YMIST

Er målrørsla liv laga?

Eit spursmål som ofta gjeng att i målordskiftet er kvifor nordmenn skal vera betre tente med nynorsken enn med norskdansken.Riksmålsrørsla viser til at fleirtalet av alle nordmenn reknar norskdansken som det norske målet,og som det einaste naturlege riksmålet i Noreg.Det kann vera grunn til å spyrja seg um det er nokor vinning med nynorsken,eller um målfolket berre er atterlengtande og livsfjerne atterstødor av ei målpolitisk stridsøsing som for lengst hev lagt seg.Det er serleg den talte utgåva av nynorsk ein kann ha hug til å gjera seg tankar kring.Er talt nynorsk berre ein snål spøk som fåe tek ålvorleg,eller held talt nynorsk liv i det norske folkemålet ?

Det er ikkje uvanlegt å setja upp språket som ein bodskapsformidlar.Mange vil vera viljuge til å hevda at språket skal fremja samhandling millom menneske.So lenge me skynar kva me segjer til kvarandre,er det det viktugaste.Nynorsken hev mange vanskelege ord som ein ikkje skynar,og målet er ikkje høvelegt for deim som er tilvande med det vanlege norskdanske målet,heitest det i fordomane.Men eg vil meina at språket er noko meir enn ein bodskapsformidlar. Språket i litteraturen målber ei ordgleda og ei samla folkeeiga i målvegen.Folkemålet vert sjeldan betre påansa og varveitsla enn gjenom litteraturen.Mange forfattarar brukar fleire år på å leva seg inn i korleis språket vert nytta av vanlege folk.Dei tek upp det beste frå folkemålet og dei syner det fram for lesarane som eit språkleg fyredøme.Dei underkua formene i dei moderne bymåli kann ikkje krevja ein endefram rett fyre seg i det vanlege norskdanske målet.Det vil ikkje segja at byfolki ikkje skynar det norskdanske målet godt.Den norskdanske måluppfaningi fører og med seg at so å segja alle nordmenn vil vera i stand til å snakka det norskdanske målet,endå det er eit svært lite fåtal som vil vera viljugt til å snakka etter boki.

Det er det talte norskdanske målet som er utgangsstoda for at mange upplever skriftmålet som eit levande språk.Når ein skal lesa og setja seg inn i eit emneumråde eller i ei finlitterær bok,danar det seg krav og ventnader til korleis språket skal vera.Det er ikkje so reint sjeldsynt slik at ein vert uppfostra til å uppleva lesne tekster som noko som er knytt til rolleframføring.Skodespelarar på film og teater og skodespelarar som er upplesarar,er språklege rolleframførarar.Dei nyttar ofta språket i ei bokleg form.Dei lærer oss upp til å lesa litteratur utfrå eit daningsideal.Det daningsidealet som dei skaper for oss,er med å forma den måluppfatningi som styrer daglegspråket vårt.

I bymlåi vil det finnast ordformer som brytst utfrå millommennneskeleg ( sosial ) gruppetilhøyrsla,slik som jeg og ikke i bergensk høgprestisjemål i motsetnad til eg og ikkje i lågprestisjemål.Det finst og ordformer som ikkje brytst. Dvs. ordformer som ikkje er bundne til millommenneskeleg gruppetilhøyrsla,slik som -et form av sume linne verb i bergensk t.d. hoppet,stoppet m.m. Men dei som nyttar lågprestisjeformene vil aldri finna på å yverføra eg og ikkje til det norskdanske daningsidealet.Dei kann lesa dei formene,men ikkje bruka dei munnleg.Det fører til at lågprestisjeformbrukarar kjem i ei klemba når dei skal bera fram skriftlege fyredrag eller anna skriftlegt tilfang.Når dei les upp,framfører dei ei rolla,men når dei snakkar daglegmålet sitt,viser dei seg frå ei naturlegare sida.Det er ein estetisk strid som gjeng fyre seg hjå den einskilde målbrukaren.Han må avgjera kva for former han vil gjeva lov til å bera fram.Dei som les mykje,og hev ei personleg legning mot litteraturen,vil måta talemålet meir mot dei formene som høyrer høgprestisjemålet til enn dei som les lite.

Jamvel um dei skriftmålsnære formene vinn fram i stor mun,er det slik at det er skilnad på kva for nokre former som brytst og ikkje brytst i bymåli.I Bergen er mykje og nokke former som finst i stilregisteret til det breide bymålet,medan prestisjedialekten vil visa frå seg dei formene.I Oslomålet derimot vil både det breide bymålet og prestisjemålet berre ha ordformene mye og noe.I slike samanhengar vil høgprestisjemålet samla seg um dei same formene,medan lågstatusdialektane vil få ein estetisk motsetnad (j.m.f. nedanfor).Det som er godteke som eit avbrigde i stilregisteret i den eine dialektvarianten,vil ikkje alltid vera godteke i ein annan.For ein Oslomann vil det vera låttelegt å yverføra nokke og mykje til den breide Oslodialekten.I bergensk er nå og da ordformer som kuar folkemålet,og dei bergenske ordformene no og då stend i estetisk motsetnad (j.m.f. nedanfor) til Osloformene nå og da.

I bergensdialekten vil felleskjønnbøygning i substantiv og -et former i verb av kastaklassa vera like både i prestisjedialekten og det breide bymålet.I Oslomål vil derimot -et formi i gjerningsord og felleskjønnbøygning av namnord vera ei form som det er lettast å finna att i prestisjedialekten.Her vil det vera det eg vil kalla estetisk motsetnad (j.m.f.nedanfor) millom det breide bymålet i Oslo og det breide bymålet i Bergen,men dersom prestisjedialekten i Oslo vil vera viljug til å innføra a-endingar,vil dana bergensk og ha høve til å taka upp a-endingar.Soleis kann det i sume tilfelle henda at dana bergensk kann taka upp a-former,medan folkemålet i Bergen vil avvisa a-formene.Det er og tenkjelegt at bergenske prestisjeformer eller at brytingsformer i breidt bergensk kann takast upp av det dana talemålet i Oslo,medan det breide talemålet i Oslo vil visa frå seg dei same formene.Med estetisk motsetnad meiner eg "at dei formene som er avvikande frå det norskdanske daningsidealet i ein sosiolekt eller eingeolekt ikkje er godtakande i ein eller fleire andre sosiolektar ( gjeld ogso høgprestisjemål) eller geolektar".Utfrå høgnorsksynet vert målbrytingi kring um i landet nokso vilkårleg.

Ordformer som heil og veit vil finnast i det breide talemålet i Oslo,men ikkje i prestisjedialekten i Oslo eller Bergen,og ikkje i breid bergensdialekt.Utfrå det høgnorske daningsidealet er det like fullt klårt at slike talemålsformer høyrer heima i norsk folkemål.Heil og veit er ordformer som er brennmerkte,og dei som snakkar Oslomål vil freista å trengja dei attyver i stilregisteret,som styrer formbruken i ymse samanhengar.Dei vil kannhenda bruka slike former i talemålet,men dei vil verja seg frå å bruka deim i utetterretta tilknytingar.Det er når det ovrar seg slike estetiske opposisjonar der ein eller fleire dialektavbrigde vert meir eller mindre yversett at den norskdanske måluppfatningi kjem til kort.Då kuar ho folkemålet.Former som er og var skaper ein sterk estetisk motsetnad millom prestisjedialektar og breide bymål i Noreg.Dei breide bymåli utanfor Austlandet hev e og va.Det hjelper ikkje til at riksmålsrørsla vil hevda at det norskdanske målet er det målet som nordmenn flest uppfattar som det einaste rette.Riksmålsrørsla greider ikkje å få til nokor samordning millom dialektbrukarar i Noreg.Riksmålsrørsla greider ikkje å få store gruppor av den norske folkesetnaden til å snakka dana norskdansk.Dei norske formene skaper estetisk motsetnad millom dialektavbrigde i ymse geolektar og millom ymse stadeigne sosiolektar.Dei norske formene i bymåli er so sermerkte for bymåli at dei ikkje let seg normera heilt burt,ikkje ein gong i utetterrette tilknytingar.

Nynorsken og dei sokalla radikale norskdanske formene gjev uttrykk for ein løynd estetisk sans som ikkje finn opningar innanfor det norskdanske daningsidealet,slik som det vert bruka til vanleg.Dei einskilde breide bymåli vert ståande med former som er i estetisk motsetnad til kvarandre.Riksmålstilhengjarane vil truleg hevda at prestisjedialektane er grunnspråket og at dei breide bymåli berre er undergruppor av grunnspråket,difor er dei breide bymålsformene utan noko beinveges samband med nynorsken,og nynorsken bør haldast mest moglegt vekke frå viktuge normeringsinstansar i byane.Talt nynorsk er noko som dei som kjem frå landsbygdi og dei som hev lært nynorsk i skulen kann bruka.

Dialektane kann brukast i fleire og fleire utterrette tilknytingar i vår tid,men det er ei synkverving å tru at det vil verta mindre bruk av norskdansk talemålsnormering av den grunn.Dei breide bymåli hev eit stilregister som berre i fåe tilfelle vert utvida med former frå andre bymål.Endåtil i umstende der ein kann ettervisa kryssdialektalt utviklingssamsvar,vil det vera umfattande estetiske motsetnader millom dei ulike dialektane i andre umråde av formverket deira.Det er ei umfattande talemålsnormering i kringkastingi og i andre ålmenne talerøyr.Enno idag er det t.d. mange lærarar som kjenner seg pliktige til å snakka ein prestisjedialekt i sume undervisningssituasjonar.Det er det norskdanske talemålsidealet som hev høve til å taka upp i seg former frå andre talemål enn målføret på staden.Det norskdanske måldaningsidealet kann taka upp i seg kryssdialektale påverknader i langt sterkare grad enn det breide bymålet.

- Tonegangen i prestisjedialektane kann fylla stilregisteret i det norskdanske daningsidealet med former frå andre breide bymål.Men fyresetnaden for at ei kryssdialetal samansetjing kann verta fullt ut riksberande,er at det er høgnorsken som framfører normi.Det er høgnorsken som steller seg yver dei estetiske motsetnadene millom dei ulike bymåli,medan smånorsken og samnorsken tek stoda til dei estetiske motsetnadene og misbyter sume by- og bygdemål og steller former frå andre bymål upp som mynsterformer.Når ein fylgjer den tvangsprega samnorsklina fører dei estetiske motsetnadene til at det norskdanske daningsidealet vert vulgærisera,og målgodset i dei breide bymåli vinn ikkje fram for den norskdanske måluppfatningi hev råderetten yver flestalle nordmenns målbruk.Den romslege høgnorsken som høgnorskmennene samla seg um i 1938 eller i alle fall Indrebøminimumet (slik det m.a vert presentera gjenom kryptiske kodar i "Nynorskordboka" ) gjev høve til å reisa eit talemålsideal som dei einskilde bymåli må kunnaverta positivt påverka av,men det er upp til dei einskilde bymennene sjølve å avgjera korvidt dei vil lata seg påverka av høgnorsknormalen og korleis.

Vår uppgåva er å jamna ut dei estetiske motsetnadene millom dei breide bymåli.Gjenom normera talemålsbruk vil me reisa oss i strid mot den hevdvunne normi til det norskdanske målhopehavet.Skriftmålsdaningi meir enn noko anna held uppe talemålsidelet til det norskdanske talemålsidealet.Det er stridsmålet um å nå ut med det nynorske skriftmålet som er hovuduppgåva for alle målfolk.I den striden vil riksmålsrørsla vera ein vedvarande og beinhard motstandar.Alle krav andsynes store ålmenne samfunnsskipnader (sosiale system) vil ho freista å riva grunnen under,med di ho vil hevda ei målpolitisk likesæla.Det er då me må visa til og spela på lag med dei som snakkar det breide bymålet.Torer me å segja at byfolki knotar dansk,vil dei sjølvsagt verta rasande,og me vil verta møtt med ei likesæl avdøming m.a frå venene våre i Språkleg Samling : No hev målfolket flippa fullstendig ut,vil det heita seg.Men harmen vil breida seg.Det er nærmast ei slags mobbing å skulda gode landsmenn og gode nordmenn for å knota dansk,men dersom me held fast på at dei skal snakka dana,so er det inkje anna dei gjer.Sjølv finn eg meg ikkje til rette med å knota dansk som mitt personlege talemål.Men lat oss ikkje gløyma at det er mange medlemer av det norskdanske målhopehavet som er usamde med meg,og lat oss heller ikkje gløyma at me hev tvo målformer og at det viktugaste er ikkje at målrørsla vinn full siger,men at ho fremjar kulturen og det nasjonale samhaldet der ho arbeider seg mødesamt fram i det daglege kvardagsslitet. Men utan målet um nynorsk til einaste riksmål,vert det meiningslaust og ureideleg å strida for eit norsk riksmål.

Nei,kravet um talemålsnormera norsk er ingen snål spøk.Det er blodig ålvor.Det er dagnær målstrid.Og språket er ikkje berre ein bodskapsformidlar.Det er ein kulturfaktor som ikkje kann underkjennast eller verdsetjast for høgt.

Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag