YMIST

Fyrste innkallingi i Norsk Bokreidingslag

Norsk Bokreidingslag kalla for stutt tid sidan (hausten 2001) inn til umframt årsmøte i Bergen. Det ordinære årsmøtet vart ikkje godkjent av den største luteigaren som er Vestlandske Mållag. Grunngjevingi til Vestlandske Mållag var millom anna at det er eit rimeleg krav at luteigarane vert kalla inn. Det hev kome nye reglar for slik innkalling, og alle luteigarlag hev no krav til å kalla inn luteigarar med tilskrift som er kjend. Det må elles segjast å vera eit aktivum for eit forlag å ha samband med luteigarane. Det kann gjeva ny kveik og nye tankar um bokutgjeving på Aasen-mål.

Styret i Bokreidingslaget hev millom anna synt til at lutmidelen er tapt og at det kostar mykje å kalla inn luteigarar med kjend tilskrift. Til det må ein segja at dei som hev skote pengar inn i forlaget neppe hev havt tanke på nokon vinst, men at dei i alle høve kann verta påhugsa med ei innkalling. Kostnadene med innkallingi er heller ikkje so stor at det vil føra til serlege meirkostnader samanlikna med andre utlegg som forlaget hev.

Årsmøtedagen var sett til 13. september. Det vart registrert luter for ei rad lag og einskildpersonar og umlag15 personar var møtte fram. Sume langvegsfarande. Me hev ikkje fenge listor yver kven som var til stades og kva for luter dei representerte. Det høyrer med til god skikk at slike listor er tilgjengelege for dei som er til stades på slike møte. Det er å vona at listone vil koma når den nye praksisen vert ein sedvane i laget. Alt i alt syner det store fram-møtet at interessa for Bokreidingslaget er veksande, og det må kallast gledeleg. Vestmannen er òg kjend med at dei fleste luteigarane med kjend tilskrift skal vera tilskrivne.

Årsmeldingi fortel millom anna at Bokreidingslaget hev havt kontor på Strandkaien 2 og forretningsadressa hjå Centraltrykkeriet. Styret meiner det er grunnlag for å halda fram verksemdi og årsrekneskapen er sett upp i samsvar med det. Fyresetnaden er at laget kan få til ein munleg auke i både tilskot og salsinntekter i år 2001 og at kostnadene kann haldast under kontroll. Eit tiltak for å få ned kostnadene er at Norsk Bokreidingslag hev meldt seg ut av Den norske forleggerforening.

Laget melder um at dei ikkje hev nokon fast tilsette. Laget vil syta for at det vert faste rutinar med rydjing og reingjering, slik at ekspeditørane i laget kann ha gode og tenlege arbeidshøve. Årsmeldingi er underskrivi og datert 10. juni av i same fylgd Jarle Bondevik, Oddvar Nes, Leiv Flesland, Frøydis Lehmann, Trygve Lande og Jon Askeland. Vestmannen er kjend med at forlagsnamnet hev pryda fleire bøker seinaste året. Det er truleg ein glipp at desse er unemnde i årsmeldingi.

Boklageret til Norsk Bokreidingslag var i fjor verdsett til 68 421. Boklageret er no verdsett til 173 767 kronor. Årsuppgjeret gjev ikkje nokor forklåring på denne uppskrivingi. Laget hev bankinnskot og kontantar for 283 693 kr. Mot 59 675 i 1999.

Trass i uppskrivingi av lageret og ein betra kapitalsituasjon, syner rekneskapen at laget hev ei skuld på 448 576 kronor i år 2000, mot 195 995 i 1999. Det vil so langt Vestmannen skynar innebera at Bokreidingslaget må få selt bøker for kring 170 000 kronor i året som kjem, um laget skal få sletta all skuldi.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag