YMIST

Eit vitnemål um Norsk Målungdom i dag

Olav Torheim og Klaus Johan Myrvoll heiter tvo ungdomar som avslørde at Norsk Målungdom (NMU) hev drive med medlemspengejuks. Det er forståeleg at dette kann vekkja reaksjonar hjå dei som vart avslørde. Ein kann skyna at det kann kjennast hardt å verta utpeika som lovbrytarar. Ein kann òg skyna at dei som vart avslørde, og familie og nære vener av deim, ikkje likar dei personane som avslørde deim. Men det er grunn til å sjå nærare på sumt av det som hev hendt og den måten sume leidande målfolk ser ut til å handtera saki på.

I eit lesarbrev frå Norsk Målungdom som vart utsendt 23.12.03, heiter det:

“Norsk Målungdom (NMU) er dømd for overrapportering av medlemer frå 1998­2001. Me seier oss leie for det som har skjedd og tek avstand frå det tidlegare medlemsjukset i organisasjonen. Norsk Målungdom har godteke domen.”

Det er Unn Catodotter Fyllingsnes, fungerande leiar i Norsk Målungdom, som hev skrive under lesarbrevet. Fyllingsnes ser soleis ut til å ha teke ei uppgjerd med medlemspengejukset.

Eva Marie Mathisen var skrivar i NMU fyre medlemspengejukset vart kjent. Det vil segja at um NMU-saki hadde vorte kjend nokre månader seinare, kunde ho ha vorte ein av dei tiltala i den rettsprosessen som fleire sentrale NMU-arar frå perioden 1998-2001 no er innblanda i. Mathisen skulde vera glad for at saki kom fram, so ho slapp å kjenna seg pressa til å gjera lovbrot.

Mathisen er framleis skrivar i Norsk Målungdom og vert i det siste nummeret av medlemsbladet Motmæle utspurd um rettssaki, bakgrunnen for saki med meir. Her kjem Mathisen med ei rad bomvisse påstandar. Ho segjer m.a. at Torheim og Myrvoll ”aldri vurderte å ta dette opp i organisasjonen”. Korleis Mathisen kann vita kva Torheim og Myrvoll vurderte å gjera og ikkje gjera, er ei gåta.

Mathisen held fram:

“Myrvoll og Torheim er kjende namn frå høgnorskrørsla, og står bak utgjevinga av bladet Målmannen. Men det er viktig for oss å få fram at vi på ingen måte ønskjer å sverte høgnorskrørsla. Rørsla er ikkje synonymt med desse to, og NMU samarbeider godt med høgnorskingar, og har fått mykje støtte frå delar av høgnorskrørsla dette året, seier Mathisen.”

Mathisen syner her ei heilt onnor haldning enn Fyllingsnes. Båe uttalar seg på vegner av Norsk Målungdom, men medan Fyllingsnes tek avstand frå medlemspengejukset utan å draga inn dei som avslørde saki, gjeng Mathisen fyldig inn på nett dei. Ho dreg òg inn høgnorskrørsla, rørsla som arbeider for ein meir tradisjonell nynorsk, og segjer at ho ikkje vil sverta høgnorskrørsla av di Torheim og Myrvoll berre er tvo representantar for denne rørsla. Implisitt segjer ho då at ho og NMU vil sverta Torheim og Myrvoll av di dei avslørde lovbrot. Kvifor skulde ho i det heile draga inn høgnorskrørsla? Kva hev den med lovbroti i NMU å gjera? Og kvifor skulde nokon svertast for å ha avslørt lovbrot?

I intervjuet umtalar Mathisen høgnorskrørsla i tridjeperson, men det hev ho snaudt nokon grunn til å gjera lenger. For på årsmøtet i Høgnorskringen 16.12.03, ein samskipnad som hev til fyremål å fremja høgnorsken, møtte ho og fleire sentrale aktivistar kring Norsk Målungdom upp, flesteparten innmelde stutt tid på fyrehand eller jamvel på sjølve møtet. Sume kom heilt frå Trondheim. Det var soleis ei storhending for målungdomsaktivistane. Kva for ein dagsetel hadde so desse aktivistane? Tilsynelatande hadde dei berre eitt mål: Dei skulde verta kvitt Torheim og Myrvoll og alle som framleis vil stydja deim.

Torheim og Myrvoll hev vore dei mest aktive i høgnorskrørsla dei siste åri, ei tid med sterke motsetnader innetter i rørsla. Torheim og Myrvoll vert kritiserte av eit par av dei høgnorske NMU-sympatisørane. Dei som kritisterar deim, hev havt verv i dei same samskipnadene som deim, utan at dei hev merkt seg ut korkje med arbeids- eller samarbeidsevna.

No samarbeider dei med trøndaren Sergej Alexander Munkvold. Munkvold umtalar årsmøtet i Høgnorskringen på fylgjande måte på høgnorsklista 16.02.04: "…nett som dei tvo med Marøy vart kasta på hovudet ut av alle verv i Høgnorskringen 16.12.03. Men no er alle vegar snart stengde for deim, dei hev ikkje nokor naudhamn å berga seg i."

Det ser soleis ut til at NMU ikkje angrar noko på det dei gjorde. Dei som avslørde NMU skal svartmålast av folk som tydelegvis tykkjer det er heilt greidt med medlemspengejuks og som reknar det for eit brotsverk som gjev grunnlag for sverting å avsløra slike lovbrot. Me er spente på å sjå kva NMU-arane vil gjera i Høgnorskringen. Det gjeld serleg Mathisen.


Lars Bjarne Marøy, 20051029

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag