YMIST

Linux - fridomen til å velja

“Arbeidet for nynorske dataprogram har vore høgt prioritert av Noregs Mållag og heile målrørsla dei siste åra”, kann me lesa på heimesidone åt Noregs Mållag. Samstundes skriv Dagbladet at Landssamskipnaden av nynorskkommunar vil boikotta det nye Office XP av di det vantar nynorsk grammatikkontroll. Og tidlegare i haust (2001) kom jamvel kyrkje- og undervisningsministeren på banen. I radioprogrammet “Her og nå” lova Trond Giske at programvara ikkje lenger skal vera noko undantak frå parallellutgåveretten som er nedfelt i log um vidaregåande upplæring. Nynorsk data, kva hev gjort det til ei eigi sak? Og kvifor fyrst no?

Lat oss byrja med litt historikk. Frå tidleg på 80-talet og fram til slutten av 90-åri var operativsystemi frå Microsoft, MS-DOS og MS-Windows so godt som einrådande på PC-marknaden. IBM-prosjektet OS/2 slo aldri igjenom millom privatbrukarar, og det endå OS/2 Warp, det fyrste 32-bits operativsystemet for PC, på alle måtar var eit betre og langt meir stabilt system enn Windows 95. Samstundes med at PC-salet skaut i vêret, vart Microsoft sitjande i ei monopolstoda der dei hev kunna innkassera milliardar i lisenspengar frå institusjonar og privatpersonar.

Både Microsoft Windows og tekstyringsprogrammet Office hev stødt funnest på bokmål. Nynorske utgåvor hev derimot ikkje kome på tale - so sant staten segjer seg viljug til å taka på seg alle kostnadene, og det hev han so langt ikkje vore.

Microsoft-monopol

I dag nyttar den norske staten 4,5 milliardar på IT, og svært mykje av denne summen gjeng med til å kosta programvarelisensar åt Microsoft. 96 prosent av alle statlege verksemder hev installera Microsoft Word, syner ein rapport frå Statskonsult. Enn um desse pengane i staden kunde nyttast til å laga nynorsk programvara?

Microsoft hev fenge nakkegrep på den norske staten, og det nyttar dei til gagns: Til dessar hev institusjonar nytta seg av 3-års “enterprise agreements” der dei betalar ei årleg avgift åt Microsoft for å kaupa programvara. Segjer dei upp avtala, stend institusjonen fritt til å nytta programvara dei hev kaupt so lenge dei vil. Denne ordningi vert det no ende på. Frå no av skal ein ikkje få kaupa programvara. I staden skal det innførast abonnementsordningar der ein lyt betala for å køyra Microsoft-program i ein viss periode. Denne rådgjerdi er alt sett i verk med til dømes Microsoft Visual Basic 7.0. Visual Basic 7.0 kann ikkje køyrast utan at ein er tilkopla Internet og logga på ein Microsoft-server.

Diverre for Microsoft hev det allvegen vore ei verd utanfor IBM PC og X86-arkitekturen, og der hev Microsoft Windows aldri fenge innpass. Stormaskinor, serverar og “talknusarar” av typen Digital Alpha og SunSPARC hev køyrt på eigi, proprietær programvara. I bankbransjen er OS/2 det einaste PC-baserte operativsystemet som hev fenge eit visst gjenomslag. Utanum OS/2 hev det gjenge i UNIX-baserte løysingar. Windows er, som mange veit, ute av stand til å handtera store datamengder. Etter 30 års bruk er UNIX framleis reikna for å vera det mest stabile og fleksible operativsystemet i verdi.

Den rivande teknologiske utviklingi, for å segja det med ein klisjé, hev ført til at datasystem som tidlegare treivst best på stormaskinor (sokalla “mainframes”), no kann gjera same nytten på vanlege PC-ar. Takk vere innsatsen åt eit tusundtals friviljuge hev ymse avbrigde av operativsystemet UNIX sidan tidleg på 90-talet vore fritt tilgjengeleg for vanlege PC-brukarar. Fri programvara hev vorte eit umgrip, og med Internet hev det vakse fram eit solid distribusjonsnet for den frie programvara.

Frå Microsoft-hald vert Windows gjerne framstelt som det store og tunge systemet, medan Linux/UNIX nær sagt hev vorte til på guteromet. Dette er etter mitt syn å snu det heile på hovudet. Operativsystemet MS-DOS, som ligg til grunn for Windows, vart utvikla på eit halvår av tvo unggutar utan faglege kvalifikasjonar av noko slag. UNIX hev heile tidi vorte utvikla vidare dei seinste 30 åri, og er eit operativsystem av og for forskarar og ingeniørar. Det nye er at det no er gratis.

So godt som all programvara for PC hev til dessar vore proprietær. Jamvel um mykje hev vore sokalla “freeware” eller “shareware”, hev det vorte verna av upphavsrett og einast ferdugkompilera programkode hev vore tilgjengeleg. Det hev soleides ikkje vore råd å modifisera programvara, og lovleg hev det helder ikkje vore. Men for dei friviljuge som arbeidde med å porta UNIX-systemet til PC var filosofien at all programvara bør vera fritt tilgjengeleg. Fri programvara er programvara som alle kann nytta som dei vil, brigda på og dela med andre. Fri programvara er ikkje det same som gratis programvara, der det ikkje er råd å gjera endringar i programvara. Det er helder ikkje det same som “open source” programvara, der det ofta ikkje er lov å distribuera vidare det som er gjort endringar i.

Fri programvara handlar um fridom, ikkje pris. Fri programvara kann ein ofta få tak i gratis, frå FTP til dømes. Men det kann distribuerast mot betaling med, til dømes på ein CD-ROM. På same måten kann proprietær programvara sumtid vera tilgjengeleg heilt gratis, andre gonger berre mot betaling.

Rett etter at Linux slo igjenom, dukka det upp mykje “open source” software under tvilsame lisensar som ikkje godtok flyt av kode millom deim. No er det likt til at GNU GPL er åt å koma ut som standarden for frie lisensar. Program som hev bytt til GNU GPL er Mozilla, QT (API til å koda grafisk brukargrensesnitt i C++) og Star Office frå Sun.

Fyremunene med UNIX er mange, at det er gratis hev eg alt nemnt. Tryggleik og stabilitet er andre stikkord. UNIX-maskinar kann stå på fleire hundrad dagar av gongen utan at det hev noko å segja for yteevna åt systemet.

GNU-prosjektet

GNU-prosjektet vart sett i verk i 1984 for å utvikla eit fullkome UNIX-likt operativsystem som var gratis. Det meste av arbeidet med GNU var fullført fyrst på 90-talet, men dei vanta ein kjerne å køyra systemet på. Finske Linus Torvalds skreiv Linux-kjernen og kompletterte dimed GNU-prosjektet. Ymse avbrigde av GNU, som nyttar kjernen Linux, vert som oftast referera til som “Linux”. Men Linux utgjer i realiteten berre nokre fåe prosent av heile operativsystemet. Operativsystemet er hovudsakleg GNU, med Linux som fungerande kjerne. Attåt GNU hev eit anna sjølvstendig produsert UNIX-system vakse fram: BSD. Eit fritt operativsystem i dag er heilt sikkert eit avbrigde av GNU-systemet eller BSD-systemet.

So kann ein spyrja seg, når GNU/Linux hev vore ute sidan tidleg på 90-talet, kvifor er det ikkje fleire som nyttar det? Svaret er at hjå programmerarar og netverksfolk hev Linux vore operativsystem nr. 1 i mange år. Millom vevtenarar til dømes, er Apache-serveren frå GNU dominerande (med nær 60 prosent av vertsmaskinone i september 2001). Problemet hev vore folk flest, dei som berre vil ha ei vanleg kontormaskin. Dei steller ofta ikkje meir enn tvo spursmål: Hev de Office? Hev de Internet Explorer? Og lenge var svaret nei.

X-Windows og grafisk grensesnitt

X-protokollen vart utvikla på midten av 80-talet. Den fyrste kommersielle utgjevingi kom i 1986, og køyrde på DEC VAX-baserte arbeidsstasjonar. X-Windows gjev UNIX eit grafisk brukargrensesnitt, mykje på same måten som Microsoft Windows og IBM sin Presentation Manager. Hovudskilnaden er strukturen åt X-protokollen som gjev ei klient-server-basert løysing på applikasjonsnivå. Xfree86-prosjektet gjeng ut på å porta X til 80X86-arkitekturen. Maskinor som er kompatible med 80X86 er det me til vanleg kallar PC-ar.

X-Windows definerar berre mekanismane åt det grafiske brukargrensesnittet, noko "Standard Look and Feel" skrivebordsmiljø finst ikkje. Etter at me fyrst hadde fenge tvo tevlande skrivebordsmiljø, kalla Motif (AT&T og Sun) og Open-Look (OSF), gjekk dei seinare saman med ein ny standard, CDE (Common Desktop Environment). CDE er ein kommersiell standard; frie standardar er sidan komne til, KDE og GNOME (Gnome høyrer med til GNU-prosjektet). Under KDE hev du det mest som i Windows: Start-meny, Office-pakke, drag-and-drop-verkty m.m.

Med distribusjonar som RedHat Linux og Mandrake Linux hev me med kvart fenge eit UNIX-system for folk flest. Installasjonen gjeng som ein leik under desse distribusjonane. Men på hi sida av skalaen finst framleis distribusjonar av typen Slackware og Debian, som ikkje akkurat er meint for nynæmingar.

Og kva med høgnorsken?

Med dei opne standardane er det upp til oss sjølve um me vil ha programmi på vårt eige mål. Er arbeidet for UNIXog fri programvare noko for høgnorskrørsla, eller skal me yverlata dette til Noregs Mållag som alt er engasjert? Nynorsk utgåva av KDE hev vore ute sidan november 2000, men denne nynorsken er langt frå god nok for oss Aasen-folk. Skulelinux, ein linux-distribusjon for grunnskule og vidaregåande skule som no er på trappene, vert “kvalitetssikra” av Norsk Språkråd. Slikt fær det til å gå kaldt nedetter ryggen på oss høgnorskingar, og reint konkret fører det millom anna til frislepp av anbeiheitelse. Dette i staden for at me kunde ha dyrka fram vår eigen dataterminologi slik islendingane hev gjort.

Mykje spanande er på gang i skjeringspunktet millom teknologi og humaniora. Um me ikkje hev tid og krafter til å vera med på utgjeving av høgnorske dataprogram i dag, hev me kor som er eigeninteressa av at mest mogleg kjem ut i ein open standard der me sjølve kann gjera umvølingar ein gong i framtidi. Ikkje minst på språkteknologi-fronten kann dette ha mykje fyre seg.


Olav Torheim, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag