YMIST

Klaga på vantande sletting av Ivar Aasen-sambandet

Dette klagebrevet vart sendt til Nærings- og handelsdepartementet:

Ivar Aasen-sambandet
v/ Klaus Johan Myrvoll
Nedre Ullevål 9-322
0850 Oslo

Oslo, 31.8.2004

Nærings- og handelsdepartementet
Postboks 8014 Dep
0030 Oslo

Klaga på vantande sletting av Ivar Aasen-sambandet (982 495 938)

Me viser til brev til Einingsregisteret dagsett 19.4.2004 (svar 29.6. s.å., saknummer 2004/588862) og 17.7.2004 (svar 12.8. s.å., saknummer 2004/1026684). I båe brevi bad Klaus Johan Myrvoll um at Ivar Aasen-sambandet, organisasjonsnummer 982 495 938, skulde verta sletta or Einingsregisteret i samsvar med nedleggjingsvedtak på det siste lovlege landsmøtet i organisasjonen 17. april 2004. I vedtaket fekk Myrvoll saman med Olav Torheim som siste fungerande formann og varaformann i organisasjonen i uppdrag “å ordna med juridiske, økonomiske og andre praktiske sidor ved uppløysingi” (sjå vedlegg 1, sak 5). Medrekna her var å syta for at organisasjonen vart sletta or Einingsregisteret.

I svarbrevet frå Einingsregisteret på den fyrste slettemeldingi, dagsett 29.6.2004, vart det berre vist til vedtak i klagesak 2004/693196, der det gjekk fram at Einingsregisteret, representert ved underdirektør Arnt Kristiansen og førstekonsulent Håvard Kjærstad, ikkje vilde godtaka slettingi av di ho ikkje var innsend på godkjend blankett. Dei viste til at fyresegnene for registrering i Einingsregisteret av 9. februar 1995 opnar for å godtaka meldingar som ikkje er skrivne på godkjend blankett “dersom dette fremstår som ubetenkelig”, men fann det ikkje “ubetenkelig” å godtaka meldingi av 19.4.2004 av di Myrvoll “ikkje har nokon registrert rolle i foreininga”.

Den negative attendemeldingi på den fyrste slettemeldingi vurderte me soleis at dersom me sende inn ei ny slettemelding som var utfylt på godkjend blankett, vilde ho verta godteki av Einingsregisteret. Myrvoll so gjorde 17.7.2004, og lagde ved eit fylgjebrev der me forklåra grunnen til at Myrvoll ikkje er uppførd som nokon part i organisasjonen i dei upplysningane Einingsregisteret sit med, det er at det ikkje hev vorte meldt frå um endringar i styresamansetjingi etter at organisasjonen vart registrert i Brønnøysund 28. desember 2000. Me sagde oss leide for at endringane ikkje hadde vore innrapporterte, men lagde til at det etter vår meining ikkje kunde hindra at organisasjonen no vart sletta or registeret i samsvar med vedtak på landsmøte i organisasjonen. Me lagde ved dokumentasjon på at Myrvoll var den siste valde formannen i organisasjonen, referat frå landsmøte i 2001 (vedlegg 2, sak 7) og 2002 (vedlegg 3, sak 6).

I svarbrevet på den siste slettemeldingi, dagsett 12.8.2004, skriv Einingsregisteret, representert ved underdirektør Arnt Kristiansen og saksbehandlar Håvard Kjærstad, at Einingsregisteret framleis ikkje vil registrera slettingi. Det vert ikkje gjeve onnor grunngjeving på dette enn denne passusen:

Meldinga skal vere underskreve av innehavaren i enkeltpersonføretak, dagleg leiar, forretningsførar eller tilsvarande kontaktperson for andre einingar, jf. einingsregisterlova § 8. Klaus Johan Myrvoll har skrive under meldinga og har lagt ved dokumentasjon som viser at han er styreformann i eininga. Einingsregisteret kan derfor ikkje registrere meldinga.

Med andre ord tolkar Kristiansen og Kjærstad lovparagrafen soleis at styreformann ikkje fell innanfor kravet til underskrivar av melding til Einingsreigsteret. Ei slik tolking kann me ikkje sjå at det er grunnlag for, all den tid det heiter at “dagleg leiar, forretningsførar eller tilsvarande kontaktperson” (vår utmerkjing) kann skriva under meldingi. Med tilsvarande kontaktperson må ein – ut frå konteksten – skyna ‘kontaktperson som hev ei tilsvarande rolla i einingi som dagleg leidar eller forretningsførar’. I ein liten organisasjon som Ivar Aasen-sambandet, som vert driven på ideell basis utan løna tilsette av noko slag, er det formannen som fyller den rolla som ein dagleg leidar hev i ein større organisasjon. Formannen tek imot post, tek seg av all korrespondanse på vegner av styret og alle andre formalitetar. Her kann me visa til at det ikkje er uppnemnt serskild dagleg leidar i Ivar Aasen-sambandet. Det kann difor ikkje vera tvil um at Myrvoll, som er den siste lovleg valde formannen i organisasjonen, må kunna reknast for ein “tilsvarande kontaktperson” som kann skriva under meldingar til Brønnøysund.

Det er di meir merkjelegt at Myrvoll ikkje skulde kunna skriva under slettemeldingi til Einingsregisteret når eit samrøystes nedleggjingslandsmøte hev peika honom ut, saman med Olav Torheim, til “å ordna med juridiske, økonomiske og andre praktiske sidor ved uppløysingi” (vedlegg 1). Etter vedtaket um å leggja ned organisasjonen hev Ivar Aasen-sambandet i praksis ingi andre kontaktpersonar enn me som er underskrivarar av dette brevet (Myrvoll og Torheim). Me finn det urimelegt at Einingsregisteret skal kunna setja seg ut yver viljen til eit samrøystes landsmøte.

I svarbrevet av 12.8.2004 nemner Kristiansen og Kjærstad at Einingsregisteret hev motteke ei melding frå Sergej Alexander Munkvold, journalførd 14.7.2004 (saknummer 2004/1010027), som “gjeld mellom anna val av nytt styre og ny dagleg leiar”. Me vil gjera merksam på at det “landsmøtet” som Munkvold og hans styre gjeng ut ifrå, var kalla inn av eit mindretal på tvo styresmenner i Ivar Aasen-sambandet etter at eit samla styremøte i organisasjonen 14. mars 2004 hadde vedteke å halda landsmøte i Bergen 17. april 2004, og det hadde gjenge ut innkalling frå formannen i samsvar med dette vedtaket den 19. mars 2004. Her kann me visa til tilsvaret vårt i klagesak 2004/693196, dagsett 5. juni 2004, og den dokumentasjonen som der vart vedlagd. Me viser serskilt til referat frå styremøte 14. mars (vedlegg 4), innkalling til landsmøte dagsett 19. mars (vedlegg 5) og innkalling til landsmøte frå mindretalet i styret dagsett 26. mars (vedlegg 8). (For å vera på den visse sida, legg me ved dette tilsvaret i ei eigi mappa.)

Med di vedtektene for Ivar Aasen-sambandet (vedlegg 1 til tilsvarsbrevet av 5. juni) segjer at styret fastset tid og stad for landsmøte (§ 4), kann ikkje “landsmøtet” som mindretalet kalla inn til, og dei vedtaki som der vart gjorde, reknast for gyldige. Av det fylgjer logisk at Munkvold ikkje kann gjera krav på å representera det Ivar Aasen-sambandet som er registrert i Einingsregisteret. Det er difor med stor undring me ser at Einingsregisteret no hev registrert Sergej Alexander Munkvold som ny dagleg leidar i upplysningane som er tilgjengelege på internet. Her hev Einingsregisteret på fyrehand (jf. tilsvarsvbrevet av 5. juni 2004) fenge grundig dokumentasjon på at “landsmøtet” som valde Munkvold, ikkje var lovlegt. Det faktumet hev dei tydelegvis valt å sjå burt ifrå, truleg av di endremeldingi åt Munkvold stetta dei formelle kravi, med di ein av dei tvo styresmennene som kalla inn til ulovsmøtet, Håvard Tangen, òg stend uppførd som kontaktperson i Brønnøysund og difor hadde høve til å melda inn styret åt Munkvold. Med andre ord set Einingsregisteret, representert ved Kristiansen og Kjærstad, ymse formalitetar framfor realitetane i saki.

Med denne klaga til Nærings- og handelsdepartementet vonar me å ha ført saki til vegs ende, og segjer frå oss alt andsvar for eventuelt misbruk av den registreringi av det ulovlege styret som no er gjord. Dette andsvaret må Einingsregisteret og departementet taka, um De med vitende og vilje vel å sjå burt frå den vidfemnande dokumentasjonen som me hev lagt fram på at Ivar Aasen-sambandet er lovleg nedlagt.

Me vil til slutt få presisera at alle brev frå Myrvoll i denne saki hev vore skrivne i samforståing med Torheim.

Med vyrdsam helsing

Klaus Johan Myrvoll
Olav Torheim


sambandet.no, 20040831

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag