YMIST

Samling i målrørsla

Då Ivar Aasen-Sambandet vart skipa i 1965 var det etter lang tids misnøgje med einsrettingi i målrørsla. Det var uråd å få levelege kår for høgnorsken,og 1950-talet var eit tiår då mange nynorskforfattarar vart pressa yver til bokmålet p.g.a. at nynorskforlagi hadde magre vilkår.

Etter at høgnorsktilhengjarane braut ut av Noregs Mållag i 1970-71 og prøvde å greida seg på eigi hand hev det vorte meir og meir klårt at høgnorsken og reisingi av det norske målet må leggjast til ei sergrein av målrørsla. Høgnorsken kann ikkje kjempast og stridast fram. Dei som ikkje hev vunne ein serelsk til dette målet kann ikkje forstå kvifor ein skal nytta høgnorsk i det heile teke. Høgnorsksynet må byggjast på kunnskap og lesnad og sist, men ikkje minst bruk.

Inneber det eg segjer no at høgnorskrørsla må isolera seg og berre putla med måldyrking ? Nei, langt derifrå. Mynsteret i høgnorsken syner eit anna ideal enn det ein finn i bokmålet. Det gjev kveik til å driva måldyrking. Det tilbyd avløysarord til dei vanlege bokmålsordi,og det syner oss at det nyttar å dyrka fram eit sernorsk alternativ til bokmålet. Men um det skal gjeva meining med eit slikt alternativ må ein reflektera yver korleis ein skal vinna fram med nynorsken ålment sett. Difor er Ivar Aasen-Sambandet like interessert som resten av målrørsla i å strida for at nynorsken skal vinna fram på alle samfundsumråde og at folk skal velja og taka i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag og Ivar Aasen-Sambandet driv eit vekselbruk. Utan eit levande og brukande høgnorskt mål stend nynorsken i fåre for å verta ribba for sermerke av bokmåliseringi,men utan den bokmåliserte nynorsken kann ikkje høgnorskrørsla halda det gåande.

Etter mi uppfatning er høgnorskrørsla eit tillegg til den offisielle målrørsla. Styrkjen i høgnorskrørsla heng saman med kor mange som meiner at det er verd å stydja upp um høgnorsken. Når vanlege målfolk i Noregs Mållag ser at det trengst ei sterk høgnorskrørsla, kann dei når som helst gå inn i denne rørsla og vera med på å gjeva livskraft til Ivar Aasen- Sambandet. Ein treng ikkje å gjeva upp av di ein ikkje vinn fram med dei prinsipielle standpunkti ein hev innanfor Noregs Mållag. Ein kann freista å vinna fram med dei same grunngjevne vyane i Ivar Aasen- Sambandet. Ivar Aasen- Sambandet er eit ekstra forum for dei som vil driva målreising på fleire plan. Aasen- Sambandet vil vel alltid vera meir ekstrem i rettskrivingspolitikken enn Noregs Mållag Det er ekstremt å halda fast på 1917-normalen,men for oss som nyttar språket til dagleg fell målet aldeles naturleg. Difor vil det,etter mitt syn,vera råd å arbeida for at mållaget tek upp i seg dei tendensane som kann føra målrørsla frametter mot å gjeva nynorsken status som eit ålment bruksmål og som eit levande altenativ til det danske målet i Noreg.

Nynorsken må verta eit levande alternativ. Eit alternativ som gjeng mot bokmålsidealet. Når nynorsken vert frigjort frå å vera berre eit skriftleg uttrykk for bygdedialektane,vil nynorsken og verta eit alternativ for andre enn dei som nyttar bygdedialektane. Då gjev det meining å strida for nynorsken i byumværi.

Nynorsken må verta det naturlege uttrykket for alle eller flest mogleg av dei som bur i Noreg anten dei likar det eller ikkje. Det ålmenne kravet frå bygdefolk som hev flutt til byane hev til no vore at det skulde tolast at dei snakka den stadeigne dialekten sin i byumværi. Fyrr dette kravet vart innfridd var det vanleg at bygdefolk som flutte til byen la seg etter å snakka bymål eller bokmål. Dette vart uppfatta som knot. Bygdefolk hev dessutan vilja fremja bydialektane. Alle skal kunna nytta dialekten sin,heiter det gjerne.

Kva meiner eg med eit levande alternativ ? Eg meiner at byfolk skal uppfatta det som knot å skriva bokmål. Dette er den mest systematiserte formi for normering som finst,om ein ser burt frå rein talemålsnormering. Når byfolk skriv, godtek dei bokmålet som ideal. Det påverkar talemålet deira. Det er knapt anna enn tilvising til og undergjevnad under skriftmålet som fær moderne byungdom t.d. til å taka det norskdanske ordet hvilken i munnen. Skriftmålet er styrd av tvang. Skuleelevane kann ikkje velja kva som er rett språk. Prinsipielt sett vil eg hevda at det er like mykje tvang attum å læra å skriva etter ein fastsett normal som å læra å snakka etter ein fastsett normal. Men eg er open for at innvendingar frå dei som er usamde med meg i dette.

Når bygdefolk skriv bokmål skjer mykje det same som med byfolki. Og når bygdefolk og byfolk les bokmål fær dei tilfang til den normaliseringi som ber til når dei skriv. Når ein snakkar er ein ikkje so bunden, då stend ein friare. Då nyttar ein meir dialekt. Ein tenkjer ikkje på at bokmålsidealet påverkar talemålet. Men det skjer og det er med på å gjeva oss meir bokmål,og det tener ikkje målrørsla. Det er fyrst når ein støyter på folk som nyttar nynorske ord og nynorske former at ein stussar. På same måten som ein stussar når ein høyrer svensk eller dansk.

Målrørsla hev havt det me å stella krav og å skapa strid både innetter og utetter. Kanskje er det på tide at me heller tek til å dyrka fram ideal og å freista å få andre enn oss sjølve til å slutta upp um ideali våre. Mange vil tverkna seg til av at me skal freista å vinna fram med ideali våre. Nynorsk er so fint i dikt, hev bokmålsfolk sagt, og målfolki uppfattar det som at nynorsken berre skal vera eit diktspråk. Du snakkar so fint segjer sume byfolk til dei som nyttar bygdedialekt. Dette vert og uppfatta som hån. Eg trur mange vil kunna gå inn på den tanken at nynorsk er fint,kanskje til og med finare enn bokmålet.

Dei som meiner at me skal arbeida for alle dei norskrøtte dragi i dialektane hev havt stor tilslutnad. Men ein kann ikkje vinna fram med den ålmenne krafti som ligg i at alle byfolk og bygdefolk skal kunna nytta dialekten sin. Det er ikkje nok. Ein må vinna fram med idealet um at alle byfolk skal kunna nytta nynorsk. Norsk må nyttast av organiserte målfolk i skrift og i tale. Di meir vane me målfolk vert til å nytta norsken oss imillom,di meir motstandsføre vert me mot press frå norskdansken. Når dei norske ordi vert spreidde til andre enn organiserte målfolk,og vinn fram hjå bygdefolk som nyttar nynorsk og andre som hev eit godt dialektgrunnlag til å taka upp i seg nynorsk ordfang eller folk som tek upp nynorsk ord avdi dei er serskild målmedvitne,fær me kraft attum å reisa det norske målet i landet.

Men det er ikkje nok at me alle saman i målrørsla legg vekt på målrøkt. Me må arbeida med å reisa vyrdnaden for målet vårt. Når aviseigarar pressa redaktørar og derigjenom bladmenn til å nytta norskdansken må me byggja upp so sterk kraft attum ideali våre at det vert uppfatta som uheiderleg ferd å nekta nynorsken tilværerett på noko umråde av samfundslivet.

Dessutan må me få verksemder i nynorskumråde til å leggja press på dei norskdanske institusjonane i byane. Når verksemdene i nynorskumråde ikkje torer å nytta nynorsk må me få dei til å kjøpa seg inn avisor og forlag og pressa på med sine eignarluter for at nynorsken skal koma inn i desse institusjonane. Når eigedomsretten ser ut til å gjeva ein heilag ukrenkjeleg rett til å halda nynorsken ute,må me fremja meir nynorsk eigarskap. Det er ikkje visst at me vinn nokon storsiger med dette,men alt tek til i det små. At det er vilje til å nytta nynorsk i næringslivet hev me etterkvart fleire vitnemål um. Men ofte vert nynorsken slegen attende utan at me kann anna enn tenkja oss til kvifor. Det seinste dømet på dette er at ein reklame for kyllingburger som fyrst vart send med nynorsk tekst seinare skifte tekst til norskdansk.

Med ein gong norsken vert synleg møter me reaksjonar. Folk ligg under for det norskdanske talemålsidealet. Dei hev vorte upplærde til å tru at norskdansken er den einaste naturlege måten å normera den indre røysti si på når ein skal skriva. Dei finn ikkje si eigi indre røyst att når dei møter nynorsken. I staden møter dei utsnitt frå talemålet sitt,og det hev ingen normerande kraft yver dei. Når norsken likevel pretenderar å utfordra den indre røysti til byfolki vert sume i egsa,medan andre vert nyfikne eller bryr seg ikkje med. Det er dei tvo sistnemnde kategoriane me som er målmenn må freista å fanga inn.

Avslutningsvis vil eg uppsumera. Ivar Aasen-Sambandet trengst som eit måldyrkingsorgan. Ei sergrein av målrørsla der ein kann samla seg um måldyrking og i å reisa fram norsk ordtilfang gjenom bøker og artiklar. Aasen-Sambandet vert so sterkt og gjenomslagskraftigt som folk i den offisielle målrørsla vil at Sambandet skal vera.

Målet for meg er at målmenn i større grad enn no skal stå fram som nynorskbrukarar,og ikkje berre som bygdefolk. Vegen å gå for å nå dette målet er å nytta meir nynorsk normaltale..
Målrørsla hev vore ei stridsrørsla. Kanskje er det no på tide at målrørsla samlar seg um å vinna fram med ideali sine. Det vert gjort mykje godt arbeid med å byggja upp vyrdnaden um den nynorske litteraturen. Me hev Olav H. Hauge-tilstellingar, Skjervheim-seminar, Aasen-år og mangt slikt. Men enno stend me langt tilbake for alt det som trengst for å fremja nynorsk skriftkultur og å spreida tanken um nynorsken som eit levande alternativ.

Ikkje minst viktig er det å vinna fram i organ som nyttar skriftmålet. Næringslivet og i serleg grad avisor og forlag må uppdaga at nynorsken er so aktuell og hev so stor uppslutnad i folket at det løner seg å satsa på å setja nynorske artiklar og bøker ut på marknaden.

Min sluttappell til kvar einskild er : Nytt nynorsk skriftleg og munnleg so mykje du tykkjer du klarar på ein naturleg måte.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag