YMIST

Målsak og ikkje person

Vestmannen er namnet på eit målpolitisk tidskrift som vart grunnlagt i 1985. Bladet hev kome med 10 nummer i året og held på Aasens målsyn og Aasens varsamt justera mål. Gjenom 80- og 90-talet hev bladet vore eit viktugt korrektiv til statleg målpolitikk og til den opportunismen og meiningsløysa som hev gjort seg gjeldande i målrørsla ålment. Difor hev det stødt vore dei som helst såg at denne kritiske røysti stilna.

9. april 2002 hev Ludvig Jerdal eit innlegg i Bergens Tidende under titelen "Vestmannalaget og Ivar Aasen-sambandet". I dette innlegget kjem han millom anna inn på den beiske striden som hev vore kring bladet Vestmannen det seinste halvåret. Eg vil gjerne koma med nokre saksupplysningar til dei skuldingane Jerdal set fram mot redaktøren og medarbeidarane hans.

Etter nærare 15 år i bladstyrarstolen, laut Jostein Krokvik gå av som bladstyrar av di han for andre gong vart langvarande sjuk. Frå februar 2000 hev Lars Bjarne Marøy sete som redaktør. Jamvel um bladet hev vore gjenom tunge tak, hev Marøy på tvo år makta å fornya bladet. Der det tidlegare var éin mann åleine um arbeidet, hev Marøy bygt ut eit eige apparat med nye medarbeidarar og skribentar. Frå hausten 2001 hev Vestmannen vorte redigert med moderne dataverkty og bladet er gjort tilgjengeleg for alle på internett (http://vestmannen.sambandet.no). Takk vere den målpolitiske profilen hev bladet Vestmannen vekt interessa hjå folk med alle slags perspektiv på språk- og samfundsspursmål. Ikkje noko av dette nemner Jerdal i lesarbrevet sitt av 9. april. I staden heiter det at Marøy hev "vanstyrt" bladet.

Mykje av den handfaste kritikken Jerdal set fram mot Vestmannen gjeng på tilhøve som bladstyraren ikkje kann lastast for. Millom anna klagar han yver dårleg sideumbrekking i nokre utgåvor av bladet. Dette trass i at det var prenteverket på Sunnmøre som tok seg av alt arbeid med sideumbrekking fram til sumaren 2001. Frå då av hev Marøy havt hjelpesmenner som hev sett bladet sjølve, og vandemåli med bladyvergangane hev løyst seg. Jerdal er ved fleire høve gjord kjend med dette, både på telefon og i brevs form. Difor undrar det meg at "rotute yvergangar" framleides er millom hovudankepunkti Jerdal hev mot Marøy si redigering av bladet.

Jamvel um formannen i Vestmannalaget i meir enn eit halvt år hev arbeidt aktivt for å verta kvitt Marøy som bladstyrar, hev han enno ikkje vilja gå ut og gjera kjent kva slags planar han hev for bladet. Etter framlegg frå Jostein Krokvik fekk eg tidleg i januar fyrespurnad frå stjorni i Vestmannalaget um å verta ny bladstyrar for Vestmannen, frå og med næste nummer av bladet. Dette tilbodet hev eg takka ja til. Ikkje av di eg på nokon måte studde måten stjorni gjekk fram mot Marøy, men av di eg vilde hindra at bladet og tingarane vart skadelidande. På bakgrunn av dei røynslone eg hev havt som medarbeidar i bladet, hev eg òg kome med praktiske løysingsframlegg for korleides bladet skal drivast vidare. Desse innspeli hev stjorni diverre aldri vilja svara meg på. I staden hev formann Jon Askeland rykkt ut i vikeavisa Dag og Tid og karakterisert meg som lite samarbeidsviljug. Slikt vert det ikkje mykje samarbeid av.

Aasen-rørsla treng eit organ som Vestmannen, for at me kann nå ut med synsmåtane våre og for å reisa dei ordskifti me meiner trengst for å koma vidare i målarbeidet. Difor er me mange som ynskjer å gjera vårt for å tryggja framtidi åt Vestmannen. Den bergingsplanen som leid nederlag på årsmøtet i mars hadde sikra at Vestmannen heldt fram å koma med den same utgjevingsruta som tidlegare. I staden skal stjorni no - med full studnad frå Jerdal - skjera ned til i høgdi seks nummer i året. Dette av di den fyrre bladstyraren skal kunna koma attende og gjera alt arbeidet med bladet åleine.Dei som sidan slutten av 90-talet hev vore bladet sine fremste stydjespelarar, skal ikkje lenger få sleppa til. Vestmannen skal stå og falla med Jostein Krokvik.

For oss er spursmålet um Vestmannen eit spursmål um sak, ikkje um person. Men Jerdal hev diverre rett i at det er lite målpolitikk i det engasjementet han no legg for dagen. Jerdal grunngjev framferdi si med at "Vestmannen høyrer heime i Bergen og at det er Vestmannalaget sitt blad, me gjev det ikkje ifrå oss". Hev Vestmannalaget gjeve frå seg bladet når det ikkje vert prenta i Bergen, og når bladstyraren til vanleg hev vore busett utanfor Bergen? Vestmannen hev sidan 1992 vorte prenta på Sunnmøre, og i våre dagar hev telefon og e-post for lengst gjort det til ei underordna sak um medarbeidarane bur spreidt kringum i landet. Endå meir inkonsekvent vert argumentasjonen når me veit at Jerdal si eigi løysing er å setja inn att ein bladstyrar som er busett i Fiskåbygd på Sunnmøre.

Det seinste tiåret hev Aasen-rørsla upplivt ei revitalisering utan like. Etter at Jon Askeland gjekk av som formann i Ivar Aasen-sambandet, hev laget havt faste tilskipingar og nye mållag er komne til. Ungdomar yver heile landet hev på eigi hand lært seg Aasen-mål og aktivisert seg i høgnorskrørsla. Kvifor ynskjer Jerdal og Askeland å gjera det til noko negativt? Dei gamle vestmennene var upptekne av å knyta band til målvoksteren på Island og Færøyane, men no skal det nyttast som eit argument i mot oss at me hev eit program som femner vidare enn til Bergen og Vestlandet. Ein må spyrja seg kva det er Ludvig Jerdal hev i mot det me sjølve reiknar som ein gledeleg vokster på Ivar Aasens grunn. Er dei ei sterk rørsla av medvitne målfolk han ottast?


Olav Torheim, 20051125

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag