Framskotne fagfolk heldt fyredrag um russisk, hebraisk, sanskrit og græsk mål og måldyrking. Det vart gode ordskifte etter fyredragi, men uppmøtet av lagsfolk kunde ha vore betre. På kvelden laurdagen var det festmiddag og utetling av heidersprisar frå Halldor O. Opedals fond til Fridtjov Sørbø, Johannes Gjerdåker og Vincent Eye Færavaag. Tvo av prisvinnararne heldt dessutan fyredrag på stemna, Vincent Eye Færavaag tala um Søren Kierkegaard og Fridtjov Sørbø um målstriden på 1950-talet. Alt i alt vart helgi i Bjørgvin ei vellukka samkoma som gav kveik til vidare arbeid for målsaki.

Etter uppmoding frå Kulturdepartementet gjekk nynorskdeildi i Norsk språkråd inn for å taka burt skilet millom hovud- og sideformer på årsmøtet i 2002, og det vart sett ned ei nemnd til å dryfta ulike løysingar på denne umgjerdi. Dette kann vera ei avgjerande vending for høgnorskrørsla. Dersom bygnaden med sideformer fell burt, er det um å gjera at so mange som råd av dei hevdvunne formerne vert standande i rettskrivingi. I mars vedtok difor styret i Ivar Aasen-sambandet ei fråsegn til Språkrådet, der det vert gjort framlegg um at i-målet vert jamstelt med a-målet att. I denne samanhengen hadde formannen eit innlegg i Aftenposten 27. april med yverskrifti "Verna um i-målet!", som attåt vart etla ut i samband med dryftingar på landsmøtet i Noregs Mållag same helg.

Andre utetterette tiltak

På landsmøtet 24. februar 2001 vart det vedteke tri fråsegner: éi um høgnorskmannen Arne Garborg, éi um Norsk språkråd og éi um utarmingi av norderlendskfaget. Etter landsmøtet vart dei umarbeidde til lesarbrev, men berre dei tvo sistnemnde vart sende til avisorne. Fråsegni um Norsk språkråd ("Rette det som rengt er, reise det som velt er") vart innteki i Bergens Tidende og Vest-Telemark blad, og fråsegni um norderlendskfaget ("Ja til eit sermerkt nordiskfag!") stod på prent i universitetsbladi i Oslo (Universitas) og Bjørgvin (Studvest).

På møte 27. august vedtok styret ei fråsegn um døypenamn på born, "Gjev borni rotnorske fyrenamn". Fråsegni kom på prent i Aftenposten, og det vart eit lite ordskifte etterpå. Alle innleggi studde syni i fråsegni, men éin lika ikkje målet ho var skrivi på. Attåt var formannen i ordskifte med K. E. Steffens i Dag og Tid hausten 2001, der han gav grunnar for høgnorsksyni i tvo innlegg. Like eins gjekk formannen ut i same bladet i desember og refsa mållaget for ein sjølvmotsegjande politikk andsynes Språkrådet; dei nemner upp samnorskvenlege målsmenner, og so klagar yver utfallet etterpå. Det kom svar frå den eine målsmannen åt Mållaget i Språkrådet, der han gjekk ved mykje av den ustøda som både han sjølv og Mållaget stend for i denne saki.

Ivar Aasen-sambandet hev eigne heimesidor på vedsveven (www.sambandet.no). Dei hev di verre ikkje vorte uppdatera det seinste året. Det kjem millom anna av at anna arbeid med utgjeving av bladet Vestmannen hev vorte sett høgre, attåt at ei umleggjing av måten heimesidorne vert sette upp på, hev teke mykje tid. Denne umleggjingi er ikkje sluttførd enno, men når det nye uppsetet er på plass, er voni å få det so brukarvenleg at vanlege lagsfolk kann vera med på å uppdatera heimesidorne.

I samband med utgjevingi av Ivar Aasen-almanakken 2002, kom Ivar Aasen-sambandet med på tilskriftslista atti boki for fyrste gong.

Stoda i lokallagi og elles

I mars 2001 vart det skipa eit nytt høgnorsklag for næmingar og tilsette på Universitetet i Oslo, Blindern høgnorsklag. Laget er tilslutt Ivar Aasen-sambandet, og hev havt fjore opne møte sidan skipingi, alle med målpolitiske emne. Det hev vore god uppslutnad um møti, og laget hev fenge med seg nye målfolk.

I siste helvti av arbeidsbolken hev det vore mykje uro ikring Vestmannen, bladet åt høgnorskrørsla. Det byrja i desember med at stjorni i Vestmannalaget vedtok å "løysa" Lars Bjarne Marøy frå umbodet som bladstyrar, utan nokor grunngjeving. Då hadde Marøy arbeidt med bladet i snart tvo år, og hadde lagt ned mykje krafter i å halda det uppe. Millom anna hadde han lagt um bladdrifti soleides at bladet vart sett ferdugt fyre det vart sendt til prenteverket i Fiskåbygd, og han hadde fenge med seg nye hjelpesmenner og skribentar. Styret i Ivar Aasen-sambandet meinte at utstøytingi av Marøy var til meins for målsaki, og vedtok ei fråsegn på styremøte 18. desember med studnad til Marøy som vart send til Vestmannalaget gjenom formann Jon Askeland.

Stjorni i Vestmannalaget tok ikkje umsyn til fyreteljingi frå Ivar Aasen-sambandet, men sende ei ny uppsegjing til Lars Bjarne Marøy i januar, og fylgde denne gongen reglarne i Arbeidsmiljølogi. I februar kom det melding um at Vestmannen hadde vorte millombils stogga av stjorni. Då hadde Olav Torheim, som hev arbeidt med setjing av bladet i bladstyrartidi hans Marøy, svara ja til eit tilbod frå stjorni um å verta ny bladstyrar, men han fekk aldri noko svar attende.

På årmøtet i Vestmannalaget 14. mars møtte størsteluten av styret i Ivar Aasen-sambandet i lag med andre med umsut for Vestmannen og målreisingi. Eit framlegg som skulde tryggja vidare utgjeving av bladet, vart røysta ned, og i staden vart eit framlegg frå Ludvig Jerdal som gav fritt høve til å leggja det ned, vedteke. Det vart helder ikkje fleirtal for ei fråsegn som sagde at Vestmannalaget laut fylgja fyresegnerne for Halldor O. Opedals fond, som Vestmannalaget hev nemnt upp ein målsmann som er for gamal til.

Utanum den vitlause framferdi mot Vestmannen, vil ikkje den sitjande stjorni i Vestmannalaget hava arbeidsplan og budsjett, og ho hev motsett seg nye loger for laget. Møteprogrammet for våren 2002 peikar burt frå fyremålet med laget, målreising og strid for i-målet. Det er grunn til å ottast for kva for ei leid Vestmannalaget vil taka i framtidi.

I årsmeldingi for Ivar Aasen-sambandet frå i fjord heiter det:

Bladet Vestmannen er enno det viktugaste talerøyret åt høgnorskrørsla. Med ti utgjevingar i året fører bladet fram saker og meiningsinnkast frå høgnorskfolk - ein bindelekk som me snaudt kann greida oss utan.

Slik som stoda er i dag, minskar voni um at Vestmannen skal verta den stridskrifti for høgnorsk målreising som ho ein gong var, for kvar dag som gjeng. Formannen hev havt ei rad innlegg både i Dag og Tid og Bergens Tidende i tidi etter årsmøtet i Vestmannalaget, der han hev peikt på desse leide kjensgjerningarne.

Oslo, 9. mai 2002

Klaus Johan Myrvoll
formann


sambandet.no, 20060115

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag