YMIST

Nasjonalisme i studentmållaget

1. mars var Endre Brunstad innleidar på ein studiering som Studentmållaget hev gåande. Brunstad hev skrive hovuduppgåva um Færøysk,frisisisk og norsk språknasjonalisme. Brunstad underviser i målsoga ved nordisk institutt i Bergen. Fyredragetpå Studieringen kalla han :" Noko om nasjonalisme og språk".

Då eg byrja å skriva hovuduppgåva mi var det mange som kom med mistruiske merknader til nemningi nasjonalisme. Tidlegare hadde ein eit skilje millom det nasjonale som noko positivt og det nasjonalistiske som noko negativt. Idag tykkjer eg at nasjonalisme-nemningi hev vorte meir godteki. Det hev kome svært mange forskingsarbeid som nyttar seg av denne termenberre medan eg hev lagt siste handi på arbeidet mitt.

Brunstad tok upp ulike tradisjonar innanfor utviklingi av nasjonalismen som samfundsideologi. Fyrr slutten av 1700-hundretalet fantest det ikkje nokon tanke um nasjonen. Statar og rikje eksisterte,men dei bygde ikkje på tankar um nasjonalthopehav. Spursmålet um kva tid dei nasjonale fyrestellingane dukka upp hev vorte aktualisera i samband med at historikarane dryfter orsakene til at unionsbandi millom Noreg og Danmarkslitna. Mange hev kritisera nasjonalismen,men diskusjonane gjeng vidare.

Nasjonalismen utvikla seg m.a utfrå engelsk borgarrettsstrid,fransk upplysningsfilosofi og tysk romantikk. Den franske tenkjaren Rossau skreiv um ein samfundskontrakt. Sentrale umgrep i upplysningsfilosofien var m.a ållmennvilje og folkesuverenitet. Folket gjorde upp ein kontrakt med staten for at staten skulde tryggja grunnleggjande rettar som liv,fridom og eigedom. Det varålmennviljen til kvart einskilt menneskje som skulde samlast i denne kontrakten. Folket var suverent og kunde kasta makthavarane,soframt makthavarane ikkje uppfylte ålmennviljen. Dette var bakgrunnen for den franske revolusjonen. Ernst Rena var ein forskar som bygde vidare påden franske tradisjonen. Han gav ut ei bok i 1882. I den boki argumenterar han for den franske nasjonalismeforståingi. Han avviser sams språk,religion og andre grunngjevingar for nasjonen. Nasjonen byggjer på subjektive fyrestellingar,hevdar han. Brunstad kunde ha snakka lenge um skilnaden millom fransk nasjonalisme og tysk nasjonalisme i historisk hopeheng,men han uppsummera med nokre stikkord som me fær nøgja oss med her. Tysk nasjonalisme er kjennemerkt ved umgrep som historisk rett,serprega folk,folkeånd,objektive eigenskapar,kulturelt hopehav og etnisitet. Fransk nasjonalisme er serprega av å understreka umgrep som naturrett,suverent folk,ålmennvilje,subjektive eigenskapar,statshopehav(statsfellesskap) og territorium. Vår forståing av det nasjonale ligg i spenningsfeltet millom desse tvo tradisjonane,slo Brunstad fast.

Kritikkarane av nasjonen hev peika på at nasjonen er eit fyrestelt samfund. Viktuge skrifter i samband med denne kritikken er Imagined communities (1983) og Gemeinschaft tilGesellschaft av Ferdinand Tønnies (1856-1936). Ei sentral spursmålstelling innanfor denne forskingi er; korleis fyresteller folk seg eit nasjonalt samfund. Banalt sagt kva hev fiskaren i Finnmark sams med børsmeklaren i Oslo ?

Brunstad sette upp ein modell til å visa at det er eit innfløkt samband millom språk og etnistitet. Her bygde han på dei tvo granskarane Joshua A. Fishman og Erik Allardt. Fishman peikar på at språk vert nytta til å markera ei gloriøsfortid,til å markera og skapa autensitet og til å skapa kontrast andsynes andre gruppor. Allardt legg fram m.a dessekriterii for etnisitet :

Sjølvkategorisering,ættlina,spesifikke kulturdrag og sosial organisering for samhandling i og utanfor hopehavet. Etnisiteten og "det språket vert nytta til" stend i eit komplekst tilhøve til einannan,men båe høyrer like fullt til det me kann kalla ein språkleg nasjon.

Det vart eit umfattande ordskifte etter fyredraget til Brunstad. Det er ikkje råd å gjeva att alle dei tankane som kom til uttrykk,men nokre viktuge emne som kom fram kann me

peika på. Nynorsk for innvandrarar vart diskutera,tilhøvet millom dei unormaliserte dialektane og målformene norskdansk og norsk vart dryft. Tilhøvet millom Halvdan Kohts målsyn ogmålsynet til Gustav Indrebø kom upp. Andre spursmålstellingar som kom upp var: Kva vil me med nynorsken ? kva verde hev nasjonen ? Kvifor skal folk skriva nynorsk ? Kva uppfatninghev folk hev språket ? Korleis kann nynorsken tena folket ? Korleis skal me sjå på ymse konfliktar der etnisitet og nasjonalisme vert trekte fram som orsaker til krig ogfiendskap millom samfundsgruppor ? Dessutan stelte Brunstad spursmål ved um det finst ein nasjon.

Ein del av ordskiftet vart knytt til at målrørsla vert skulda for å vera for akademisk. På den eine sida er det 16 000 studentar som målrørsla bør freista å påverka til å få eit betre tilhøve til nynorsk. På den andre sida er det viktugt å tryggja rekrutteringi av aktive målfolk kringum på skulane i Hordaland. Dersom det skal verta røynleg framgang yver arbeidet treng Studentmållaget i Bergen fleire aktive medlemer,og laget må skaffa meiningsfulle arbeidsuppgåvor til kvar einskilt. Det vert eit mødesamt arbeid å byggja upp samskipnaden og markera seg i aktuelle saker i studentmiljøet,men ordskiftet denne kvelden var upplyftande. Det var fleire handfaste freistnader på å konkretisera tilhøvet millom målarbeid og målideologi. Ei sentral uppgåva her vert å få materialisera den positive målpolitiske vinden som blæs yver landet.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag