YMIST

Kva er sanningi?

Ludvig Jerdal kjem med ei rad påstandar i Bergens Tidende 5. mai. Han hevdar millom anna at fyremålet mitt er ”å lasta og mistenkjeleggjera og til slutt drepa tiltak” som eg etter mitt målsyn ”skulde vera med og verna”. Det skil seg nok mykje på mitt målsyn og det synet som Askeland-styret i Vestmannalaget hev. På tri årsmøte etter kvarandre gjorde flokken min framlegg um at Vestmannalaget skulde hava eit arbeidsprogram som slo fast aktivt målreisingsarbeid på alle samfundsumkverve. Desse framstøytane enda med at Askeland-fraksjonen vanvyrdeleg røysta ned at laget i det heile skulde hava eit arbeidsprogram; målreisingsspursmålet vart ikkje ein gong reist.

Når eg og andre med meg hev peika på slike og andre tilhøve som me tykkjer er i strid med framgangsrikt målarbeid, endar det no seinast med at Jerdal skuldar meg for å ha fårlege hemntankar. Kva er det som er fårleg? Og er det slik at å koma med kritiske spursmål og innvendingar til arbeidet i lag og samskipnader er det same som hemntankar? Er me som hevdar vår demokratiske rett fårlege for Jerdal?

Jerdal hevdar at eg ikkje hev vyrdnad for Krohn. Det er rangt. Eg hev faktisk so stor vyrdnad for Krohn at eg meiner Krohn-legatet burde få standa urøyvt, eventuelt uppgraderast til eit minnefond yver Krohn. Jerdal peikar på at stjorni hev tilført legatet midlar og lèt til å tykkja at det er like rettkome å tilføra det pengar som å leggja det ned. Kva heider fylgjer det med å leggja ned eit legat?

Jerdal meiner at eg ”auser” or meg ”vondskap um forfattaren Jostein Krokvik”. Eg hev einast kome med sume kritiske merknader til boki um Henrik Krohn og forlagspolitikken til Norsk Bokreidingslag. Jerdal reagerar på at eg skriv at han hev fungert som forlagskonsulent for manus frå Jostein Krokvik. Jerdal meiner at dette er lygn og at han aldri hev havt denne funksjonen. Då vil eg sitera frå ei tilfeldig vald bok Norsk skriftmåls store fall: ”Eg takkar Ludvig Jerdal, … som las gjenom manuskriptet og kom med upplysningar og råd”. Er ikkje dette arbeidet åt ein forlagskonsulent? Er det lygn at Jerdal hev lese bøkene åt Krokvik og kome med råd og upplysningar fyrr dei kom ut? Og er det lygn at Jerdal etterpå hev kome med positive bokmeldingar i Vestmannen? Kann Jerdal sjølv tala sant?

Jerdal meiner at eg vil drepa ned Norsk Bokreidingslag. Langt derifrå, men eg steller spursmål ved korleis laget vert drive. Fyrst hev det dårleg økonomi og held på å enda i ruin og daude etter det Jerdal skreiv i fjor. Men på hausten gav dei ut dyre bøker til hundradtusundvis av kronor. Det må vera noko som ikkje stemmer her. Jerdal skuldar meg for lygn, mistenkjeleggjering, æreskjelling og hemntankar med meir. Dersom Jerdal hev rett, må det då vera lett å visa attende dei kritiske spursmåli og merknadene eg hev kome med. Kann Jerdal gjeva oss sanningi og klåra upp i saki?


Olav Torheim, 20051029

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag