YMIST

Framvegar for høgnorskrørsla no

Innleiding på årsmøtet i Vestlandske Mållag 2001

Kva skil høgnorskrørsla frå resten av den organisera målrørsla? Svari hev de nok alt høyrd frå motmennene våre. Me er altfor upptekne av rettskriving og greier ikkje å gjera saki vår til ei samfundssak. Oddmund Hoel meiner me lyt velja millom kulturreising eller filologisk flisespikkeri. Kva svarar me til det? Jau, me svarar med Indrebø, me målfolk treng ein klår ideologi som korkje gjer saki vår til noko større eller mindre enn det det faktisk er. Me høgnorskarar hev i alle år vore eit naudsynt korrektiv til dei høg(tsvivande)e herrar i Norges Mållag. Medan andre hev vore mest upptekne av emballasjen (”verdiane som nynorsken representerar”), er det me som hev sikra at produktet me tilbyd held den rette kvaliteten.

Dette er fyremunen vår. Me hev eit hovudsakleg praktisk syn på målstoda og vel arbeidsmetodar ut frå det. Kva var det som gjorde målsaki viktug for oss, og korleides gjer me henne interessant for andre? Språk er viktugt, ikkje berre for filologar, men ogso for lærarar, ingeniørar, sjukepleiarar osb. Det vert fleire og fleire språkmøte i kvardagen, og mange ynskjer yverordna ideal for målføringi si. Eg meiner det er fårleg å gjera målsaki til komponent i eit monolittsystem, slik leidande tillitsvalde i NMU og no ogso i Norges Mållag tek til ords for. Me må ikkje risikera at høgnorsken vår vert underordna praktiske umsyn. I høgnorskrørsla lyt det helder vera slik at me hev eit mål som stend fast, men er opna for ulike måtar å grunngje målstrævet.

Dialekt og identitet hev i ein mannsalder vore viktuge stikkord i dei fleste målordskifte. Jamvel høgnorskflokken låg lenge under for denne tenkjingi. Rettskrivingsspursmål vart som regel, ”på eit høgare ideologisk plan”, til eit spursmål um kva slags identitet som var den viktugaste, den lokale eller den nasjonale? Var nynorsken eit nasjonalmål eller eit klassemål?

NMU skriv i den nye tufti si at ”til grunn for målstriden ligg ein breiare strid for norskdom, folkeleg daning og nasjonal sjølvråderett”. Store ord dette. Men spyrr du deim um dei hev nokor meining um kva språk eigenleg er for noko, vert dei svar skuldige. Målungdomar med ans for den slags er i alle år vortne stempla som ”upolitiske”.

Målfolk hev ofta havt lett for å moralisera yver samfundsutviklingi. Ikkje so rart, Olav Randen reikna for nokre år sidan ut at den demografiske utviklingi åleine kom til å gjeva nynorsken ein attendegang på 0,1 prosent i året. Diverre trur ikkje eg målrørsla er ei so sterk kraft at me kann stogga ein prosess som hev gjenge fyre seg heilt sidan 1700-talet. I staden lyt me sjå etter dei fyremunene som det moderne samfundet byd fram. Me liver ikkje lenger i 1860, og skal bonden vera ”sprogets redningsmand”, kann samfundsutviklingi oss ikkje tryggja.

Tidlegare vart me høgnorskfolk skulda for å vera gamaldagse, reaksjonære, ufolkelege og alle dei hine fy-ordi. I dagsens ordskifte er det sjeldan at andre målfolk vågar å koma med seriøse motlegg mot høgnorsksynet. Derimot freistar dei å planta nederlagsstemningi hjå oss, dei hævdar at ambisjonane våre er urealistiske eller, endå verre, ikkje verd prisen. Dette lyt me hevja oss yver.

Kva slags fyremuner kann det moderne samfundet bjoda oss høgnorskarar? Eg skal ikkje slutta meg til desse betrevitarane som meiner at "internett hev endra alt", men det hev endra mykje.

I si tid vart det lagt ned eit stort arbeid med å få Bibel og salmebok på nynorsk. I dag lyt nynorsk programvara, operativsystem og tekststyringsprogram, vera prioriterte uppgåvor. Her opnar dei nye programvarelisensane med Open Source for nye framvegar. Det er upp til oss um me vil få dataprogrammi på vårt eige mål. Umsetjing av dataprogram er ikkje serleg vandsleg, men det tek tid, og tid er pengar. Løn for strævet er at me kann nå ut folk på ein heilt annan måte enn tidlegare. Eg ser fyre meg gratis, linux-basert pakkeløysing med høgnorsk x-windows, tekststyring og stavekontroll.

23 oktober 2000 vart skrivebordsmiljøet KDE 2 for linux sleppt. NMU uppmoda til å boikotta Microsoft og bruka Linux i staden. Diverre er det ein gamal (samnorsk)tanke at nynorsken lyt ofra serhåtten sin for å vinna domene. Ikkje berre under Halvdan Koht, men ogso under det nynorske KDE 2.0.

Det er sjølvsagt prisverdig at nokon friviljugt tek på seg arbeidet med å setja um. Men her hadde me ein historisk sjanse til å setja standarden for godt, norsk datamål. I staden hev dei valt minste motstands veg - Den statsautorisert læreboknormalen.Intensjonen er truleg å gjera målet meir stovereint til bruk i skulen.

Mi eigi røynsla frå ein bransje dominert av engelsk, er at folk som regel vil ha "ekte vare" um dei fyrst skal ganga yver til norsk. Ogso i dataverdi lyt målet røktast og dyrkast. Resultatet av slurv treng ikkje verta mindre lagnadstungt her enn andre stader. I den islendske versjonen av KDE finn me måldyrking på høgt plan. So godt som heile den utanlandske dataterminologien hev fenge heimlege avløysarar. Nokre døme er bordstjorn (kontrollsenter), lyklabord (tastatur), lyklabindingar (tastekombinasjonar), sysla (redigera), afrita (kopiera), skrår (filer), staftafla, land & tungumål, dagabil, flakka (browse), stimpla ut (logga ut), stadsetning (adresse), taka vid (OK), småkøku (cookie).

Ogso andre europeiske fåtalsmål er representera: Breskt (bretonsk), sveitsartysk, wallonsk. Det er aldri for seint å "taka hemn over soga".

No kjem neppe linux til å verta allemannseige med det fyrste, til det er kunnskapsterskelen framleides for høg. Men for offentlege institusjonar kunde det sikkert ha lønt seg å senda dei tilsette på linux-kurs, framfor å betala dyre lisensar for kommersiell programvare. I januar 2000 kom ei Reuters-melding um at Folkerepublikken Kina hadde valt å forby Windows 2000 og byte det ut med sin eigen distribusjon, Red Flag Linux. Det var diverre for godt til å vera sant, og meldingi vart seinare dementera både av Microsoft og kinesiske styresmakter.

Soleides er det slett ikkje urealistisk å få pc'en på høgnorsk. Det me treng er nokre fåe personar med den tekniske innsikti og me treng ei nemnd som utarbeider terminologien (skal me vera like målreinskande som islendingane?). Det som tek tid er sjølve implementasjonen. Me treng friviljuge som tek jobben med å setja um all teksti.

Og kvifor skulde ikkje dette lata seg gjera? Då Linux såg dagsens ljos i 1994, var det resultatet av arbeidet åt èin finsk student. 4 år seinare vart det nytta av yver 7 millionar brukarar. Me hev ingen intensjon um å vinna all verdi, so 4 millionar held lenge for oss.


Olav Torheim, 20050725

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag