YMIST

Berre eitt folkemål

Umgrepet folkemål hev vore eit umgrep som hev vore sterkt umdiskutera i etterkrigstidi.Fyrr krigen vart vel folkemål stort sett rekna som nokolunde synonnymt med nynorsken hjå svært mange.Me skal ikkje gjeva oss inn på nokon gjenomgang av alle dei uttolkingane som er gjeve av umgrepet.Me skal heller freista å kasta ljos yver kvifor folkemålsumgrepet hev vorte so tilfloka.

I dei aller fleste delane av landet vårt finst ulike sosiolektar innanfor ein og same dialekt.Mange um ikkje dei fleste bygdemål hev rett nok ikkje ulike sosiolektiske dialektavbrigde,men dei ligg likevel ofta under for eit press frå nærmaste tettstadmål.Det språklege presset som by- og tettstadmåli legg på bygdemåli mange stader kann vera lika umfattande som den breide sosiolekten i byane vert utsett for frå den normera sosiolekten.

Målbrytingi millom ymse geolektar og sosiolektar gjer folkemålet til eit samansett og innfløkt umgrep.Det som vert rekna for folkemål skal like fullt helst vera slikt som vik av frå det norskdanske talemålet.Det norskdanske daningsidealet slik det vert sett upp av leidande personar i den nynorske ålmenta,vert rekna som ufolkelegt.Alle avvik frå det daningsidealet som er former frå det breide talemålet i kongeriket er soleis folkemålsformer.Dersom ein nordlending,ein trøndar eller ein bergensar som snakka dana talemål i ein formell samanheng skulde koma til å nytta folkemålsord som no eller då eller liknande reint i vanvare,vil det altso vera eit folkemålsinnslag,for slike former er ikkje i samsvar med det idealet som er sett upp.

I prinippet vil alle innslag frå folkemålet vera jamlike.Men norskmålsnormeringi som skal representera det norske folkemålet vil i praksis vera ein slags upphøgd dialekt som gjer språkstoff i målkrinsane til underordna sosiolektar.Former som ikkje er tillatne i lærebøkene og som elevane hev i talemålet sitt,vil verta brennmerkte og få lågare status i formelle tilknytingar.Formsamansetjingar som me,hjå,so,millo(m) eller gjeng,fær,stend,he(v).I ein del samanhengar pressar verbformer som tar og tatt,gir og gitt på,slik at tek og teke,gjev og gjeve i dialektane vert til tar,tatt og gir,gitt i utetterretta tilknytingar.

Nynorsken hev ikkje noko klårt og eintydig daningsideal,difor vert former som kann stå sterkt i talemål på den einskilde staden trengde undan av den skriftlege normeringi.I norskdansken er det umvendt her hev den landsumfattande talemålnormeringi teke vare på dei klassiske formene.Når ei form i det norskdanske målet hev kome ut or bruk er det ofta fordi målbrukarane hev slutta å bruka henne,ikkje fordi læreboknormalen hev endra seg. Dersom ein person med nynorsk hovudmål snakkar eit talemål der han nyttar former som me,hjå,so og millo(m) og skal tala det norskdanske talemålet,vil han kunna koma til å nytta dei nemnde formene i vanvare.Bråyvergangen frå ei måluppfatning og eit talemål til ei ny måluppfatning og eit nytt talemål,vil verka kunstig.Det minner um eit medlem av det norskdanske målhopehavet som skal freista å snakka eit bygdemål eller som skal freista å taka upp folkelege former.Det gjeng so lenge ein tek eit steg av gongen og so lenge ein tek umsyn til dei estetiske motsetnadene som finst millom folkelegt og normalisera talemål.

Bokstarett uttale eller manglande evna til å manipulera fonetiske detaljar som rulle, tungespiss eller skarre r,kann derimot gjera at heile etterlikningi vert patetisk,og den som skal snakka framandmålet fell attende til formene i heimemålet.Dei mest avstikkande formene fell ein fyrst attende til.J.m.f knotestrilen som nyttar rulle r og segjer "at jeg er ein stril" Bygdefolk som er uppvaksne med det norskrøtte målet og som seinare vert heilt eller delvis underlagt den norskdanske måluppfatningi,vil koma i ein strid.Dei formene som dei er vande med frå bygdemålet og nynorsken,kann samla seg i ei eller fleire gruppor.Ei slik gruppa kann vera samansett av former som me,hjå,so og millom.Bygdefolk som bur lenge i byen vil slipa ned bruken av bygdemålsformene,slik at dei vil byrja å segja vi,hos,så og mellom i sume tilfelle.Det vil verta ein sosial variasjon millom ulike former.Men bygdemålsformene vil sjeldan eller aldri gå heilt ut av bruk.

Riksmålet hev eit innarbeidd talemålsideal for dei som vil bruka det.Riksmålet hev eit formverk som fær verta nytta fylgjerett i skriftmålet rett og slett fordi mange nordmenn ser på den norskdanske måluppfatningi som det einaste uttrykket for dei samfunnsvorne livsovringane som eit nasjonsspråk skal dekkja,og fordi dei målpolitiske styremaktene hev gjeve løyve til at riksmålsformene skal kunna nyttast.Det nynorske daningsidealet fær ikkje ovra seg lika fritt av di dei måltyningane som er knytte til samnorskpolitikken,hev gjort fleire levande målføreformer som var og er knytt til eit nynorsk talemålsideal ulovlege.

Kann me atterreisa eit nynorskt måldaningsideal og få talsmenn for eit nynorskt talemål til å praktisera eit høgnorskt talemål,kann me gjeva norskmålsformene ei framdrift.Di fleire norskmålsformer som vert ståande i målet til innflyttarane frå bygdene,di klårare vert den norske måluppfatningi til byfolket.Når bygdefolk knotar av naudsyn eller berre av jåleskap,er det fordi dei ikkje hev ei sterk nok evna til å hevja fram den norsklynde kulturen.Kor ofta er det ikkje slik at den og den frasen som ein hev høyrt på norskdansk i ein song,eit skodespel eller liknande vert so mektug at ein ikkje tør å nytta eit anna norskt ordlag istaden.Det skal kraft og utveljingsvilje til for å tileigna seg det norske måldaningsidealet gjenom kulturlivet.

Skal ein læra seg det nynorske målet fullt ut lyt ein fyrst lesa og velja ut alt det beste frå nynorsk skrifttradisjon.Deretter lyt ein lesa og eigna til seg alt det som ein hev lyst til å lesa anten det er på norskdansk eller nynorsk.Ein lyt gjera nett det same på målsida som riksmålsmennene hev gjort på si.Ein lyt vaksinera seg mot påverknad frå den andre målformi.Når samnorskvenene er so rause med riksmålssida at dei gjev ho rett til å bryta upp med samnorsken,fær dei finna seg i at målfolket •g byrjar å syna ulydnad andsynes styremaktene.Det er i alle fall ikkje målfolket som hev skuldi for at samnorskpolitikken ikkje vann fram.

Det er ingen grunn til at læreboknormalen skal fungera som eit løynd maktspråk som tyner dialektane i kjerneumrådi og elles,•g som skapar motsetnader millom dialektane der dei skulde stå samla.Det kann berre finnast eit folkemål,og det må vera ein generalnemnar for alle dialektar.So lenge høgnorsken vert bruka,vil denne målformi vera folkemålet.Dei fleste andre former for nynorsk vil berre ha element av folkemålet i seg.Dei vil liggja ein stad millom det høgnorske folkemålet og dialektane.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag