YMIST

Knud Knudsen ein talsmann for dei små i samfundet?

Av og til kann ein få hug til å draga fram einskilde utsegner og moralisera yver deim i målpolitisk samanheng.Kor vidt det er rettvist eller ikkje kann ein diskutera. No hev eg hug til å trekkja fram noko Knud Knudsen skriv i boki Hvem Skal Vinne ? (Knudsen 1886). På sida 107 og 108 skriv Knudsen um målbruken millom prestar. Han var sjølv kjend for å vilja byggja på det han kalla den landsgyldige daglegtalen i skriftnormeringi. Knudsen hevda at den dana daglegtalen millom boklærde menneske burde vera utgangsstad for skriftmålsnormeringi.Knudsen meiner at prestane burde "... gi ordene den samme lydelse i kirken som de selv og andre "dannede" folk plejer å legge i dem i det daglige liv."Knudsen freista å rettferdiggjera synspunktet sitt med at ein måtte gå stegvis fram,dersom ein skulde vinna fram med rettskrivingsbrigde,som skulde gjeva oss eit norskare dansknorsk mål.Han polimiserte med landsmålsmennene som vilde nå fram i ein bråhast.Dei hadde for veik utgangsstoda meinte han.

Det er interessant å merka seg framhaldet i setningi etter sitatet ovanfor.Knudsen skriv :" Dette er da også noget helt annet,æn om præsten,idet han frigjorde sig fra det stive prækemål og den rene danskhet,vilde springe helt over i et mere eller mindre slurvet bygdemål." Ordleggjingi "slurvet bygdemål" fekk meg til å reagera.Bergensmålmennene hev vedvarande vorte kritiserte for at dei tala bygdemål.Dei tala for unaturlegt.Dei hadde ikkje god nok evna til å gjera målbruken sin naturleg.Det er tendensiøs bruk av Fjørtofts " Nokre or til bondevenne og målmenn"som vert prestera,utan å verta nyansera.

Kjell Venås tek rett nok bergensmålmennene, representera ved Kristoffer Janson,i forsvar.Venås skriv i Norsk Målresing i 75 år sida 321."Ein må koma fram til at Johs. A. Dale som sjølv var stril,har karakterisert språket åt Janson rettare enn Fjørtoft gjorde :"Blant Vestmennene skil Kristoffer Janson seg noko ut,han har god konsekvens i former og rettskriving,er ikkje av dei mest arkaiserande og har ein tolleg idiomatisk stil."(1930:36). I ei bok um Hans Mo skriv Reidar Djupedal sida 158 :" Fjørtofts dom er usakleg og urimeleg.Vestmennene var ein fargerik flokk,ulike i hått og hug.Dei kan ikkje rymmast i ein bås.Målføringa deira er aldri einsleta og tvinga inn i ei form.Det ser vi snøgt når vi les i alt det dei skreiv.Vestmennene tala sine målføre,anten dei no kom frå bygd eller by. At noko av den munnlege dåmen kan bli borte i dei prenta opprita,kan vel vere,men det er nett talen deira på ståande fot utan manuskript vi lyt tenkje oss til."(Djupedal 1986).

Trass i desse lærde nyanseringane,som skulde ha godt grunnlag attum seg,ser me støtt og stendigt at bergensmålmennene vert karakteriserte gjenom "Fjørtofts usaklege og urimelege dom".

Skulde det ikkje vera tid til å kika Knud Knudsen nærmare etter i saumane òg ? Knudsen meiner at prestane skal halda seg til det danna talemålet.Dei skal ikkje gjeva seg til å herma etter eller falla attende på eit "slurvet bygdemål". I boki Hovuddrag i norsk språkhistorie skriv samnorskmannen Lars Vikør :" ...Aasen,Knudsen og Vinje kom frå "folkedjupet" i bygdesamfunnet og måtte slite hardt for å komme seg fram.For dei var da ikkje språkspørsmålet eit spørsmål om idealisme eller litterær estetikk,men hadde direkte samanheng med livsvilkåra til folk."Det er ingen tvil um at Knud Knudsen laut slita hardt for å koma seg fram.Knudsen kann vel òg segjast å ha vore ein dugande pedagog. Men eg er langt meir kritisk til ei utsegn som at språksspursmålet for Knudsen hadde direkte samanheng med livsvilkåra til folk.

Knudsen vilde rett nok taka umsyn til folkemålet d.v.s dei unormaliserte og norske dialektane,men han vyrde ikkje talemålet til folk på bygdene meir enn at han kunde kalla ei talemålstilnærming til det for "slurvet bygdemål".Eg undrar meg på korleis Knudsens tankar kann yverførast til dei som vil fremja eit samnorskt mål i Noreg gjenom det unormaliserte talemålet/dialektane i Aust-Noreg.Rett nok vilde Knudsen reformera norskdansken etter ymse former i dialektane,men talemålsidealet,den landsgyldige uttale,var det yverordna mynsteret for han.Samnorsktilhengjarane ynskjer ei skriftmålsnormering som byggjer på utvalde målføre,men mange av deim vil ikkje taka spranget heilt ut å byggja på dei norske bygdemåli og den nynorske måluppfatningi.Er dei redde for å falla ut i eit "slurvet bygdemål" ? Aasens ord um at det er ikkje plattheter,men norskheter kjem her til sin rett. Knudsen vilde ikkje ha eit norskt mål. Han vilde ha ei blanding.

Skulde me ha retta oss etter talemålsnormeringi til Knudsen,vilde fridomen til å nytta ymse dialektavbrigde i formelle tilknytingar vore sterkt avgrensa. Knudsen vilde sperra for det norske. Det er ikkje lina frå Knud Knudsen som hev ført fram til dialektlina i Noreg.Det er ikkje samnorsksynet,men målreisingssynet som hev kjempa fram toleransen for det sernorkse målgodset i Noreg.Me i målrørsla hev kjempa fram dialektane i unormalisera form og normalisera form. Dei norske måldragi er framstridde gjenom dialektreisingi. Dei er utgangsstoda for målrørsla.Dersom målrørsla skal koma vidare må ho byggja på dei unormaliserte dialektane.Medvitet um målet og målsynet til Ivar Aasen og til Gustav Indrebø må styrkjast,og folk må verta vane med å leggja talen sin etter norsken og ikkje etter norskdansken.Det norskdanske talemålsidealet må aldri få slik makt at dei som høyrer normaliserte og mindre normaliserte norske målføre tykkjer at den norskdanske talemålsnormeringi vert "fyreseggjord",medan mindre normaliserte målføre verta kalla for "slurvet". Greider ikkje riksmålsmennene og samnorskmennene å fremja sine talemålsnormerte variantar, radikalt og konservativt bokmålstalemål,på friviljugt grunnlag,so fer dei sleppa målmennene fram.Grunnlaget for påverknad er dei unormaliserte dialektane. Det målet Gustav Indrebø nyttar i Norsk Målsoga skulde vera eit godt utgangspunkt for talemålsnormering.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag